Faktaboks

Adalet Ağaoğlu

fødd Sümer

Uttale
adˈalet ˈa:aå:lo
Fødd
23. oktober 1929, Nallıhan, nordvest i Ankara-provinsen, Tyrkia
Død
14. juli 2020, Istanbul, Tyrkia
Adalet Ağaoğlu
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Adalet Ağaoğlu var ein tyrkisk forfattar, særleg kjend for romanar og drama. Dei mest kjende verka hennar er Ölmeye Yatmak (Å leggje seg og døy, 1973), Fikrimin İnce Gülü (Den sarte rosa i mitt sinn, 1976) og Bir Düğün Gecesi (Ei bryllaupsnatt, 1979).

Bakgrunn

Ağaoğlu arbeidde 20 år som dramaturg ved tyrkisk radio, men sa opp stillinga si av politiske grunnar i 1970, då ho begynte å skrive romanar.

Forfattarskap

Ölmeye Yatmak (Å leggje seg og døy) frå 1973 innleier serien Tronge tider. Bøkene handlar om Aysel, ei ung kvinne, som er akademikar og lever i eit urbant miljø. Eit berande element i kvartetten er tankestraum, og Aysel er blitt tolka som forfattarens alter ego. Serien omfattar og bøkene Düğün Gecesi (Ei bryllaupsnatt), Hayır... (Nei ...) og Dert Dinleme Uzmanı (Lyttemeistaren).

Eit av temaa Ağaoğlu tek opp, er stillinga til enkeltmennesket i det kontrastfylte mangfaldet som pregar Tyrkia i dag, mellom det tradisjonelle, orientalske på den eine sida og det progressive, vestlege på den andre. Teknisk sett er Ağaoğlu ein nyskapar, inspirert av fransk litteratur, særleg Céline, og ho har ein dialogprega forteljarstil som er tydeleg farga av bakgrunnen ho har som dramatikar.

Utgjevingar

  • Bir Piyes Yazalım (La oss skrive eit skodespel; skodespel), 1953
  • Yaşamak (Å leve; høyrespel), 1955-1956
  • Evcilik Oyunu (Mor, far og unge; skodespel), 1964
  • Tombala (Tombola; skodespel), 1967
  • Çatıdaki Çatlak (Holet i taket; skodespel), 1969
  • Sınırlarda (I grenseland; skodespel), 1969
  • Bir Kahramanın Ölümü (Død helt; skodespel), 1973
  • Çıkış (Exit; skodespel), 1973
  • Kozalar (Kokongar; skodespel), 1973
  • Ölmeye Yatmak (Å leggje seg og døy; roman), 1973
  • Yüksek Gerilim (Høgspenning; novellesamling), 1974
  • Kendini Yazan Şarkı (Songen som skreiv seg sjølv; skodespel), 1976
  • Fikrimin İnce Gülü (Den sarte rosa i mitt sinn; roman), 1976
  • Sessizliğin İlk Sesi (Den første lyden av stille; novellesamling), 1978
  • Bir Düğün Gecesi (Ei bryllaupsnatt; den andre romanen i trilogien), 1979
  • Yazsonu (Seinsommar; roman), 1980
  • Hadi Gidelim (Kom, så går vi; novellesamling), 1982
  • Üç Beş Kişi (Tre-fire menneske; roman), 1984
  • Göç Temizliği (Migrasjonsreinhald; memoarar), 1985
  • Geçerken (I forbifarta; essaysamling), 1986
  • Hayır... (Nei...; den tredje romanen i trilogien), 1987
  • Çok Uzak – Fazla Yakın (Veldig fjern, altfor nære; skodespel), 1991
  • Gece Hayatım (Mitt natteliv; memoarar), 1991
  • Ruh Üşümesi (Frossen sjel; roman) 1991
  • Duvar Öyküsü (Veggen fortel; musikal), 1992
  • Romantik Bir Viyana Yazı (Ein romantisk sommar i Wien; roman), 1993
  • Karşılaşmalar (Uventa møte; essaysamling), 1993
  • Seçmeler (Utvalde; kortprosasamling), 1993
  • Başka Karşılaşmalar (Andre uventa møte; essaysamling), 1996
  • Fikrimin İnce Gülü (Den sarte rosa i mitt sinn; skodespel), 1996
  • Hayatı Savunma Biçimleri (Måtar å forsvare livet på; novellesamling), 1997
  • Öyle Kargaşada Böyle Karşılaşmalar (Slike møte i slikt eit kaos; essaysamling), 2002
  • Damla Damla Günler (Dagar som dryp; dagbok), 2004
  • Mektuplaşmalar (Brevveklingar), 2005
  • Damla Damla Günler I-III (Dagar som dryp I-III; dagbok), 2007
  • Yeni Karşılaşmalar (Nye møte; essaysamling), 2011
  • Çağımızın Tellalı (Meklaren i vår tid; skodespel), 2011
  • Dert Dinleme Uzmanı (Lyttemeistaren; roman), 2014

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg