Alfa er eit kvinnenamn som kan vere kortform av kvinnenamn på Alf-, til dømes Alfhild, eller ei avleiing av mannsnamnet Alf.

I enkelte tilfelle kan Alfa ha vorte tatt i bruk som såkalla nummernamn, altså den fyrste i søskenflokken (bokstaven alfa som kjem fyrst i det greske alfabetet). Ein heilt spesiell kombinasjon er Alfa Jenny Omega. (Omega er siste bokstav i det greske alfabetet.) Kvinna med dette namnet var fødd i Nordland på slutten av 1800-talet.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var gardbrukarkone Alfa Augusta Johnsen fødd 1851 i Vadsø, busett i Hægebostad i 1900. Før ho gifta seg, hadde ho etternamnet Bergvik.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 140 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Alfa som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Alfa på 1800-talet.

Alfa var mest brukt i Finnmark. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Alpha.)

Geografisk variasjon i bruk av namnet Alfa på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Alfa var mest brukt i Finnmark. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Alpha.)

Historisk bruk av namnet Alfa
Historisk bruk av namnet Alfa
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg