Aake er eit mannsnamn. Det er ein stavevariant av Åke som i svensk har halde på den opphavlege [k]-en. Norrøn form var Áki som er ein diminutiv («vesleform») med tydinga ‘veslefar’. Denne diminutiven er laga til urnordisk *anuR som tyder ‘forfader’.

Namnet har fleire variantar: Åge, Aage, Åke, Aake.

Namnedag er 8. mai. Åge og Åge har også namnedag denne dagen.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 menn (fødde i Noreg) som hadde Aake som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg