Nærleiken til Oslo gjer at mange trekk i den gamle Akershus-dialekta etter kvart blir borte og blir erstatta av meir standardlike trekk. Mange av dei tradisjonelle dialektformene som var vanlege i det tradisjonelle Akershus-målet, er i ferd med å gå ut av bruk.
Kløyvd infinitiv er på veg ut hos dei unge. Ein kan her konstatera at infinitiv på -a i dei såkalla jamvektsorda, typen kåmma, væra, gjøra, sitta og andre, er på vikande front i Akershus og på Austlandet generelt, og infinitiv på -e tek over. Dei unge seier nå kåmme, være, gjøre og tilsvarande. Gamle jamningsformer som å båkå, den såmmå, en hånå, en mågå blir borte. I ungdommen sitt språk heiter det nå å bake, den samma, en hane, en mage.
Tjukk l i ord der skriftmålet har rd, blir lite brukt.Ungdommen seier går (gård), har (hard) og jore (eit gjorde).
Ellen Skolseg (1999) kommenterer dialektutviklinga på Romerike. Hennar skildring av endringar i romeriksmålet vil truleg også gjelda det meste av dialektane i Akershus. Ho slår likevel fast at sjølv om det skjer endringar i språket til dei unge, så snakkar dei ikkje eit standardisert språk. I høg grad er det slik at særtrekk som samsvarar med det folkelege Oslo-målet held seg på Romerike. Alle dei unge sa i 1999 hu og ikkje hun. Dei brukte også pronomenformene dom/døm/dem. De unge hadde diftong i former som veit, blei, skreiv, rein, bein og aleine. Mange hadde trykk på første stavinga i ord som ‘bannan, ‘dialekt og ‘stassjon.
Det er grunn til å tru at ein del av de særmerkte dialektformene som Skolseg observerte hos de unge i 1999, i dag er utjamna i retning av standard austnorsk. Men dette treng likevel ikkje stemma, for undersøkingar andre stader i landet har vist at sentrale dialekttrekk kan vera ganske standhaftige i møtet med skriftmålet og normalisert talemål.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.