Faktaboks

Aalesunds Handels- og Søfartstidende

Aalesunds Tidende frå 1872 til 1876.

Lørdag 30. november 1878
Av .

Aalesunds Handels- og Søfartstidende var ei avis som kom ut i Ålesund mellom 1856 og 1904. Lite er kjent om dei første åra til Aalesunds Handels- og Søfartstidende. Avisa hadde stor gjennomtrekk av utgivarar og redaktørar, og den redaksjonelle eigenproduksjonen var liten.

Historie

Johannes Aarflot, d.e.

Johannes Aarflot d.e. (1824–1891) var ein særs gåverik mann. Han var son til salmediktaren Berthe Canutte Aarflot og voks såleis opp i ein haugiansk heim, noko som prega han heile livet. Aarflot var mellom anna med på å skipe Aalesunds Indremisjon og deltok mykje i det religiøse livet i byen. Han slutta som redaktør av Aalesunds Handels- og Søfartstidende i 1861, og han blei etter det ordførar i Ålesund i 16 år til saman og stortingsmann i tre periodar frå 1869 og fram til 1891.

Johannes Aarflot, d.e.
Av /Norsk presses historie/Universitetsforlaget.

Det eldste kjende eksemplaret av Aalesunds Handels- og Søfartstidende i Ålesund er frå 1866, der avisa er oppgitt å vere den 10. årgangen. Dette kan tyde på at det første nummeret kom i 1857, medan avisa hevdar at ho var i sin 18. årgang i 1873. Dermed kan det vere rett som det står i Kristian Bugge si bok Aalesunds historie at det første nummeret av Aalesunds Handels- og Søfartstidende kom ut sommaren 1856. Ålesund fekk bystatus i 1848, og det var eit visst påtrykk frå den nyskipa handelsforeininga om at den nye byen måtte ha si eiga avis.

Det var bokhandlar, og seinare ordførar og stortingsmann, Johannes Aarflot d.e. som tok initiativ til å starte avisa som den første i Ålesund. Han samarbeidde med boktrykkjar Hans Tybring von Zernichow, som stod som utgivar, medan Aarflot var redaktør. Aarflot høyrde til dei konservative, og det kom også til å prege avisa. Arbeidet som redaktør var arbeid ved sida av levebrødet, noko som førte til at avisa vart prega av mest klipp frå andre aviser, annonsar og kunngjeringar. Aalesunds Handelsforening fekk òg inn faste telegram om gangen i fisket og nyhendemeldingar av forretningsmessig interesse. På den tida var Ålesund ein by med eit par tusen innbyggjarar, og fiskeri var den dominerande næringa.

Lærar Carl Frøland tok over som redaktør etter Aarflot. I 1873 tok Ole S. Iversen over etter Zernichow som trykkjar og utgivar. Truleg i samband med dette skiftet blei avisa heitande Aalesunds Tidende frå 1872 til 1876. Etter Frøland var telegrafinspektør Løkke redaktør fram til 1880, og dei neste ti åra, fram til 1890, var overlærar Gabriel Hetting Landmark redaktør. Frå 1890 til 1893 var sonen til den første redaktøren, cand.jur. Johannes Aarflot d.y., redaktør.

Alle desse hadde redaktørvervet som ein fritidsjobb. Avisa kom ut to gonger i veka. Frå 1893 fekk avisa sin første heiltidstilsette redaktør, cand.philol. Laurentius Urdahl. Han hadde jobben i eitt år, før boktrykkjar Klaus E. Fjelde i 1894 tok over som både eigar og redaktør. Ei tid var også broren, doktor Herman Fjelde, redaktør. På folkemunne blei avisa kalla «Gamle mutter» i motsetning til den nokså nystarta Søndmørsposten og Søndmøre Folketidende.

Aalesunds Handels- og Søfartstidende fekk som dei andre avisene i Ålesund øydelagt alt utstyret sitt i Ålesundsbrannen i januar 1904 og kom seg ikkje på føtene att etter det.

Fakta

  • Aalesund Handels- og Søfartstidende: fyrste nr. truleg sommaren 1856.
  • Utkom 3.1.1872 – 30.8.1876 som Aalesunds Tidende.
  • Siste nr. 20.1.1904.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Hans Fredrik Dahl (red.): Norsk presses historie 1660–2010, band 4:. Idar Flo (bandred.): Norske aviser fra a til å. Universitetsforlaget 2010.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg