Alf Kjetil Walgermo

Faktaboks

Alf Kjetil Walgermo
Født
30. desember 1977, Sjøholt i Ørskog, Møre og Romsdal
Av /Samlaget.

Artikkelstart

Alf Kjetil Walgermo er ein norsk forfattar, journalist og kritikar.

Bakgrunn

Alf Kjetil Walgermo er fødd på Sjøholt i Ørskog kommune (no Ålesund), Møre og Romsdal. Han har studert kristendom på Fjellhaug internasjonale høgskule i Oslo i 1996–1997 og matematikk og informatikk ved Universitetet i Oslo i 1998–1999. Vidare er han cand.mag. med journalistutdanning frå Høgskolen i Oslo (no Høgskolen i Oslo og Akershus) (1999–2001) og mellomfag i litteraturvitskap frå Universitetet i Oslo (2001–2003).

Walgermo har eit kristent verdigrunnlag, og som kritikar har han vore oppteken av både etiske og estetiske aspekt ved samtidslitteratur og film.

Forfattarskapen

Walgermo verkar i hovudsak som forfattar, i tillegg til å arbeide som journalist og musikar. I 2003 var Walgermo redaktør for antologien Eselhistorier. Bakspark fra verdenslitteraturen. Han debuterte skjønnlitterært i 2006 med ungdomsboka Mestermøter, der han gir stemme til hundre personar som møtte Jesus.

Barne- og ungdomslitteraturen

Den første barneboka hans kom i 2007 og heiter Keegan og sjiraffen. Ungdomsromanen Mitt bankande hjarte (2011) handlar om Amanda, ei forelska jente med hjartefeil. Walgermo hentar i denne boka hjartemetaforen attende til kroppen: Hjartet er på same tid ein metafor for kjærleik og eit fysisk, bankande organ. Romanen er seld til ei rekkje land. Walgermo tek føre seg tema som sorg, sjukdom og død i fleire av bøkene sine, blant anna i trilogien som består av Mor og far i himmelen, Mitt bankande hjarte og Kjære søster. I boka Du som er i himmelen (2009) skriv Walgermo om då han og kona mista eit barn dagar før fødselsterminen.

Sakprosa

Walgermo har òg skrive fleire sakprosabøker om Bibelen. I Røff guide til Bibelen (2017) trekkjer han fram dei viktigaste historiane og temaa, som skal gje bakgrunnsinfo og hjelp til tolking og lesing. I boka Bibelens kvinner. Historiene som forma verda (2020) viser Walgemo korleis kvinnene vert omtala i Bibelen og korleis dei har vorte tolka i ettertida utifrå bibelteksten. Walgermo har òg vore medredaktør saman med Jan Ove Ulstein for diktantologien Bibeldikt (2014).

Anna verksemd

Etter eit år som redaktør for ungdomsbladet Ungdom og Tiden og eit halvt år som forlagskonsulent i Lunde forlag blei Walgermo i 2003 fast tilsett som journalist i Vårt Land. Her har han jobba som kulturredaktør (2014–2018) og seinare vore journalist, kommentator, litteratur- og filmkritikar for same avis.

Walgermo var juryleiar for Brageprisen mellom 2009 og 2011. Han har sete i styret i Norsk kritikarlag (2008-2014) og vore fungerande leiar og nestleiar i foreininga i perioden 2012 til 2014.

Som artist har Walgermo gjeve ut musikk på både norsk og engelsk. Dei engelskspråklege tekstane har vore gjevne ut under bandnamnet Minor Yours. I 2014 gav Walgermo ut singelen «Kommune utan ku», ei humoristisk protestvise om nedbygginga av norsk landbruk. Visa er også eit stikk til dåverande landbruksminister Sylvi Listhaug, som gjekk på ungdomsskule og vidaregåande skule saman med Walgermo.

Utmerkingar

I 2012 fekk Walgermo både Statens kunstnarstipend og Bokhandelens barnebokstipend.

Utgivingar

  • Bibelens kvinner. Historiene som forma verda (Sakprosa, Samlaget, 2020)
  • Du som er i himmelen (Sakprosa, Samlaget, 2018)
  • Røff guide til Bibelen (Sakprosa, Samlaget, 2017)
  • Kjære søster (Ungdomsbok, Cappelen Damm, 2015)
  • Bibeldikt (Lyrikk, Verbum, 2014)
  • Mitt bankande hjarte (Ungdomsbok, Cappelen Damm, 2011)
  • Mor og far i himmelen (Barnebok, Cappelen Damm, 2009)
  • Keegan og sjiraffen (Barnebok, Damm, 2007)
  • Mestermøter (Kortprosa, Lunde Forlag, 2006)
  • Neseatlas (Humor, Eget forlag, 2006)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg