Faktaboks

Alfred Schütz

Alfred Schutz, Schütz i Austerrike

Uttale

alˈfred sjuˈts (sjyˈts)

Fødd
13. april 1899, Wien, Austerrike
Død
20. mai 1959, New York, USA
Alfred Schütz
Alfred Schütz
Av /𝒲.

Alfred Schütz var ein sosiolog som arbeidde med grunnlagsproblem i samfunnsvitskap og delvis i åndsvitskapane (humaniora). Teoriane hans vart utgangspunkt for fleire retningar innanfor den humanistiske og forståande sosiologien, som kunnskapssosiologien, etnometodologien og Grounded Theory.

Han vart utdanna jurist og økonom i Wien på 1920-talet, men flykta frå Nazi-Tyskland til New York i 1938. I New York arbeidde han først i bank, så ved New School for Sosial Research. Han kombinerte europeisk og kontinental sosialfilosofi og sosiologi med amerikansk sosialpsykologi (som hos James, Mead, Dewey og Thomas) og arbeidde med avklaring av konkrete samfunnsproblem. Han skreiv også om musikkteori, litteraturteori og økonomiteori.

Verda er meiningsfullt oppbygd

Særleg var han oppteken av kva plass oppfatningar, tyding eller meining og kvardagskunnskapen og kvardagslogikk (common sense) har i samfunnsprosessen, det vil seie den kunnskapen som vi ofte ikkje veit at vi har. Utgangspunktet hans var sosiologien til Max Weber, men han meinte at Webers tilnærming trong ei teoretisk tuft som sa noko om korleis samfunnet er bygd opp ved og av meining eller tyding. I den første boka si (Der sinnhafte Aufbau der sozialen Welt, eller Den meiningsfulle oppbygginga av den sosiale verda, 1932) viser han korleis sosiologien kunne bruke Edmund Husserls fenomenologi og førestellinga om livsverda, det vil seie den naturleg opplevde innstillinga til verda, som grunnlag: eit fenomen har alltid ei eller anna tyding for nokon. Dette førte til eit samarbeid med Husserl mellom anna om utforskinga av intersubjektivitet og dei strukturane som er med i konstitusjonen av det sosiale livet.

Livsverda og kvardagsverda

I USA arbeidde Schütz i ein bank samstundes som han studerte den amerikanske sosiologien og pragmatismen. Han såg samanhengen mellom sine eigne teoriar og det såkalla thomas-teoremet, det vil seie det som blir oppfatta som verkeleg, vert verkeleg i konsekvensane sine.

Hovudverket hans vart det ufullførte Strukturen der Lebenswelt, eller Strukturane i livsverda (1983) som etter hans død var redigert og fullført av Thomas Luckmann. Denne boka er ein brei grunnlagsteori som viser skilnaden mellom åndsvitskap og naturvitskap. Her utviklar han sosiale handlingsteoriar og introduserer ei rad nyttige omgrep for sosiologisk analyse. Han utviklar ein original idé om at alle menneske opererer med eit system av relevansar som byggjer på tidlegare kategoriserte personlege erfaringar, kulturelt og sosialt. Grunnerfaringar hentar vi frå møta andlet-til-andlet i kvardagen. Schutz gjekk sterkt til rette med den strukturfunksjonalistiske sosiologien til Talcott Parsons, men berre i private brev til Parsons.

Dobbel-refleksjon

Schutz er kjend for prinsippet om forskarens konstruktar må byggje på konstruktane (medvitne og umedvite) hjå dei forskaren studerer. Det tyder at desse godtar at forskarane skjønar det slik dei gjer, men dei treng ikkje vere samde i dette. Forskaren tolkar tolkingar eller oppfatningar og reflekterer over refleksjonar, såkalla dobbel-hermeneutikk eller dobbelrefleksjon. Han viste korleis årsaksforklaringar i studiet av menneske og samfunn må skilje mellom for-å grunnar og fordi-årsaker, og lanserte ein universell teori om ulike sosiale regionar i tid og rom (forgjengarar, samtidige og etterkomarar, dei utanfor og innanfor rekkjevidde og liknande). Poenget er at vi tenkjer om, vurderer og handlar annleis med, avhengig av kva region og relevanssoner det er tale om.

Sosiologiske teoriar frå tida etter Den andre verdskrigen

Schütz fekk i 1954 stilling ved det såkalla eksilfakultet i New York, New School for Social Research, som professor i sosiologi. I denne tida var han òg rådgjevar for den amerikanske regjeringa om banksystemet i Tyskland og gjenoppbygginga av denne. Han arbeidde med teoriar om den framande (innvandring), den heimvende soldaten (å kome heim med nye erfaringar), kunnskapsdistribusjon (den velinformerte borgaren) og likestilling mellom grupper i samfunnet, og skreiv fleire essay om dette. Samla verk er publisert på engelsk og tysk. Fleire utgåver av essay er publiserte på ei rad språk, inkludert dansk og svensk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg