Aasulv Lande

Faktaboks

Aasulv Lande
Født
25. desember 1937, Bygland, Agder
Død
8. juli 2019, Arendal, Agder

Artikkelstart

Aasulv Lande var misjonær, prest og professor med religionsdialog som spesialområde.

Bakgrunn

Aasulv Lande var fødd i Bygland i Setesdal. Han tok teologisk embetseksamen ved Det teologiske menighetsfakultet i Oslo i 1962 og praktisk-teologisk eksamen i 1964. Han var dr.theol. frå Uppsala universitet i 1988.

Han var misjonsprest i Japan frå 1965 til 1980. Frå 1981 til 1988 var han forskar i misjonsvitskap ved Uppsala universitet, arbeidde som amanuensisvikar i japansk ved Universitetet i Oslo 1989–1990 og var deretter tilsett som førelesar og forskar i teologi og misjonsstudiar ved University of Birmingham. Frå 1994 til 2005 var han professor i misjonsvitskap og økumenikk ved Lunds universitet. Som misjonsprest i Japan lærte han seg japansk, og han tok grunnfag i japansk ved Universitetet i Oslo 1971.

Aasulv Lande var soneson til lærar og venstrepolitikar Aasulv Eivindson Lande, nevø av prost Aasulv T. Lande, og han var gift med teolog og forskar Gunvor Lande.

Religionsdialog

Lande arbeidde i særleg grad med religionsdialog, i første rekkje møtet mellom buddhismen og kristendomen. Hovudinteressa var japanske religionar. Doktoravhandlinga Meiji Protestantism in History and Historiography (1988) er ein komparativ studie av japansk og vestleg tolking av tidleg protestantisme i Japan. Lande hadde ein omfattande fagleg produksjon. I 1990 publiserte han innføringsboka Japans religionar på Samlaget. I seinare år var han òg oppteken av relasjonane mellom jødedomen, kristendomen og islam.

Lande tok del i fleire forskarprosjekt og ‑nettverk. Mellom anna var han president i European Network for Buddhist-Christian Studies i perioden 1996–2005.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg