Ahasverus er eit mannsnamn som er ei latin-tilpassa hebraisk form av eit gamalpersisk namn med tydinga 'mektig herskar, stor konge' eller 'rettferdig konge'.

Namnet er det same som Xerxes, men med ei anna språkleg tradering. Ahasverus er kjent i Noreg sidan midten av 1600-talet, men har vore lite brukt.

I eldre bibelomsetjingar er persarkongen Xerxes i Esters bok kalla Ahasverus. Namnet er òg knytt til Den evige jøde eller Jerusalems skomakar, som ifølgje segna må vandre evig fordi han nekta Jesus kvile på vegen til Golgata.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg