Alfon er eit mannsnamn. Det er ein variant av Alfons som er eit mannsnamn av germansk opphav brukt i Spania i forma Alphonso. Forleddet har vore Hathu- med tydinga ‘kamp, strid’. Etterleddet -funs tyder ‘ivrig, fus’.

Alfon er opphavleg eit vestgotisk namn som kom til Spania med gotarane på 400-talet.

Namnet har fleire variantar: Alfon, Alfons.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var skipper Carl Alfon Jacobsen fødd 1860 i Alta (Finnmark), busett i Kristiansund i 1900.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 150 menn (fødde i Noreg) som hadde Alfon som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg