Ali Smith

Faktaboks

Ali Smith
uttale:
smiþ
født:
1962

Ali Smith er ein skotsk forfattar og dramatikar. Ho er av dei mest betydelege forfattarane i Storbritannias samtidslitteratur. I fiksjonen ho skriv undersøkjer ho dei menneskelege konsekvensane av, og varierande respons på, eit Storbritannia i rask endring. Gjennom den originale forteljemåten sin stiller Smith etiske spørsmål som ho knyter til vennskap og håp.

Biografisk bakgrunn

Ali Smith er fødd i Iverness i Skottland i 1962. Foreldra tilhøyrde arbeidarklassen. Etter skulegang i Inverness studerte Smith engelsk språk og litteratur ved University of Aberdeen og ved University of Cambridge. Ho flytte tilbake til Skottland i 1990 for å undervise i litteratur ved University of Strathclyde, men slutta på grunn av sjukdom to år seinare. Ho er no fulltids forfattar og bur i Cambridge.

Tidleg forfattarskap

Smith debuterte i 1995 med novellesamlinga Free Love and Other Stories, og to år seinare kom romanen Like. Begge bøkene blei godt mottatt, og Smith fekk raskt mange lesarar. Handlinga i romanen Hotell Verden (2001), som vann ei rekke litterære prisar, utspelar seg gjennom éi natt. Forteljinga presenterer opplevingane til fem ulike personar; den eine av dei er spøkelset til ei tenestejente som er drepen i ei bisarr ulykke. Eit slikt fiktivt grep er karakteristisk for fiksjonen Smith skriv.

Smith viste tidleg talent for å skrive i ulike sjangrar. Alt som student i Cambridge skreiv ho fleire skodespel som blei framførte på Edinburgh Fringe Festival. I tillegg til romanar og noveller har ho også lenge vore bidragsytar til aviser og tidsskrift som The Scotsman, The Guardian, New Statesman og Times Literary Supplement.

Begge deler

Eit hovudverk i Smiths romankunst før kvartetten om årstidene (sjå under) er Begge deler frå 2014 (originaltittel How to be both, norsk utgåve 2017). Som tittelen signaliserer blir forteljinga formidla frå to perspektiv: på den eine sida det til George, ei jente på 16 år som bur i vår tids Cambridge; på den andre sida det til Francesco del Cossa, ein italiensk renessansekunstnar som har laga ein serie freskomaleri i Palazzo Schifanoia i Ferrara, Italia. To versjonar av romanen blei publiserte samtidig – ein versjon der Georges forteljing kjem først, den andre der forteljinga til Francesco kjem først. Lesaren kan velje kva for ei av forteljingane han eller ho vil lese først, men uansett rekkefølgje vil den eine forteljinga påverke korleis vi les og tolkar den andre.

I sorgarbeidet etter moras død blir George fascinert, som også mor hennar var, av den gåtefulle malaren Francesco del Cossa. George reiser ofte frå Cambridge til London for å sjå Cossas protrett av St. Vincent Ferrer. Frå sitt renessanseperspektiv og i si forteljing opplever Francesco at han er framfor portrettet sitt av St. Vincent Ferrer medan det same portrettet blir studert av ein person som ser ut til å vere ein gut, men som kanskje er George. Samtidig som Smith etablerer ulike perspektiv, kombinerer ho perspektiva og integrerer dei i kvarandre. Gjennom samankoplinga av ulike tidsplan og to forskjellige personar utforskar ho spørsmål om kjønn og identitet.

Kvartett om årstidene

Oktober forlag.

2016–2020 publiserte Smith ei rekke bøker med titlar etter årstidene, først Høst og til slutt Sommer. Med desse fire romanane har ho styrka posisjonen sin som ein av dei mest sentrale forfattarane i britisk samtidslitteratur. Ho skriv nyansert om personar og motsetnader i eit britisk samfunn i rask endring – frå folkeavrøystinga om EU-medlemskap i 2016 til koronavirus-pandemien i 2020.

Kvartetten er inspirert av dei siste skodespela til Shakespeare, romansane The Tempest, Pericles, Cymbeline og The Winter’s Tale. Den har innslag av elegi og resignasjon, men også av vitalitet og eit framtidshåp som for Smith er relatert til, og presentert gjennom, kunsten og litteraturen som skapande kraft. Tydelegare enn i Begge deler presenterer Smith seg i denne romankvartetten som ein kronikør som gjennom dei fiktive personane ho skaper viser korleis britiske kvinner og menn opplever ei krevjande tid med Brexit og koronapandemi – to hendingar og prosessar som gjensidig forsterkar kvarande og gjer framtida meir usikker.

Men den forma for krønike eller historie som Smith interesserer seg for og utforskar, framstiller ikkje historia kronologisk. Romanane er ikkje realistiske i tradisjonell forstand, men dei har ein magisk realisme der sekvens og konsekvens er underordna personanes assosiasjonar, tankar, minne, fantasiar og håp. Som Clair Wills har formulert det, er Smith opptatt av den «den magiske transformasjonen som oppstår når no møter då».

I dette fiktive universet løfter Smith fram barna og dei gamle – dei som enno ikkje har opplevd så mykje og dei som har kort tid igjen å leve. Forteljemåten er kjenneteikna av ein original variant av fri indirekte diskurs, det vil seie ein kombinasjon av stemma til forteljaren og stemma til personen. Denne forteljemåten gir Smith stor fleksibilitet: Ho brukar fri indirekte diskurs både til å skape distansert ironi (særleg overfor personar som trur dei har kontroll) og empati (særleg med dei svake og utsette).

Påverknad og aktualitet

All den tid Smith framleis er aktiv som forfattar, er det for tidleg å fastslå kva påverknad ho vil få på britisk og europeisk litteratur. Men at den alt er betydeleg, synest sikkert. Smith gir gjennom vitaliteten og aktualiteten i fiksjonen ho skaper eit sterkt forsvar for litteraturens verdi som innsiktsskapande ressurs for dei som les den. I ei tid då TV og sosiale medier dominerer, skaper ho personar som i sine kvardagsfrustrasjonar framstår som ekte og representative i og med at vi (kanskje motvillig) kjenner oss igjen i dei.

Smith har vore finalist til Bookerprisen og Orangeprisen tre gonger, og ho blei tildelt Whitbreadprisen for romanen Levende bilder i 2005. Bøkene hennar er omsette til ei rekke språk.

Bøker

Prosa

  • Like (1997). Norsk omsetjing: Like. Omsett av Merete Alfsen. Oslo: Pax, 2007.
  • Hotel World (2001). Hotell Verden. Omsett av Merete Alfsen. Oslo: Pax, 2004.
  • The Accidental (2005). Norsk omsetjng: Levende bilder. Omsett av Merete Alfsen. Oslo: Pax, 2005.
  • Girl Meets Boy (2007)
  • There but for the (2011). Norsk omsetjing: På stedet mil. Omsett av Merete Alfsen. Oslo: Oktober, 2012.
  • How to be Both (2014). Norsk omsetjing: Begge deler. Omsett av Merete Alfsen. Oslo: Oktober, 2020.
  • Autumn (2016). Norsk omsetjing: Høst. Omsett av Merete Alfsen. Oslo: Oktober, 2018.
  • Winter (2017). Norsk omsetjing: Vinter. Omsett av Merete Alfsen. Oslo: Oktober, 2019.
  • Spring (2019). Norsk omsetjing: Vår. Omsett av Merete Alfsen. Oslo: Oktober, 2020.
  • Summer (2020)

Utvalde skodespel

  • Stalemate (1986)
  • Amazons (1990)
  • The Seer (2001)
  • Just (2005)

Novellesamlingar

  • Free Love and Other Stories (1995)
  • Other Stories and Other Stories (1999)
  • The Whole Story and Other Stories (2003). Norsk omsetjing: Hele historien og andre historier. Omsett av Merete Alfsen. Oslo: Pax, 2005.
  • The First Person and Other Stories (2008). Norsk omsetjing: Første person og andre historier. Omsett av Merete Alfsen. Oslo: Oktober, 2009.
  • Public Library and Other Stories (2015)

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Alexander, Michael. A History of English Literature. 3. utg. London: Palgrave, 2013.
  • Marcus, Laura og Peter Nicholls, red. The Cambridge History of Twentieth-Century English Literature. Cambridge: Cambridge University Press, 2012.
  • Wills, Clair. “Caricature Time”. Bokmelding av Ali Smith, Summer. London Review of Books 8.10.2020.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg