Akershus fylke

Akershus

Av /Store norske leksikon ※.

Kartet viser målområde i Noreg. Dialektene i Akershus høyrer med til det midaustlandske dialektområdet. Midtaustlandsk er dialektene som ligg sør for opplandsmåla, nord for vikværsk og aust for midlandsmåla.

Akershus

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Dialektane i Akershus høyrer med til det midaustlandske dialektområdet. Midtaustlandsk er dialektene som ligg sør for opplandsmåla, nord for vikværsk og aust for midlandsmåla. Til Midtaustlandsk høyrer også ringeriksmålet og dialektene rundt indre Oslofjord.

Trekk som skil Akershus-målet frå opplandsk i nord, er at målet i Akershus manglar dativ og palatalisering av dentalane ll, nn, dd (typen ballj og mannj og reddj).

I Akershus finst det mykje brytning mellom eldre dialekter og yngre, bymålspåverka talemål. Det yngre målet gjer seg mest gjeldande der det er bymessig busetnad, men også utover bygdene. Det er det folkelege bymålet som slår igjennom. Dei gamle dialektsærmerka er haldne best ved lag oppe i bygdene.

Austnorsk jamvektsmål

Tradisjonelt mål i Akershus har dei austnorske språktrekka som følgjer jamvektsloven, for eksempel kløyvd infinitiv. Det heiter i det tradisjonelle målet å kaste, å bite, å skrive (overvektsord), men å lesa, å kåmma, å jøra, å væra, å sitta (jamvektsord).

Også i dei svake hokjønnsorda kjem jamvektsloven til syne. I Akershus-dialektene heiter det ei jente, ei vise, ei kiste (overvektsord), men som regel ei furu, ei viku, ei suLu (svale), ei hoso (hose, strømpe), ei viu (vidje), ei siLu (selje) og så bortetter (jamvektsord).

Dei svake hankjønnsorda er også kløyvde etter jamvektsloven. I heile Akershus er såleis dei svake hankjønnsorda fordelte på to grupper i det tradisjonelle målet. Det heiter her en bakke, en måne, en låve (overvektsord), men en hara, en hana, en påsa, en stega, en sæLa, en neva, en haga, en maga og så bortetter (jamvektsord).

Jamning i jamvektsord

Jamning er ein overgang ein finn i dei gamle jamvektsorda (sjå jamvektsloven). Jamninga skjer ved at vokalane i rot- og endestavinga påverkar kvarandre. Den vanlegaste jamningstypen i dei tradisjonelle bygdemåla i Akershus er former på å–å av opphavleg (norrønt) o–a. Dette finn ein i infinitivar som såvå, låvå, måkå (for sova, lov og måka, norrønt moka).

Også i dei svake hankjønnsorda av jamvektstypen finn ein jamning: påså, måså, båga, dråpå, bråtå (for pose, mose, boge, dråpe, bråte). Hankjønnsord av overvektstypen har e-ending: en låve, en bakke, en unge, en kjelke. I svake hokjønnsord har det tidlegare funnest nokre døme på jamning, som suLu for svale, og noko til y-u av eldre i-u: vyku (frå viku) for veke. I ei viss grad er slike former ennå å høyra.

Lydverk (fonologi)

Akershus

Store delar av Akershus fylke er jordbruksområde. Me ser Kirkebygda i Feiring i Eidsvoll kommune, nord i fylket, med Mjøsa. Bildet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgjeve 2005-2007.

Av /Store norske leksikon ※.

Vokalar

Dei gamle nordiske diftongane ei, au og øy er dels bevart som diftongar, dels forenkla i Akershus-målet. Vokalforenkling er vanleg framfor konsonantgruppe eller lang konsonant. Det heiter her øst og høst (framfor konsonantgruppe) og fett, snøtt og grett (framfor lang konsonant), men feit, snau og grei. Elles blir diftongane forenkla meir sporadisk, men fast framfor m: heme eller hime, drøm, strøm, glømme for heime, draum, straum og gløyme. I Akershus-målet finst det også eksempel på «nye» diftongar av gamle monoftongar (enkle vokalar). Det heiter her skau for skog, plau for plog og andre.

O til Ø

I Akershus-målet uttalar ein nokre gonger vokalen o som ø. Dette gjeld ord som trøll, høgge, ørm, hølle, delvis også føLk og gøLv (framfor tjukk l). Det er stort sett bare kort -o som blir til ø, men framfor tjukk l kan likevel vokalen vera lang: høL (hull), køL (kull). Overgang fra a til æ førekjem også, som i ordet skælle (skalle).

Konsonantar

Tjukk l og retrofleksar

Akershus-målet har det velkjende austnorske dialektmerket tjukk l i ord som soL, bLå, eLv. I tradisjonelt mål har ein også tjukk l i ord som i skrift har rd: boL og haL (bord og hard).

Retroflekse konsonantar er også gjennomført i Akershus i ord som svart, surt, færdig, fælt, hals. I desse orda smeltar r og l saman med den etterfølgjande konsonanten t, d, n eller s i same ordet. Resultatet blir det som ofte blir kalla «tjukke lydar», eksempel [svaʈ] (svart) og [fæɖi] (ferdig), gæ[ɳ] (galen). Retrofleksane blir uttalt ved at framtunga blir løfta opp og tungespissen bøygd bakover mot den harde ganen.

Hv/kv

Uttalen av ord som hvit, hvass/kvass og å hvine/kvine splittar de austnorske flatbygdmåla. I Akershus og på Ringerike heiter det i dei tradisjonelle måla vit, vass og å vine. Nord for Akershus og i det det meste av opplandsk, er uttalen kvit, kvass, å kvine.

I dialektene nord i Akershus, mellom anna på Romerike, blir konsonanten g uttalt som j etter r og tjukk l: kørj, æLj (elg) og hæLj (helg).

Formverk (morfologi)

Nedanfor følgjer ei oppstilling av substantivbøyinga i Akershus-målet.

  • hest – hesten – hester – hesta
  • time – timen – timer – tima
  • hana – hanan – hanar – hana-a
  • bygd – bygda – bygder – bygdene
  • vise – visa – viser – visene
  • viku – vikua – vikur – vikune
  • hus – huse – hus – husa

Ein ser her at hankjønnsorda av overvektstypen har endinga -er i ubestemt form fleirtal. I bestemt form fleirtal har hankjønnsorda tostava former: alle hesta (hestane), alle gutta (gutane), alle bila (bilane). Hankjønnsord av jamvektstypen har slik bøying i ubestemt form fleirtal: fleire betar, hanar og dråpar, og i bestemt fleirtal: betane, hanane og dråpane. Ein ser også her at hokjønnsorda har a-ending i bestemt form eintal, og endinga -ene i bestemt form fleirtal. Hokjønnsord av jamvektstypen har i fleirtal formene vikur – vikune, og hosor – hosone.

I den sørlege delen av Akershus, i Follo og Enebakk, har ein frå gammalt av former som båtær, bakkær, hanær i ubestemt form fleirtal av hankjønnsorda og båtane, bakkane, hanane i bestemt form fleirtal. Desse formene svarar til dei ein finn i dei vikværske dialektene.

Verb

Svake verb av a-klassa i Akershus har ulik bøying etter som verbet er overvektsord eller jamvektsord. Overvektstypen har endinga -er i presens og blir bøygde slik: kaste – kaster – kasta eller kastehar kasta eller har kaste. Jamvektstypen har har -ar i presens og denne bøyinga: baka – bakar – baka – har baka. I Follo, i Asker og Bærum og i Oslo heiter det i preteritum kasta og nekta, men det meste av Romerike har her former som kaste og nekte. I Akershus har alle svake verb r-ending i presens (kaster, bakar, kjøper). Nord for Akershus finn ein r-lause former i presens (kaste, båkå, kjøpe).

Presens av dei sterke verba varierer sør på Austlandet. I Mjøsbygdene heiter det i presens søv, græt, kjæm, medan det i Akershus heiter såver, gråter, kåmmer. Eit unntak her er at ein nord på Romerike finn mellomformer. Det heiter her: søv(er), græt(er), græv(er).

I preteritum av sterke verb er formene frøys og brøyt vanlege på Romerike, og dei same formene finn ein i Oslo. Partisippformene av dei sterke verba endar på Romerike på -i: har kømmi, har biti, har skrivi.

Pronomen

Dei personlege eintalspronomena er i Akershus i 1. person je i bygdemåla og jæi (trykklett ) i byar og tettstader. I 3. person eintal hankjønn heiter det hann i eintal. Trykklett inne i setninga er forma (e)n: Har du sett n? I eldre bygdemål i Akershus kunne ein før høyra forma hannom når pronomenet skulle ha trykk: Hør på hannom!

I hokjønn er formene hu den vanlege trykksterke subjektsforma og henner som trykktung objektsform. Trykklett form i hokjønn heiter -a: Så du u a? og Kåmmer a snart? I byar og tettbygde strøk møter ein forma henner: Henner er grei, henner! I Follo og sør på Romerike brukar ein i bygdemåla forma ho i staden for hu, slik det er i Østfold. I bygdemåla i Follo blir heller ikkje hokjønnsforma a brukt.

1. person fleirtal heiter i heile gamle Akershus vi og oss (i bymåla også vårs). I 2. person fleirtal har sørlege Akershus formene di som subjekt og dere i andre stillingar. Når dere ikkje er subjekt, kan pronomenet heita dår: «Sett dår ned» (Follo). I tradisjonelt mål på Romerike har ein forma di som subjektsform og dikk, dekk eller døkk som avhengig form. Ei setning på romeriksmål kan høyrast slik ut i eldre bygdemål: «Di må skynnde dikk/døkk». I byar og tettstader i Akershus heiter det i dag til vanleg: «Dere må skynde dere».

3. person fleirtal heiter i bygdemåla i det meste av Akershus dom eller døm. I eldre mål på Romerike høyrer ein også dei og di. I bymåla i Akershus er også formene dåm og dem venlege. I heile Akershus breier i dag forma demm seg på bekostning av dåmm og dømm.

Dialektendring

Nærleiken til Oslo gjer at mange trekk i den gamle Akershus-dialekta etter kvart blir borte og blir erstatta av meir standardlike trekk. Mange av dei tradisjonelle dialektformene som var vanlege i det tradisjonelle Akershus-målet, er i ferd med å gå ut av bruk.

Kløyvd infinitiv er på veg ut hos dei unge. Ein kan her konstatera at infinitiv på -a i dei såkalla jamvektsorda, typen kåmma, væra, gjøra, sitta og andre, er på vikande front i Akershus og på Austlandet generelt, og infinitiv på -e tek over. Dei unge seier nå kåmme, være, gjøre og tilsvarande. Gamle jamningsformer som å båkå, den såmmå, en hånå, en mågå blir borte. I ungdommen sitt språk heiter det nå å bake, den samma, en hane, en mage.

Tjukk l i ord der skriftmålet har rd, blir lite brukt.Ungdommen seier går (gård), har (hard) og jore (eit gjorde).

Ellen Skolseg (1999) kommenterer dialektutviklinga på Romerike. Hennar skildring av endringar i romeriksmålet vil truleg også gjelda det meste av dialektane i Akershus. Ho slår likevel fast at sjølv om det skjer endringar i språket til dei unge, så snakkar dei ikkje eit standardisert språk. I høg grad er det slik at særtrekk som samsvarar med det folkelege Oslo-målet held seg på Romerike. Alle dei unge sa i 1999 hu og ikkje hun. Dei brukte også pronomenformene dom/døm/dem. De unge hadde diftong i former som veit, blei, skreiv, rein, bein og aleine. Mange hadde trykk på første stavinga i ord som ‘bannan, ‘dialekt og ‘stassjon.

Det er grunn til å tru at ein del av de særmerkte dialektformene som Skolseg observerte hos de unge i 1999, i dag er utjamna i retning av standard austnorsk. Men dette treng likevel ikkje stemma, for undersøkingar andre stader i landet har vist at sentrale dialekttrekk kan vera ganske standhaftige i møtet med skriftmålet og normalisert talemål.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kleiva, Turid mfl. red. (1999): Austlandsmål i endring. Oslo: Det Norske Samlaget.
  • Lie, Svein (1990): Indre Østlandet. Trykt i Jahr, Ernst Håkon (red.): Den store dialektboka. Oslo: Novus. (Side 101–118.)
  • Mæhlum, Brit og Røyneland, Unn (2012: Det norske dialektlandskapet. Oslo: Cappelen Damm Akademisk.
  • Papazian, Eric: "Om dialektene i Akershus" i Mamen, H.C., red.: Akershus, 1981, 442–59, isbn 82-05-06463-6
  • Skjekkeland, Martin (2005): Dialektar i Noreg. Tradisjon og fornying. Oslo: Cappelen Damm Akademisk.
  • Skogstad, Olav red. (1974): Austlandsmål. Språkarv og språkbruk på Indre Austlandet. Oslo: Det Norske Samlaget.
  • Skolseg, Ellen (1999): Romeriksdialektas levevilkår i skuggen av Oslo. Trykt i Kleiva, Turid mfl. red. (1999): Austlandsmål i endring. Oslo: Det Norske Samlaget. (Side 129–139.)

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg