Alf Saltveit

Faktaboks

Alf Saltveit
Født
14. juni 1946, Haugesund

Artikkelstart

Alf Saltveit er ein norsk forfattar, omsetjar og kulturskribent.

Han har lærarutdanning og -bakgrunn. Sidan debuten med lyrikksamlinga Gneistar i 1982 har han skrive ei lang rekkje bøker og artiklarnynorsk – diktsamlingar, tekstsamlingar, romanar og lokalhistorie. Mange av dei lokalhistoriske artiklane hans blei først publiserte i Haugesunds Avis og kom seinare i bokform. I fleire av romanane får heimbyen Haugesund gjennomgå. Typiske titlar er Byen 2000 (2000) og Drops for Haugesund (2004). Han har òg redigert fleire lokalhistoriske bøker.

Saltveit er best, men minst kjend, som ein framifrå gjendiktar. I Tonen som kom (1989) gjendikta han den nordirske poeten Seamus Heaney til norsk seks år før Heaney fekk nobelprisen i litteratur. Saltveit har òg gjendikta Michael Krüger, Paul Muldoon og Carlos Drummond de Andrade.

Utgivingar

  • Tidlause år (Lyrikk, Vormedal, 2016)
  • Drops for Haugesund (Lyrikk, Worum Forlag, 2004)
  • Hjelpeprest Henrik Hansens visjon (Eventyr, Dreyer, 2003)
  • Lykke til! (Biografiar og memoarar, Kveldsbleika, 2002)
  • Årbok (Lyrikk, Worum Forlag, 2001)
  • Byen 2000 (Kortprosa, Dreyer, 2000)
  • Vestvarsel og vistemann (Worums Forlag, 1999)
  • 3 presentasjonar (Essay, Worums Forlag, 1999)
  • Heimegrunn (Antologi, Worums Forlag, 1998)
  • Folkeliv og trollskap (Worums Forlag, 1997)
  • Dikt i utval (Lyrikk, Dreyer, 1996)
  • Songen om Skåre (Lyrikk, Dreyer, 1995)
  • Paul Muldon: Våpenkvile (Gjendikting, Solum, 1994)
  • Til Haugalandet (Lyrikk, Worum Forlag, 1993)
  • Carlos D. de Andrade: Tankar om ordet menneske (Gjendikting, Solum, 1992)
  • Ser du havet… (Worum Forlag, 1991)
  • Jordharmoniar (Lyrikk, Solum, 1990)
  • Seamus Heaney:Tonen som kom (Gjendikting, Solum, 1989)
  • Michael Kruger: Teikna talar eit anna språk (Gjendikting, Solum, 1988)
  • Kafeen (Dreyer, 1987)
  • Det finst alltid eit startnummer (Lyrikk, Samlaget, 1986)
  • Vandring (Lyrikk, Fonna forlag, 1983)
  • Gneistar (Lyrikk, Fonna forlag, 1982)

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg