Adina er eit kvinnenamn som kan vere ei avleiing av Ada, eit hebraisk namn med tydinga ‘pryd’. Adina kan dessutan vere avleidd av mannsnamnet Adrian og andre mannsnamn på Ad-. Adina er også eit hebraisk kvinnenamn som er laga til ordet adin som tyder ‘spinkel’.

Namnet har fleire variantar: Adina, Adine.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 130 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Adina som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg