Aamund

Artikkelstart

Aamund er eit mannsnamn som kan ha bakgrunn i to norrøne mannsnamn: Á-mundi og Ǫg-mundr. Dei to etterleddsvariantane tyder ‘vern; vernar’. Forleddet kan tolkast på to måtar: À- tyder ‘svært’, og Ǫg- ‘(sverd)egg’.

Namnet har fleire variantar: Aamund, Amund, Åmund.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 50 menn (fødde i Noreg) som hadde Aamund som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg