Håndhygiene
Håndhygiene
Av /Shutterstock.

Hygiene blir i daglegtalen brukt om det som er reint, friskt og fremjar det sunne, i motsetnad til det som er usunt og fører til sjukdom. I tradisjonell medisinsk språkbruk er hygiene ofte eit samleomgrep på helsefremjande arbeid og førebyggjande medisin. Ofte blir det lagt spesielt vekt på tiltak frå det offentlege som skal sikre folkehelsa. Ved universitetsundervisinga av medisinstudentar er omgrepet hygiene erstatta med førebyggjande medisin eller samfunnsmedisin.

Faktaboks

Uttale
hygiˈene
Etymologi
av gresk hygieia, ‘sunn’
Også kjend som
helselære

Hygienearbeid i kommunane blir i dag kalla miljøretta helsevern. Fram til 1988 stod helserådet for dette arbeidet, med heimel i sunnheitsloven frå 1860.

Kvar enkelt verksemd, som skule, huseigar eller handelsbedrift, er sjølve ansvarlege for eigne tiltak for å sikre forsvarleg hygiene. Kommunen fører nødvendig tilsyn med at kvar enkelt verksemd følgjer dei lovene og forskriftene som gjeld hygiene.

Næringsmiddelhygiene

Næringsmiddelhygiene omfattar tiltak for å sikre at vatn og mat er egna for forbruk, og ikkje gjer folk eller dyr sjuke. Tilsynet med dette er lagt til Mattilsynet. Tiltaka er i stor grad bygd på felles europeiske reglar.

Sjukehushygiene

Sjukehushygiene er tiltak for å førebyggje sjukehusinfeksjon og smittsame sjukdomar hos pasientar som primært er der for anna sjukdom. Eit viktig tiltak ved sjukehusa er å sikre god handhygiene slik at ikkje smittestoff blir ført over frå pasient til pasient eller frå personalet til pasientar. Med heimel i smittevernloven er det for å hindre sjukehusinfeksjonar gitt nærmare forskrifter om kontroll med slike infeksjonar, og om førehandsundersøking av helsepersonell.

Internasjonale avtalar

Gjennom Verdas helseorganisasjon (WHO) er det etablert internasjonale avtalar om hygienereglar for personar som reiser mellom ulike land og ved internasjonal varetransport. Sjå internasjonale helsereglement.

Allmenne hygienetiltak

Renhold av gatene

Renhold av gater er en del av samfunnets hygienetiltak.

Av /Unsplash.

I praksis er det ofte nær samanheng mellom tiltak som skal sikre hygiene, og det som vert gjort av estetiske grunnar. Dette gjeld til dømes arbeidsplassar og i offentlege bygg der rot og manglande reinhald er dei første teikna på at tilstanden kan bli uhygienisk.

Godt teknisk vedlikehald, for eksempel av ventilasjonsanlegg, er også avgjerande for å halde på eit hygienisk forsvarleg innemiljø. Det er viktig at tiltak blir gjennomført i tråd med faglege vurderingar. Det kan hindre overdrivne tiltak som i seg sjølv kan vere skadeleg.

I miljøretta helsevern i kommunane er omgrepet hygienisk skjønn sentralt. Dette er skjønnsmessige vurderingar av kva risiko tekniske og miljømessige forhold kan vere for redusert helsetilstand og utvikling av sjukdom. Vurderingar av estetiske forhold, som rot og reinhald, er som nemnd over sentralt i dette arbeidet.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg