Faktaboks

Alasdair Gray

Alasdair James Gray

Uttale
grei
Fødd
28. desember 1934, Glasgow
Død
29. desember 2019, Glasgow
Alasdair Gray, 2009
Alasdair Gray, 2009
Av /Corbis via Getty Images.

Alasdair Gray var ein skotsk forfattar og biletkunstnar. Han er mest kjend for romanen Lanark – A Life in 4 Books. Romanen blei omsider gitt ut i 1981, etter fleire tiårs arbeid. Den norske omsetjinga Lanark – Et liv i fire bøker kom i 2003.

Lanark blir omtalt som Skottlands viktigaste roman i andre halvdel av 1900-talet. Han er delt i fire bøker, som skildrar dei to karakterane Lanark og Duncan Thaw i høvesvis Unthank (ein fiktiv by) og Glasgow. Alasdair Gray budde sjølv i Glasgow store delar av livet. Han illustrerte ofte bøkene sine sjølv og er kjend for ein særeigen bruk av typografi. Som biletkunstnar måla han mellom anna freskoar.

Gray skreiv også noveller, dikt og skodespel.

Utgivingar (utval)

  • Lanark – A Life in 4 Books (roman, 1981)
  • 1982, Janine (roman, 1984)
  • The Fall of Kelvin Walker (roman, 1985)
  • Old Negatives (dikt, 1989)
  • McGrotty and Ludmilla (roman, 1990)
  • Poor Things (roman, 1992), tildelt Whitbread-prisen
  • Ten Tales Tall & True (noveller, 1993)
  • The Ends of Our Tethers (noveller, 2003)

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg