Faktaboks

Absalon Pedersson Beyer

Absalon Pederssøn Beyer

Fødd
1528, Aurland i Sogn
Død
9. april 1575, Bergen
Verke
Prest, lærer, forfatter og historiker
Familie

Foreldre: ukjent.

Gift 1552 med Anne Pedersdotter (død 1590).

Absalon Pedersson Beyer sin minnestein ved Vangen kyrkje i Aurland
.
Lisens: CC BY SA 3.0
Om Norigs Rige
Beyers meisterstykke var noregshistoria Om Norgis Rige frå 1567. Verket gir oss synet hans på Noregs situasjon i samtida, beundringa han hadde for landets historie og forventningane han hadde til den vidare utviklinga i landet. Biletet viser tittelsida til ei utgåve frå 1928 (400-årsjubileet for Beyers fødsel).
Om Norigs Rige
Av /F. Beyers forlag.

Absalon Pedersson Beyer var ein norsk prest, historikar, forfattar og lærar. I si tid var han ein av dei sentrale humanistane i Bergen.

Beyer var ein av brubyggjarane i den norske reformasjonen. Dermed møtte han motstand i mellom anna lokalt borgarskap, som mangla iveren for den nye trua, men som utnytta den verdslege makta reformasjonen gav. Likevel er det som forfattar Beyer har sett størst spor etter seg, med uvurderlege skrifter om norsk historie og samfunn på 1500-talet.

Bakgrunn

Absalon Pedersson Beyer var fødd på garden Skirdal ved Aurlandsfjorden i Sogn. Beyer mista foreldra som ung. Bror til faren sende han då til katedralskulen i Bergen. Her vart han kjend med biskopen, Gjeble Pedersson, som tok Beyer til seg som fosterson. Ulikt andre omvende tidlegare katolske biskopar tok ikkje Gjeble seg kone og familie etter reformasjonen, men kosta heller utdanning på fleire foreldrelause gutar.

Gjeble sitt mål var å utdanne dugande evangeliske prestar. Han såg raskt kva for moglegheitar den unge Absalon hadde for ein teologisk løpebane. Gjeble Pederssons teologiske grunnsyn følgde renessansehumanisten Erasmus før reformasjonen og humanisten Phillip Melanchthon etter. Slik fekk Beyer med seg mykje av denne intellektuelle bagasjen på den teologiske ferda. Seinare skreiv han Oration om mester Geble for å hylle oppveksten sin hos bergensbiskopen.

Utdanning

Gjeble sende Beyer til København i 1544, og fekk han innlosjert hos sjællandsbiskop Peder Palladius. Palladius hadde mykje omsorg for norske studentar og hjelpte Beyer med underhald i tronge tider. Samtidig var Palladius ein strengare og meir overtydd lutheranar enn Gjeble. Som biskop i Sjælland var han i røynda den teologiske leiaren i Danmark-Noreg og gjennomførte reformasjonen med jernhand. Universitetet vart først stengt, så omforma etter lutherske prinsipp. Som student møtte Beyer samtidig fleire teologar med eit syn som låg nær Melanchthons, mellom dei Niels Hemmingsen, den største danske teologen i si tid.

Etter anbefaling frå Palladius og med økonomisk støtte frå fosterfaren Gjeble reiste Beyer i 1549 til Wittenberg, sjølve hovudstaden for reformasjonen. Her sat han i to år under kateteret til sjølvaste Philipp Melanchthon. Absalons seinare forfattarskap vart sterkt påverka av studietida her.

I 1551 kom Absalon på ny til København, der han tok magistergraden. Det var truleg heime hos Palladius at Beyer trefte kona Anne Pedersdotter, syster til lagmann Søfren Pederssøn i Trondheim. I 1552 vende Beyer heim til Bergen, og med unntak av eit par reiser til Danmark i 1564 og 1573–1574 vart han verande der resten av livet.

Lærar

I 1553 vart Absalon utnemnd av Gjeble til den første lector theologiæ ved Bergen katedralskule. I tre periodar (1557–1560, 1561 og 1562–1564) fungerte han som skulen sin lesemeister eller rektor, utan økonomisk vederlag. Beyer var prega av Melanchthons førelesingar, som gav innsyn både i klassisk filologi og naturfag, men òg streng kyrkjetukt og dommedagsspådomar.

Som lærar må Absalon ha vore inspirerande. Ikkje berre hadde han solide kunnskapar om den latinske og greske verda, men han trakk med seg latinskuleelevane – peblingane – i å verkeleggjere stoffet og perfeksjonere seg i latin gjennom framføringa av ulike skodespel, i første rekke komediar av Plautus og Terents. Dette var eineståande i norske byar på den tida. I utlandet hadde derimot tyske humanistar nytta dette pedagogiske verkemiddelet sidan byrjinga av 1500-tallet. Førestillingane var også opne for bybefolkninga, og dei stykka vi kjenner til vart derfor framførte på dansk. Her er det humanisten og folkeoppdragaren vi møter. Den første kjende framføringa fant truleg stad sumaren eller hausten 1562 på byens første «scene», kyrkjegarden mellom Domkyrkja og skulen. Stykket heitte Adams fall og vart sett opp av Beyer «med stor Umag och Bekostning». Beyer hadde sjølv bearbeida det opphavleg franske stykket frå 1100-tallet, som var veldig populært i mellomalderen. Slik vart Absalon den første kjende teaterregissøren i Noreg.

I tida som følgde vart det oppført fleire stykke, både oversette og lokalt forfatta, tragediar så vel som komediar. Størst suksess ser skulen ut til å ha hatt med Tragœdia de Imaginibus – ein tragedie om bilete. Til forskjell frå dei øvrige stykka hadde dette sterk tilknyting til aktuelle stridsspørsmål mellom presteskapet og storborgarskapet i byen.

Teolog

Reformasjonen tok tid, særleg i Noreg, der lutherdomen hadde hatt dårleg grobotn. Dei gamle katolsk skolerte prestane fekk halde fram, og Beyer var av det første leddet som hadde luthersk utdanning. Frå 1560 var han kannik og notarius ved domkapittelet i Bergen, og i 1566 vart han slottsprest på Bergenhus. Som kannik kom han i tvist med lokale embetsmenn, særleg slottsskrivaren Lauritz Hanssønn, som vart tildelt eit prebende, inntekter som eigentleg skulle gå til domkapittelet.

Som prest var Beyer den store refsaren av bergensarane sin hemningslause livsførsel. «Væ dig Bergen du fule Sodomæ og Gomorrhæ søster», skreiv han i dagboka si. Frå preikestolen kunne han spå at fjella som heva seg over byen, ein gong ville gravleggje han som straff for sedløysa.

Forfattarskapen

Likevel er det ikkje som forkynnar og refsar frå preikestolen at Beyer har gjort sin største innsats. Gjennom det kunstnarlege og litterære virket sitt førte Beyer an i eit blomstrande miljø av lærde skribentar i det samtidige Bergen, seinare kalla bergenhumanistane.

Oration om Mester Geble

Etter Gjeble Pederssons død i 1557 holdt Beyer ein minnetale over fosterfaren sin, kalla Oration om Mester Geble. Delar av talen er bevart og gjengjeven i konrektor Edvard Edvardsens Bergensbeskrivelse frå 1674. Den gir oss verdifulle opplysningar om Gjebles liv og virke.

Bergens kapitelbok (dagboka)

Frå 1552 til 1572 skreiv Beyer dagbok, kalla Bergens kapitelsbok. Dagboka er utan samanlikning det viktigaste kjeldeskriftet til norsk kultur- og sosialhistorie på 1500-talet. Gjennom dagboka får Bergen by – Noregs einaste storby i samtida – liv og farge. Her møter vi bryllaup og festivitas, pestsjukdom og massedød, besøk av innanlandske og utanlandske storfolk, fyll og slagsmål, tjuveri og drap, prostitusjon og valdtekt, spedbarnsdrap, sjølvmord og andre døme på menneskeleg ulukke og fornedring.

Beyer skriv dessutan om eigne opplevingar, som at dottera raskt lærte å lese av ein kvinneleg lærar, og at ho hadde lest ut ABC-boka si etter undervisning i berre tolv veker. Han fortel òg om allmenne hendingar, om vêret, kyrkjetenester og folkeliv. Innimellom finn vi òg moralisten og folkeoppdragaren Beyer. I dagboka dømmer han bergensarane sin livsførsel strengt, med åtvaringar om ulukke og undergang.

Sjølv om fleire innføringar manglar, er boka ei uvurderleg kjelde til det samtidige kultur- og dagleglivet i Bergen og Noreg. Større delar av boka er førte på dansk-norsk. Heile dagboka vart først utgjeven i 1858.

Om Norgis Rige

Beyers meisterstykke var noregshistoria Om Norgis Rige frå 1567. Verket gir oss synet hans på Noregs situasjon i samtida, beundringa han hadde for landets historie og forventningane han hadde til den vidare utviklinga i landet. Truleg vart verket skrive på oppmoding frå lensherrenBergenhus, Erik Rosenkrantz.

Rundt Rosenkrantz og forgjengaren Christoffer Valkendorf hadde det samla seg ein krins av menn med felles litterære og historiske interesser, seinare kjende som bergenshumanistane. Frå dei kom ei rekke skrifter som gir oss eit ypparleg inntrykk av samtidas syn på tilhøva i Bergen og Noreg. Blant dei viktigaste av desse skrifta er lagmann Mads Størssons skildring av kjøpmennene ved Det tyske kontor frå rundt 1560, og Størssons Den Norske Krønike, der han tok med utdrag av ulike sagaskrifter oversette til dansk. Ein ukjend forfattar skreiv Bergens Fundas, som blir rekna som den første samanhengande framstillinga av Bergens historie frå grunnlegginga og opp til rundt 1560. Eit anna medlem av krinsen var Erik Nielssøn Munk.

Om Norgis Rige gir først ein grov oversikt over Noregs historie som støttar seg sterkt på Størssons sagaomsetjingar. Den førande forteljinga var livsskildringa til det norske riket: romansen i stordomstida, tragedien i forfallet etter at Noreg i 1536 vart eit lydrike under Danmark.

Beyer har humanistanes forkjærleik for allegoriar, noko som gir framstillinga farge og liv: Noreg vert til ei kvinne, og djupt gripen viser han begeistringa si for landets tidlegare stordomstid: «Da begynte Norge at faa øien og saa sig vide om. Da var hun udi agt og ære, da havde hun en guldkrone paa hovedet og en forgyldt løve med blaa økse, da begynte mange fremmede herrer at gjøre venskab og svogerskab med Norge, de danske, svenske, skotske, franske, engelske, da udbredte hun sin magt og vinger vide.»

Beyer finn ein sterk kontrast til dette i stillinga for landet i samtida. No er Noreg å samanlikne med ei gamal enkje (vitve), som støttar seg til staven og knapt klarer å gå: «Hun haver mist kongeblodet og den blomsters adel. De land som vore forfædre haver opsøget med stor livsfare og bekostning, dennom vide vi nu plat intet af, hvor de ere i verden. ... De klostre og kirker, som vore forfædre haver opbygt, bryder vi neder, og der, hvor man tilforn haver kunnet holde 27 kirker ved magt, kan man nu ikke eller neppelig holde 4, ... og der vore forfædre have saaet 20 eller flere tønder korn paa en gaard, der saar man nu neppelig 5. Vore forfædre drog ud i andre lande til krig, kjøpenskab, studium; idag vil man ikke drage af den by eller bygd, man er født i. Derfor er nu Norge gammel og gaar med krykker og paa stylter og vil snart falde omkuld.»

Nedgangen knyter Beyer til tapet av ein norsk adel, mangelen på eit eige fyrstehus og underlegginga under Danmark i 1536. Noreg var redusert til «en fed ladegaard» under Danmark. Tross verkets norsk-nasjonale preg er det likevel ikkje noko utprega åtak på Danmark. Beyer prisar Erik Rosenkrantz som førar i kampen mot hanseatane, og han vil knyte banda mellom nordmennene og det danske kongehuset fastare. Vil kongane ha eit trufast folk, må dei òg ha kontakt med det. Folket må sjå herskaren sin, for det er herskarane som skal vekke folket, skriv Beyer.

Og Beyer hadde tru på at Noreg igjen kunne vakne opp av søvnen. «Thi disse haarde berg er indentil fulde med godt smør, sølv og guld og andre dyrebare ting; udi folket er endnu noget af den gamle dygd, mandom og styrke, som skulde vel staa bi og stride for deres herre og fædreneland.» Folkets dyktighet og landets ressursar er de to pillarane han byggjer framtidstrua si på.

Verket vart ikkje trykt før i 1781, men vart tidlegare distribuert gjennom ei rekke avskrifter. Seinere har det kome nye utgåver.

Verksemda til Beyer og dei øvrige bergenshumanistane hadde ein klar praktisk og politisk funksjon. Gjennom kjennskap til landets og Bergens fortid skaffa slottsherrane seg bakgrunn for samtidas kamp i byen mot maktposisjonen til hanseatane og dei tyske håndverkarane. Dokument som vart gjenoppdaga av humanistane vart det konkrete grunnlaget dei brukte for å ramme tyskarane. Både Om Norgis Rige og Størssons skildring av Kontoret ber preg av å ha vore skrive på oppmoding frå Rosenkrantz.

Motgang, motstand og rettargang

For ein mann som var oppteken av fortidig stordom, var det samtidige Bergen eit sørgjeleg syn. Av 27 kyrkjer frå mellomalderen vart 15 lagde i ruinar på 1500-talet, mellom dei domkyrkja frå 1000-talet. Rivinga skulle gi plass til kanonane på danskekongen si borg Bergenhus og hadde ikkje noko med reformasjonen å gjere. Tårnet ved Håkonshall vart òg rive, og kongegravene til Magnus Erlingsson og Håkon Håkonsson lagde i grus. Både Beyer og kona Anne hadde røter i gamal norsk adel og må ha teke det personleg. Truleg vart han bitter overfor danskestyret, noko historiemanuset viser.

Mellom dei nye lutherske prestane og borgarskapet i Bergen kom det òg etter kvart til sterk splid. Ein av kampane handla om gamle helgenbilete i domkyrkja som fleire byborgarar tilbad. Biskop Jens Schjelderup fekk i oppdrag å fjerne bileta, men møtte sterk motstand i byrådet. Seinare skreiv Schjelderup eit forsvarsskrift, som er Noregs fremste bidrag til reformatorisk litteratur. Beyer sette samtidig opp eit stykke som truleg hengde ut byrådet, noko som gav han mektige fiendar. Då Schjelderup døydde, drog lensherren den nye biskopen og kona hans for retten for trolldom, og påtala deretter Beyer si kone for det same.

Anne Pedersdotter slapp først unna skuldinga. Beyer stod høgt i kurs hos kongen og fekk hos han fribrev for kona i 1575. Same år døydde Beyer, og sjølv om Anne no hadde gode papir, levde mistanken hos folk vidare. 15 år seinare vart ho på ny skulda for å vere trollkvinne og brend på bålet etter ei skinnrettssak, trass i sterke innvendingar frå presteskapet i Bergen. Saka var opplagt hemn, og mellom dommarane var borgarmeister Lauritz Hansson.

Verk

  • Bergens kapitelsbok (Liber Capituli Bergensis) (1552–1571), trykt i B. C. Sandvig og P. F. Suhm: Samlinger til den Danske Historie, bind 2, 1784, i Norske Magasin, 1858, s. 181–449, og i samleutgaven Dagbok og Oration om Mester Geble, utgitt av T. Knudsen og H. Nilsen, 2 bind, Oslo/Bergen 1963–1970
  • Om Norgis Rige (1567–1570), trykt i B. C. Sandvig og P. F. Suhm: Samlinger til den Danske Historie, bind 1, 1779, s. 33–102, i Norske Magasin, 1858, s. 65–150, og som eigen bok (ved H. Beyer), Bergen 1928
  • Oration om Mester Geble (1571), utdrag gjengitt i E. Edvardsen: Bergens Beskrivelse (manuskript, 1674) og trykt i Den Bergenske Borger-Ven 1764, s. 321–384, i Norske Magasin, 1859, og i samleutgåva Dagbok og Oration om Mester Geble, 1963–1970

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Bang, Anton Christian (1895): Den norske Geistlighed i Reformationsaarhundredet
  • Biografi i Lampe, bind 1, 1895
  • Erichsen, Andreas Emil (1906): Bergens Kathedralskoles historie, Bergen
  • Bing, Just (1911): Bergens-litteratur i det 16de aarhundrede, Bergen
  • Bull, Francis (1923): biografi (Absalon Pederssøn Beyer) i Norsk biografisk leksikon
  • Nilsen, Halkild (1970): Absalon Pederssøn: Dagbok og Oration om Mester Geble. Kommentarbind
  • Fossen, Anders Bjarne (1979): Borgerskapets by 1536–1800, bind 2 av Bergen bys historie. Tjodalyng: Alma Mater Forlag
  • Gilje, Nils og Rasmussen, Tarald (2002): Norsk idéhistorie, bind 2. Oslo: Aschehoug
  • Gilje, Nils (2003): Heksen og humanisten: Anne Pedersdatter og Absalon Pederssøn Beyer: en historie om magi og trolldom i Bergen på 1500-tallet. Bergen: Fagbokforlaget
  • Rian, Øystein (2007): For Norge, kjempers fødeland: 12 portrett frå dansketida. Oslo: Samlaget

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg