Framsida av Søndmøre Folketidende, tidlegare Aalesunds Blad, 13. januar 1898.

Aalesunds Blad var ei lokalavis i Ålesund. Aalesunds Blad bytte namn til Søndmøre Folketidende i 1895. Avisa fekk ei kort, men omskifteleg historie, med stadig nye redaktørar. Avisa overlevde bybrannen i 1904, men var svekt og vart lagt ned i 1911.

Historie

Aalesunds Blad

Aalesunds Blad var den andre avisa som kom ut i Ålesund, etter at Aalesunds Handels- og Søfartstidende blei stifta i 1850-åra. Det er noko uklart når det første nummeret av denne avisa kom ut. Det første kjende eksemplaret er frå 17. mai 1871, men nokre kjelder hevdar at avisa blei grunnlagd så tidleg som i 1869, med telegrafstyrar Edvard Endresen som redaktør. Avisa sjølv skriv at 1895 er 26. årgang, dermed kan etableringsåret også vere 1870.

I 1872 var kjøpmann Frantz Mathias Olsen utgivar. Olsen eigde også trykkjeriet, men han var sjølv ingen fagmann. Det var overrettssakførar P.A. Devold som skreiv leiarane den første tida, og som la an ein meir frisinna tone enn det Aalesunds Handels- og Søfartstidende stod for. I 1895 blei Olsen kemner i Ålesund, og som var ein posisjon som var vanskeleg å kombinere med det å vere aviseigar. Julaftan 1895 kom Aalesunds Blad ut med sitt siste nummer.

Søndmøre Folketidende

2. januar 1896 kom avisa ut med det nye namnet Søndmøre Folketidende. Det var bokhandlar Johannes Aarflot d.y. som tok over etter Aalesunds Blad og grunnla Søndmøre Folketidende. Johs. Aarflot var son til Johannes Aarflot d.e., som i si tid grunnla Aalesund Handels- og Søfartstidende. Den første redaktøren i den nye avisa var Axel Skagen, som seinare var mangeårig journalist i Aftenposten.

Etter nokre år tok Asbjørn Syrrist over som redaktør. Han blei seinare redaktør i Tønsbergs Blad. Cand.jur. Johan Krag var redaktør frå 1899 til 1901 og blei etterfølgd av eigaren sjølv, bokhandlar Aarflot, som sat fram til 1906. Seinare var mellom anna islendingen Olafur Felixson redaktør. Chr. Sangesland sat som redaktør då Søndmøre Folketidende vart lagt ned i oktober 1911.

Søndmøre Folketidende var fram til bybrannen i 1904 ei liberal-konservativ avis. Etter at Aalesunds Handels- og Søfartstidende ikkje kom i gang igjen etter brannen, blei Søndmøre Folketidende ei meir reindyrka konservativ avis. Då utbrytarpartiet Frisinnede Venstre blei etablert i 1909, kunngjorde dåverande redaktør og overrettssakførar P.A.S. Arctander at avisa var eit organ for det nye partiet. Avisa blei refinansiert hausten 1910 og kom ut som dagsavis frå januar 1911, men det gjekk ikkje meir enn ni månader før den nye kapitalen var oppbrukt og eigarane la ned drifta.

Fakta

  • Aalesunds Blad: fyrste kjende eksemplar 17.5.1871.
  • Siste nr. 24.12.1895.
  • Skifta namn til Søndmøre Folketidende, 2.1.1896 – 14.10.1911.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010 .

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg