Agenda 2010, ein serie reformer av skatte-, arbeids- og velferdspolitikken i Tyskland gjennomført i perioden 2003-2005 av den dåverande tyske regjeringa, leia av den sosialdemokratiske kanslaren Gerhard Schröder.

Gerhard Schröder introduserte reformene i ein tale til den tyske nasjonalforsamlinga, Forbundsdagen, 14. mars 2003. Det uttalte målet med Agenda 2010 var å skape økonomisk vekst og fleire arbeidsplassar.

Bakteppet var høg arbeidsløyse. Meir enn fire millionar, 11,4 prosent av arbeidsstokken, var registrert som arbeidslause. I tillegg sleit landet med økonomisk stagnasjon. Reformplanane var i tråd med EUs Lisboa-strategi.

Kraftig kutt i skatter, inntektsskatten vart kutta med på prosent, kutt i sosiale kostnader for arbeidsgjevarar og kutt i arbeidsløysepengar og sosialstønad var blant verkemidla i reformpakken.

Reforma liberaliserte også arbeidslivspolitikken og gjorde det lettare å seie opp tilsette, lettare å tilsette folk på deltid og i mellombels stillingar.

Agenda 2010 skapte svært mykje politisk strid. Den største tyske fagforeininga, DGB som historisk har vore ein sentral alliert for SPD, protesterte kraftig mot fleire av forslaga i til reform. Det same gjorde venstresida i SPD.

Delar av venstresida forlot partiet i protest mot reformpakken og slutta seg saman i grupperinga Wahlalternative Arbeit und Soziale Gerechtigkeit (WASG), som seinare gjekk inn i partiet Die Linke.

Kanslar Gerhard Schröder fekk reformplanane gjennom, men dei skarpe protestane frå eige parti gjorde at han trakk seg som partileiar i 2004, men ikkje som kanslar. Ved forbundsdagsvalet i 2005 vart det kristendemokratiske CDU største parti, og Angela Merkel overtok posisjonen som kanslar. SPD heldt fram som samarbeidsparti i regjeringa.

Tysk venstreside er framleis svært kritisk til reformane, og meiner dei har skapt ein permanent underklasse som er fattig, har utrygge arbeidsplassar eller ikkje noko arbeid i det heile. Dei viser til at prosentandelen som lever under fattigdomsgrensa auka frå 12,3 prosent i 2004 til 14 prosent i 2007.

Andre er meir positive til reformen og meiner den er ein viktig årsak til den økonomiske veksten landet har opplevd i Angela Merkels regjeringstid.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.