Faktaboks

Ahmet 3.
Ahmet III, Ahmed III
Uttale

Á:met

Fødd
1673
Død
1736
Ahmet 3.
Ahmet 3.
Av /𝒲.

Ahmet 3. var ein osmansk sultan frå 1703 til 1730, i den såkalla Tulipanperioden, ei blomstringstid for kunst og vitskap i Det osmanske riket. Ahmet 3 var son av Mehmet 4, og følgde etter broren sin Mustafa 2 då han vart innsett av janitsjarane.

Karl 12 søkte tilflukt i Tyrkia etter nederlaget ved Poltava i 1709, vart Ahmet 3 dratt inn i krigen mot Peter den store og vann Azov ved freden i 1711.

I krig mot venetianarane erobra han Morea (Peloponnes) i 1715, men han var uheldig i kampen mot austerrikarane. Han vart avsett av janitsjarane og døydde i fengsel nokre år seinare, sannsynlegvis drepen med gift.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg