Alf Egil Holmelid

Faktaboks

Alf Egil Holmelid
Født
13. desember 1947, Fjaler, Vestland
Av /Stortinget.

Artikkelstart

Alf Egil Holmelid er ein norsk sivilingeniør og tidlegare forskingsdirektør ved Universitetet i Agder. Han var stortingsrepresentant i perioden 2009—2013, som den første stortingsrepresentanten for Sosialistisk Venstreparti frå Sørlandet nokon gong.

Bakgrunn

Alf Egil Holmelid er fødd i Fjaler i Sogn og Fjordane (no Vestland). Han gjekk på Firda Gymnas i 1964–1967 og studerte teknisk kybernetikk ved Noregs tekniske høgskole i Trondheim (no NTNU) i 1968–1973.

Karriere

Holmelid arbeidde ved SINTEF i 1972–1975, ved sentralinstituttet for industriell forsking i 1975–1976 og var forskar, seniorforskar og avdelingsleiar ved Elkem forskning i Kristiansand i 1976–1997. Holmlid var førsteamanuensis, instituttleiar og dekan ved fakultet for teknologi ved Høgskolen i Agder (no Universitetet i Agder) i 1997–2002 og forskingsdirektør same staden i 2002–2009. Etter endt stortingsperiode i 2013 gjekk han tilbake til stillinga som forskingsdirektør ved Universitetet i Agder.

Politisk karriere

Holmelid var varamedlem i Kristiansand bystyre for Sosialistisk Venstreparti (SV) i 1983–1987 og fast medlem i 1987–2003. Han har vore medlem i styret og leiar av Kristiansand SV i ei årrekkje, samt medlem av styret for Vest-Agder SV og medlem av SVs landsstyre i 1980-åra og i perioden 2003–2007. I 2009 blei han SVs første stortingsrepresentant frå Vest-Agderutjamningsmandat og arbeider for å synleggjere Sørlandet, særleg innanfor miljøteknologi. Han var medlem av næringskomiteenStortinget i 2009-2013.

Utgjevingar, verv og utmerkingar

Holmelid har publisert artiklar i Utfordringar i regionalt samarbeid (2009) og fleire andre fagbøker og forskingsrapportar. Han har vore medlem av ekspertgruppa for Norsk forening for automatisering (1999–2002), styret for Nettverksuniversitetet (1999–2002), Innovasjon Norge (2000–2002), Elinor (E-læring i Agder) (2002–2004), Teknologirådet (2007–2009) og styret for NODE (Olje- og gassnæringa på Sørlandet) (2007–2009). Alf Holmelid fekk tildelt Målblomen av mållagaAgder i 2012.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg