Solkrem
Solfaktor opplyser om kor godt solkrem vernar mot sola. Noko forenkla kan ein seie at solfaktor seier kor mange gonger lenger ein kan vere i sola utan å bli solbrend, samanlikna med om ein ikkje har noko vern mot sola.
Solkrem
Av /Shutterstock.
Lysspekter

Ultrafiolett stråling er ein del av det elektromagnetiske spekteret.

Solfaktor er det talet som opplyser om styrken til solkremen. Den oppgitte solfaktoren seier berre noko om vern mot ultrafiolette (UV) B-strålar frå sola. UVB-strålar er solstrålar med kort bølgjelengd og høg energi som kan gjere huda solbrend. Omtrent 90 prosent av UVB-strålane blir tekne opp i overhuda (epidermis). Overhuda reagerer med å frigjere kjemikaliar som gjer huda raud og hoven, noko som kjenneteiknar det å vere solbrend.

Faktaboks

Også kjend som

solbeskyttelsesfaktor, sun protection factor, SPF

Alle solkremar på den norske marknaden skal òg innehalde ei viss grad av vern mot UVA-strålar. UVA-strålar har lengre bølgjelengd, lågare energi og går djupare ned i huda enn UVB. Der bidreg dei til utvikling av rynker.

Både UVB og UVA bidreg til utvikling av hudkreft, men det er UVB saman med talet på solforbrenningar som er sterkast knytt til utvikling av føflekkreft.

Berekning

Solfaktor er basert på målingar med ei måleining som blir kalla «minimal erythema dose» (MED), der 1 MED er den minste dosen energi som trengst for å gi lett raudfarge i huda. Solfaktor er berekna som forholdet mellom MED-måling på beskytta hud samanlikna med ubeskytta hud. Noko forenkla kan ein seie at solfaktoren fortel kor mykje lenger ein kan vere i sola utan å bli solbrend, samanlikna med om ein ikkje har noka form for vern mot sola. Dette vernet vil likevel variere, mellom anna avhengig av hudtypen, intensiteten av sollyset og kor mykje solkrem som blir brukt.

Styrkegrad

Solfaktoren blir oppgitt på ein skala frå 0–100. Talet viser til styrken på vernet mot sola. Noko forenkla kan ein seie at solfaktor 15 blokkerer 93 prosent av UVB-strålane, solfaktor 30 blokkerer 96 prosent av UVB-strålane, og solfaktor 50 blokkerer 98 prosent av UVB-strålane.

Solfaktor 30 gir altså ikkje så mykje meir vern enn solkrem med solfaktor 15, men dette kan likevel ha noko å seie for personar som blir fort solbrende. Lysare hudtypar treng meir vern mot sola enn kva mørkare hudtypar gjer. Ein bør difor velje solfaktor etter hudtypen. Jo mørkare hud, desto mindre behov for vern.

UV-indeks

Kart
Kartet viser forventa UV-indeks for ein klarvêrsdag om våren (til venstre) og om sommaren (til høgre).

Vinkelen til sola varierer med årstidene. Dette gjer at intensiteten til UVB-strålane varierer. UV-intensiteten er høgast i sommarmånadene. UV-indeks er eit internasjonalt mål som blir brukt for UV-strålinga frå sola. Dette seier noko om risikoen for å bli solbrend. I Noreg er UV-indeksen på det lågaste i vintermånadene og høgast om sommaren. Når UV-indeksen er 3 eller meir, tilrår Kreftforeningen at ein vernar seg. Den generelle tilrådinga i Noreg er å bruke minimum solfaktor 30 når UV-strålinga er moderat, sjølv i korte periodar.

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik oppdaterer dagleg UV-indeksen i Noreg.

UV-indeks
Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet gir daglig oppdatering av UV-indeksen i Norge.

Vern

I tillegg til solkrem er det tilrådd å bruke skugge og klede som vern mot sola. Vel gjerne lette og langerma skjorter og bukser. Det er ikkje alle klede som gir like godt vern. Mørke fargar gir meir vern enn lyse fargar. Til dømes gir ei langerma denimskjorte ein solfaktor på cirka 1700, medan ei kvit T-skjorte gir ein solfaktor på cirka 7. Ein kan òg verne seg med bruk av UV-klede. Stoffet i UV-klede bremsar UV-strålane meir enn vanlege klede gjer.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar (2)

skreiv Mona Stensrud

Hei, det er fint om denne setningen endres slik at det står faktor 30 i stedet for 15:
Kreftforeningen anbefaler å bruke solkrem med minimum SPF 15.
Det må gjerne lenkes til kreftforeningen.no/Solvett

Vennlig hilsen Mona Stensrud, Kreftforeningen

svarte Synøve Kamøy

Hei, Mona! Tusen takk for at du la merke til dette - veldig viktig å få det riktig. Jeg retter på det med en gang. Takk også for godt tips til videre lenking. Beste hilsen, Synøve Kamøy, redaktør.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg