Faktaboks

Alfred Hauge
Fødd
17. oktober 1915, Sjernarøy, Rogaland
Død
31. oktober 1986, Stavanger, Rogaland
Verke
Forfatter og journalist
Familie

Foreldre: Gårdbruker Kolbein Andersson Hauge (1889–1972) og Marianne Rasmusdotter Auglænd (1893–1967).

Gift 1940 med Kirsten Væhle (19.8.1918–22.10.1999), datter av snekkermester Klaus Væhle (1890–1976) og Inga Vinje (1891–1972).

Alfred Hauge

Foto 1975. Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Alfred Hauge
Av /NTB Scanpix ※.

Alfred Hauge var ein norsk forfatter og ein av dei sentrale forteljarane i etterkrigslitteraturen. Forfattarskapen hans krinsar om religiøse og eksistensielle spørsmål, og mest lesen er truleg utvandringstrilogien om Cleng Peerson. Dei fleste av bøkene hans er skrivne på nynorsk, men Cleng Peerson-trilogien og romanen Mysterium er på bokmål.

Bakgrunn

Alfred Hauge var fødd i tidlegare Sjernarøy kommune (no Stavanger) i Rogaland og døydde i Stavanger. Han var elev ved landsgymnasaBryne og Voss og tok examen artium i 1935. Han tok lærareksamen ved Oslo lærerskole i 1939. Hauge arbeidde i fleire år som lærar på Karmøy og i Stavern, før han i 1952–1953 var styrar for Ryfylke folkehøgskule. I 1945–1951 arbeidde han som litterær konsulent i Ansgar Forlag. Han var journalist i Vårt Land i 1951–1952 og frå 1953 til 1983 i Stavanger Aftenblad. Hauge var bror av Kolbjørn Hauge.

Forfattarskapen

Hauge debuterte i 1941 med romanen Septemberfrost, eit folkelivsbilete frå åra 1812–14 og skreiv seinare ei lang rekkje romanar, mellom anna Guds vandringsmann (1947), Året har ingen vår (1948), Vegen til det døde paradiset (1951), Kvinner på Galgebakken (1958). Dei fleste omhandlar religiøse problem. Han skreiv òg reiseboka Gå vest (1963), barnebøker og dikt. Hauge gav òg ut skodespelet Morten Kruse (1975) og ei samling skisser og brev, Fabelskip (1974). Flinta-Lars (1985) og Det gamle Jæren (1986) er interessante kulturhistoriske arbeid frå det gamle Jæren.

Gjennombrotet kom med Året har ingen vår (1948), første boka i trilogien om Lølandsfolket. Dei tre romanane om Cleng Peerson dannar ei gruppe for seg. Dei handlar om reisa hans til Amerika og «sluppefolket» sine opplevingar i det nye landet, med undertitlane Hundevakt (1961), Landkjenning (1964) og Ankerfeste (1965). For den siste fekk Hauge Litteraturkritikarprisen.

Etter utvandrarbøkene om Peerson gav Hauge ut Utstein Kloster-syklusen. I 1967 kom den eigenarta romanen Mysterium, og i 1968 Legenda om Svein og Maria, som utgjer første del av syklusen. Serien inneheld elles ei rekkje eksperimentelle bøker i mange sjangrar, inkludert «århundre-trilogien» Perlemorstrand (1974), Leviathan (1979) og Serafen (1985). Parallelt skreiv han dei sjølvbiografiske bøkene Barndom (1975), Ungdom (1977) og Manndom (posthumt, 1999).

Kulturkonflikt

Hauge voks opp innanfor for den kristne lekmannsrørsla, og i dei første bøkene hans, til dømes i Tuntreet blør (1942) og Storm over Siglarholmen (1945), er impulsane frå den kristelege oppbyggingslitteraturen tydelege. I heimemiljøet var det skepsis til kulturlivet, og i den tidlege forfattarskapen handlar det om å rydde rom for eit opnare kultursyn. Hauge hadde heilt frå starten ein krass realisme og ein motvilje mot å harmonisere bort lidinga.

I somme av romanane skriv han òg om korleis forteiing og hykleri kan utvikle seg når ein føyer seg etter konvensjonar ein ikkje trur på (Ingen kjenner dagen). Men Hauge ville òg forsvare landsdelen sin mot fordommar og klisjear om religiøs undertrykking, noko han formulerer i boktittelen Det lyse fastland (1965). Etter kvart formulerte han eit kulturope syn, kombinert med stor lojalitet mot eigen bakgrunn.

Formelle eksperiment

Bøkene til Hauge går igjennom ei sterk formell utvikling. Dei første bøkene er enkle, tradisjonelle forteljingar, med ein særleg krass realisme. Men alt Vegen til det døde paradiset (1951) viser at Hauge har behov for friare tyglar, og i denne boka tek han i bruk fabel- og legendestoff.

Tidleg i 1950-åra gjennomlevde han eit samanbrot, knytt til konflikt mellom skriving og arbeidsliv. Desse erfaringane vart ei kjelde til seinare bøker, og han hadde dermed behov for å bryte ut av den realistiske romanforma. Alt i Cleng Peerson-bøkene tek han inn nokre innslag der Cleng opplever indre visjonar. I Mysterium (1967), den første boka i Utstein Kloster-syklusen, er heile boka ei vandring gjennom hallusinatoriske bilete.

Dette fører han vidare i den eksperimentelle diktsamlinga Det evige sekund (1970), som vil fortelje om «det uvanlege» som har oppsøkt han. Boka er forma etter vekedagane, etter mønster frå barokken. I formidlinga av det visjonære stoffet fekk han òg bruk for ein revisjon av forteljarinstansen i romanane sine, og han var truleg den første i etterkrigslitteraturen som gjekk tilbake til ein synleg, kommenterande forteljar. I Perlemorstrand gjer han også lesaren til ein instans i teksten, omtalt som «medarbeidar». Dei tre bøkene i «århundre-trilogien» har sinnrike komposisjonar av tidsplan, forteljarar og språkformer og må karakteriserast som nyskapande i norsk prosadikting.

Primært forteljar

Hauge skreiv i mange sjangrar. Han var innom dramatikk, skreiv fleire diktbøker og gav også ut fleire samlingar med journalistiske tekstar. Han var likevel først og fremst forteljar, og han hadde alltid eit stoff han ville formidle. Det handla om oppvekst i Ryfylke i mellomkrigstida, kulturelle konfliktar for ein bondestudent, forfølginga av kvekarar og utvandringa til Amerika, eller reiser i sinnet. Det same prega reportasjebøkene hans. Nokre av bøkene hans nådde også langt ut. Cleng Peerson-bøkene vart selde i over 100 000 eksemplar.

Hauge var òg ein allsidig journalist, og Nistekorg for eit nytt hundreår (1995) er eit utval av artiklane hans. I Norsk Litterær Årbok 1966 skreiv Hauge Ein romanserie tek form. Om Cleng Peerson-trilogien og gav ut boka Cleng Peerson i 1983.

Bibliografi

Romanar

  • Septemberfrost, 1941
  • Tuntreet blør, 1942
  • Storm over Siglarholmen, 1945
  • Ropet, 1946
  • Året har ingen vår, 1948
  • Fossen og bålet, 1949
  • Vegen til det døde paradiset, 1951
  • Ingen kjenner dagen, 1955
  • Kvinner på Galgebakken, 1948
  • Cleng Peerson (trilogi: Hundevakt, 1961, Landkjenning, 1964, Ankerfeste, 1965)
  • Mysterium, 1967
  • Legenden om Svein og Maria, 1968
  • Århundre (trilogi: Perlemorstrand, 1974, Leviathan, 1979, Serafen, 1984)

Sjølvbiografiar

  • Barndom, 1975
  • Ungdom, 1977
  • Manndom, (posthumt) 1999

Diktsamlingar

  • Det evige sekund, 1979
  • Skyer i drift over vårgrønt land, 1946
  • Evangelium: Salmar og songar og åndelege viser, 1977
  • I Rinbrads land, 1983
  • Ei bøn for år 2000, 2000

Barnebøker

  • Stor kar, son til far, 1946
  • Knut og Anne reiser til Italia, 1950
  • Bekken og enga, 1958
  • Påskefjellet, 1961

Anna

  • Hans Nielsen Hauge. Guds vandringsmann, 1947
  • Det lyse fastland. Skisser og brev, 1965
  • Fotspor gjennom årstider, 1969
  • Landskap. Tekster, 1972
  • Fabelskip. Skisser og brev, 1974
  • Morten Kruse, skuespill, 1975
  • Plogmann og såmann – Gordon Johnsen, 1976
  • Vistemannen og andre med han, 1979
  • Tårn i havet og andre kåseri, 1981
  • Flinta-Lars. Det gamle Jæren i tradisjon og folkeminne, 1985
  • Gamle Jæren. Andre boka om tradisjon og folkeminne etter Lars A. Tjøtta, 1986
  • Nistekorg for eit nytt årtusen, red. av J. Aano, 1995
  • Helsing Alfred. Eit blikk på norsk kultur gjennom Alfred Hauge sine brev, red. av J. Aano, 2000

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Odd Kvaal Pedersen: Gråstein og lengsel. Oslo1985
  • Jan Inge Sørbø: Angen av bork og ein brennande einerbusk. Om Alfred Hauges forfattarskap. Oslo 2001
  • Jakob Aano (red.): Helsing Alfred. Eit blikk på norsk kultur gjennom Alfred Hauge sine brev, med ein bibliografi ved Aud Jorunn Aano. Oslo 2000
  • Vidare lesing
  • Aano, Jakob, red.: Helsing Alfred: eit blikk på norsk kultur gjennom Alfred Hauge sine brev, 2000 (Alfred Hauge-bibliografi: 363-76)
  • Andersen, Per Thomas: "Heterotopia i Ryfylke: fornyelse og tradisjon i Alfred Hauges romantrilogi Århundre". Norsk Litterær Årbok, 1996, side 101-120
  • Flatin, Kjetil A.: "Fra Septemberfrost til Leviathan: en studie i tematisk utvikling i Alfred Hauges romaner".
  • Nettum, Rolf Nyboe, red.: I diktningens brennpunkt, 1982, side 49-66
  • Golf, Olav: Alfred Hauge : ryfylkedikter og bygdemiljø, 2007
  • Hunsager, Kristin Aalen: "Alfred Hauges århundre-trilogi". Norsk Litterær Årbok, 1985, side 82-93
  • Jager, Benedikt og Prestegård, Øygunn Skodvin: Mellom sky og havsens grunne. Nylesninger i Alfred Hauges forfatterskap, 2016
  • Lindbekk, Ole Bjarne: "Kunst og kristendom: ein studie i Alfred Hauges forfattarskap". Norsk Litterær Årbok, 1972, side 109-124
  • Norsk biografisk leksikon, 2. utgave
  • Pedersen, Odd Kvaal: Gråstein og lengsel: peilinger i Alfred Hauges tema og litterære landskap, 1985
  • Pedersen, Odd Kvaal, red.: Alfred Hauges landskap, 1975
  • Rottem, Øystein: Norges litteraturhistorie, b. 6: Fra Brekke til Mehren, 1995
  • Sjåvik, Jan: "Alfred Hauges retorikk i Utstein Kloster-syklusen". NLÅ 1983 , 82-95
  • Sørbø, Jan Inge: Angen av bork og ein brennande einerbusk: om Alfred Hauges forfattarskap, 2001

Faktaboks

Alfred Hauge
Historisk befolkingsregister-ID
pc00000003652780

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg