Faktaboks

Alice Meynell
Uttale
mˈenəl
Fødd
11. oktober 1847, London, England
Død
27. november 1922, London, England
Alice Meynell
Av .

Alice Meynell var ein engelsk forfattar, redaktør og forkjempar for stemmerett for kvinner.

Ho var særleg popular som diktar, og var ei av få kvinner som har vore nemnt som kandidat til Poet Laureate-tittelen. På 1800-tallet var det berre Elizabeth Barrett Browning i tillegg til Meynell som vart sett på som aktuelle.

Bakgrunn

Alice Meynell (fødd Thompson) hadde delar av oppveksten i Italia, og flytta elles mellom ulike land med foreldra. Som vaksen gifta ho seg med Wilfrid Meynell og fekk åtte barn. To av dei, Viola og Francis, blei seinare sjølv forfattarar.

Poet

Illustrasjon frå Preludes (1875)
Av .

Meynell var kjent for å skrive vakre og populære dikt. Ho fekk støtte mellom andre frå Alfred Tennysons og John Ruskin då ho skreiv den første diktsamlinga, Preludes (1875). Boka var illustrert av søstera, kunstnaren Elizabeth Butler. Seinare kom fleire samlingar, og etter hennar død kom det utgåver med samla dikt (1940). Den modne diktaren var ofte opptatt av feministiske tema og antikrigstankar.

Alice Meynell var også ein fin essayist og litteraturkritiker, og ho skreiv mykje mellom anna i deira eige blad Merry England, og i mange andre tidsskrift. Ho skreiv også biografiar over William Hunt og John Ruskin.

Katolsk feminist

Då ho var ung, konverterte Alice og resten av familien til katolisismen, og den seinare ektemannen var også katolikk. Meynell kjempa for kvinnene sine rettar i Women Writers Suffrage League, og også gjennom katolske organisasjonar som Catholic Women's Suffrage Society. Ho skreiv i The Catholic Suffragist at ein katolikk har berre meir grunn enn andre til å vere 'suffragist' og at ulikskapen mellom kjønna var umoralsk (1915). Når ho møtte motbør frå kritiske menn (prestar) som frykta at kvinneleg stemmerett ville føre til revolusjon, så svarte ho skarpt at 'til større revolusjon til betre'. Ho meinte at første verdskrigen var eit eksempel på konsekvensen av mannleg einestyre.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Armstrong, Isobel, 'A Note on Law and Lawlessness: Coventry Patmore and Two Women Poets – Eliza Keary and Alice Meynell', Victorian Poetry, Vol. 57 (2), 163-175, 2019.
  • Badeni, June, The Slender Tree: The Life of Alice Meynell, Padstow: Tabb House, 1981.
  • Bunting, Kirsty, 'Authorship Prevails in Nurseries: Alice Meynell as Mother, Mentor and Muse', Women's Writing, Vol. 26 (2), 229-244, 2019.
  • Fraser, Hilary, 'Sister Arts: The Life of Colour and the Colour of Life in the Work of Alice Meynell and Elizabeth Butler', Word & Image, Routledge, Vol. 36 (1), 48-63, 2020.
  • Meynell, Viola, Alice Meynell: A Memoir, London, 1929.
  • Wise, Julie, 'Alice Meynell's Doubled Voices', English Literature in Transition, Vol. 61 (3), 291-309, 2018.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg