Lærdal er ein kommune i Vestland fylke. Kommunen ligg omkring Lærdalsfjorden og med Lærdalen innanfor. Lærdal grensar i aust til Innlandet og i søraust til Buskerud. I 1860 og 1864 vart Årdal og Borgund skilde ut frå Lærdal kommune. Hundre år seinare, i 1964, vart Borgund igjen ein del av Lærdal, saman med eit mindre område i Årdal. Det gjekk føre seg ei grenseregulering med Leikanger kommune i 1992, då Frønningen aust for Aurlandsfjorden vart overført til Lærdal. Hele artikkelen