Faktaboks

Aalesunds Avis

Frå 1895: Søndmøre Folketidende

Aalesunds Avis var ei avis i Ålesund, grunnlagd i 1917. Avisa skulle vere den nye Høgre-avisa i byen i 1917, men fekk aldri skikkeleg fotfeste. Eigarar og redaktørar skifta raskt, og utgivinga blei stansa i periodar.

Historie

Det første nummeret av Aalesunds Avis kom ut 20. oktober 1917. Då hadde Frisinnede Venstre og Høgre vore utan avis i Ålesund heilt sidan Søndmøre Folketidende vart lagt ned i 1911, og det hadde lenge vore arbeidd med finansiering av ei ny konservativ avis i byen. Redaktøren for den nye avisa var Gerhard Jynge, tidlegare redaktør i Dagsposten i Trondheim. I 1921 tok Carl Ulfsæt over redaktøransvaret i nokre år, men avisa sleit med økonomien og måtte refinansiere i 1925. Samtidig blei Øyvind Lange tilsett som redaktør. Han var redaktør fram til 1929, då det på nytt var økonomisk krise for avisa, og ho stansa for ein periode.

Avisa blei deretter kjøpt av Stenbro Jacobsen. Han hadde dei siste fem åra vore leiar for Kristelig Pressekontor. Han tok over både som redaktør og eigar. Jacobsen prøvde seg med ei viss stoffutveksling med Romsdals Budstikke i Molde, men opplaget var for lite og annonsane for få til at avisa kunne overleve, og i 1939 var det slutt for Stenbro Jacobsen som eigar av Aalesunds Avis.

Etter initiativ og finansiell bistand både frå høgrefolk i Ålesund og Høgre sentralt, kom Aalesunds Avis i gang igjen i 1939, og då med Reidar Stavseth som redaktør. Avisa skulle bli ei endå tydelegare partiavis, og samkøyringa med Romsdals Budstikke blei sterkare. I 1941 blei redaktøren i Romsdals Budstikke, Kjell Steinsvik, også redaktør i Aalesunds Avis. Men i september 1942 fekk han beskjed frå Pressedirektoratet om at avisa måtte slutte å kome ut, på grunn av papirmangel. Nazistane tok i tillegg i bruk redaksjonslokala i Ålesund under okkupasjonen under andre verdskrigen.

Først i desember 1945 kom Aalesunds Avis ut på nytt med eitt nummer, sidan avisa kunne risikere å misse forlagsretten om ho ikkje kom ut innan 1. januar 1946. I 1946 og 1947 kom avisa ut som vekeavis, og den redaksjonelle staben veksla mykje. Ei tid var avisa til og med redigert av ein komité. Etter dette tok overrettssakførar Einar S. Ellefsen over som redaktør og utgivar gjennom Næringslivets Forlag, og dreiv avisa som ei nokså sporadisk vekeavis fram til julenummeret i 1952. Det året kom Aalesunds Avis ut med berre 27 nummer. Også seinare kom nærmast reine annonseutgåver av Aalesunds Avis, men som journalistisk produkt enda avisa sine dagar før jul i 1952.

Opplag

År Opplag
1932 4000

Fakta

  • Fyrste nr. 20.10.1917
  • Siste utgåve med journalistisk stoff kom i 1952. Aller siste utgåve av Aalesund Avis kom i 1957.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010 .

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg