Faktaboks

Alexander Gauland
Fødd
20. februar 1941, Chemnitz
Alexander Gauland, 2019
Alexander Gauland, 2019
Av /𝒲.
Lisens: CC BY SA 3.0

Alexander Gauland, tysk, høgrepopulistisk politikar, jurist og forfattar. Han var nestleiar i partiet Alternative für Deutschland (AfD) frå 2017 til 2019, og medlem av Forbundsdagen frå valet i 2017.

Bakgrunn og utdanning

Gauland voks opp i ein borgarleg familie i Chemnitz i delstaten Sachsen, som etter delinga av Tyskland i 1949 blei ein del av Aust-Tyskland (DDR). I 1959 rømte han frå DDR og slo seg ned i Vest-Tyskland. I studietida vart han aktiv i ei kristen-konservativ studentforeining. I 1973 melde han seg inn i det konservative partiet CDU.

Han har doktorgrad i juss og er spesialist på folkerett. Gauland er også forfattar av fleire vitskaplege artiklar og ei rad bøker om historiske og politiske tema. Han har dessutan skrive regelmessig for fleire store tyske aviser.

Politikk

Alexander Gauland har arbeidd for CDU i delstatsregjeringa i Hessen og for CDU i forbundsdagen. I 2013 var han med på å grunnlegge det euro-kritiske Wahlalternative 2013, som seinare vart til AfD.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg