Aga, gamal gard i Ullensvang herad, Hordaland, på vestsida av Sørfjorden. Aga, med busetnad heilt frå steinalderen, var på 1200-talet hovudsete for ei adelsætt, der vi mellom andre kjenner riddaren Sigurd Brynjolvsson (død 1303), som var lagmann i Gulating og medlem i rådet til kong Eirik Magnusson. Den eldste bygningen i Agatunet, Lagmannsstova, som etter dendrokronologisk datering i 2015 truleg er bygd omkring 1220–1230, vart freda 1924. Det øvrige tunet vart freda 1937 og består i dag av vel 30 hus. Rett opp for tunet den 1506 m høge, bratte Aganuten, som det har gått fleire farlege skreder frå. Garden er delt i mange bruk. Eit nasjonalt jordskiftesenter er etablert i tilknyting til Agatunet.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål til artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.