Faktaboks

Jon Raude

hinn staðfasti («den ubøyelege» eller «den standhaftige»)

Død
21. desember 1282, Skara, Sverige
Levetidskommentar
fødselsår og fødested ukjend
Verke
Erkebiskop
Brakteat med Jon Raude
Jon Raude prega på ein brakteat.
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Jon Raude var norsk erkebiskop frå 1268 til 1282. Som erkebiskop kravde han full kyrkjeleg fridom, utan innblanding frå kongemakta i kyrkjelege saker. Han arbeidde for å få innført ein meir vidtgåande kristenrett. I sættargjerda i Tunsberg i 1277 oppnådde han vesentlege konsesjonar fra kong Magnus Lagabøte.

Etter sættargjerda fekk biskopane større makt over kyrkjelege saker enn kongen. Kyrkja fekk også fleire privilegium, som skattefritak og rett til å gje ut eigne myntar.

Etter at Magnus Lagabøte døydde 1280, kom Jon Raude i strid med formyndarstyret for barnekongen Eirik Magnusson. Baronstyret ville ikkje godkjenne sættargjerda, og det utvikla seg ein maktkamp mellom kyrkja og kongemakta. Jon bannlyste fleire av baronane, som svara med å dømme Jon utlæg (fredlaus). Han døydde i eksil i Skara i Sverige.

I ettertid vart det eit mål for kyrkja å halde på dei rettane som var oppnådde ved sættargjerda. Christian 1. fornya sættargjerda i 1458.

Bakgrunn

Jon Raude hadde bakgrunn som kannik ved domkapitlet i Trondheim. Han er omtala første gongen i 1253, som sira Jon. I 1266 oppheldt han seg i Roma og fekk i oppdrag av pave Clemens 4. å ta med seg tilbake til Noreg palliet til den nyoppnemnde erkebiskop Håkon. Håkon døydde alt i 1267, og same år valde domkapitlet samrøystes Jon til hans etterfølgjar. Paven gav sitt samtykke, og innviinga fann stad i Viterbo i Italia 24. juni 1268.

Erkebiskop

Kong Magnus Lagabøte var i slutten av 1260-åra i gang med det store lovarbeidet sitt. Han fekk vedteke nye lovbøker for Gulatingslag og dei austlandske lovområda, men då han i 1269 møtte på Frostatinget, hadde Jon teke over som erkebiskop, og han sette foten ned. Kongen måtte avgrense revisjonen av Frostatingslova til berre å gjelde den verdslege retten, og ikkje den delen av norsk rett som gjaldt kyrkjelege forhold (kristenretten).

Utarbeiding av kristenretten

Fotografi av Sættargjerda (håndskriftet) fra utstillinga ved Vestfold Fylkesmuseum i 2014
Sættargjerda var ein overenskomst inngått 9. august 1277 mellom kongemakt og kyrkje i Noreg, representert ved kong Magnus Lagabøte og erkebiskop Jon Raude. Sættargjerda ga ein meir tydeleg maktdeling. Kongen ga avkall på innblanding i valg av biskopar og abbedar, og kyrkja fekk skatte- og jurisdiksjonsprivilegium. Biskopen fekk rett til å utnevne prestar, også ved dei kongelige kapella. Til gjengjeld ga erkebiskopen avkall på å delta i kongevalg.
Fotografi av Sættargjerda (håndskriftet) fra utstillinga ved Vestfold Fylkesmuseum i 2014
Lisens: CC BY SA 3.0

Jon Raude markerte såleis frå første stund sitt standpunkt: Den kyrkjelege lovgjevinga var ei sak for kyrkja. Han gjekk straks i gang med å utarbeide sin eigen kristenrett, truleg ferdig i 1273, og også Island vart drege inn i dette arbeidet, med biskop Arne i Skålholt som hjelpar. Grunnelementet i Jons kristenrett er kanonisk rett, men historikar Anne Irene Riisøy og filolog Bjørg Dale Spørck meiner å kunne påvise at han nytta lovarbeidet til Magnus Lagabøte som førelegg.

I drøftingane med kongen stilte Jon krav om å få stadfest dei privilegia Magnus Erlingsson i 1160-åra hadde gjeve til kyrkja: første røyst til biskopane ved kongeval og ofring av kongekrona til St. Olav som teikn på underkasting. Dette avviste kong Magnus Lagabøte blankt, men han gjekk likevel med på å utstyre kyrkja med større rettar. Drøftingane vart sluttførte i 1273 (konkordatet i Bergen), og etter at paven hadde gjeve si godkjenning, vart avtalen endeleg vedteken ved sættargjerda i Tønsberg 9. august 1277.

I sættargjerda fekk kyrkja slått fast domsrett i alle kyrkjelege saker, både kristenrettssaker og klerkemål (saker mot geistlege). Store økonomiske nyvinningar kom i tillegg: utvida rett til skattefritak og fritak for leidangsferd (fritak frå å bidra til landets forsvar) for erkebiskopen og biskopane, og myntrett (rett til å gje ut eigen mynt) og utvida handelsprivilegium for erkebiskopen. Med tilleggslover 13. og 22. september 1277 vart også retten til bøter utvida, og kyrkja fekk nytt tiendregulativ (innteke i Jons kristenrett).

Dei framgangane Jon Raude oppnådde, har samanheng med at han som motpart hadde ein konge som var innstilt på fred og forsoning, og som i tillegg var merkt av sjukdom. Kongen døydde i mai 1280, og situasjonen vart brått ein annan då formyndarstyret for barnekongen Eirik tok over. Erkebiskopen hadde kalla inn til provinsialkonsil (bispemøte for kyrkjeprovinsen) i Bergen, det første vi kjenner til i Noreg, og under det parallelle riksmøtet krona han den nye kongen og forma den kongelege eiden. Samstundes ferda han ut eit statutt som definerer kyrkja både som åndeleg og verdsleg makt og presiserer dei kyrkjelege rettane og privilegia klårare enn nokon annan stad.

Konflikten med formyndarstyret (baronstyret)

Like etter kroninga av kong Eirik gjekk baronane til motaksjonar. Jons kristenrett med det nye tiendregulativet vart forkasta og myntretten til erkebiskopen kalla tilbake. Det viste seg også at den geistlege skattefridomen var lite verd, i og med at skatten vart lagd over på jordeigedomen. Jon Raude svara med ekskommunikasjon, men opplevde at det sterkaste våpenet han hadde, ikkje verka lenger.

Både baronane og Jon vende seg til paven, men han heldt seg nøytral, truleg fordi han trong hjelp frå formyndarstyret til å få inn den føreskrivne korstogstienda. Baronane kunne setje hardt mot hardt, og det enda med at erkebiskopen og dei to næraste hjelparane hans, biskopane Andres i Oslo og Torfinn i Hamar, vart lyste utlæge. Erkebiskopen var til stades i Trondheim i børjinga av juni 1282, men i midten av september var han komen til Skara i Sverige. Opphaldet i eksil vart kort. Han døydde 21. desember 1282 og vart året etter førd tilbake til Nidaros og gravfest der.

Jon Raude tapte kampen mot baronane, mykje som følgje av at han ikkje viste vilje til kompromiss. Men han gav kyrkja eit program, og vi kan sjå på det som ein siger at Christian 1. i 1458 gjekk med på å fornye sættargjerda frå 1277.

Utgivingar

  • Erkebiskop Jons provinsialstatutt (2.–29.7.1280), i Norges Gamle Love, bind 3, s. 229–241
  • Erkebiskop Jons kristenrett, i Norges Gamle Love, bind 2, s. 341–386

Eit utval brev

  • Påbod til islendingane om kristenrettssaker, datert 1269, i Regesta Norvegica, bind 2, nr. 80
  • Instruks til biskop Arne om arbeid med kristenretten, 1271/72, i Regesta Norvegica, bind 2, nr. 98
  • Instruks til biskop Arne om rettane til kyrkja, 1279, i Regesta Norvegica, bind 2, nr. 228
  • Erkebiskopen åtvarar baronane mot å minske rettane til kyrkja, 1280, i Diplomatarium Norvegicum, bind 3 nr. 20
  • Vitnebrev om samtalar mellom Jon og kongen med rådgjevarar, 1281, i Diplomatarium Norvegicum, bind 3 nr. 21
  • Ekskommunikasjonsbrev mot baronane Bjarne Erlingsson og Andres Plytt, 1280 eller 1281, i Regesta Norvegica, bind 2, nr. 286

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Árna Saga biskups, Reykjavík 1972
  • Bjørkvik, Halvard: biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgave (NBL2)
  • Daae, Ludvig: En Krønike om Erkebiskopperne i Nidaros, 1897
  • Fjellbu, Arne: Nidaros erkebispestol og bispesete, bind 1, 1955
  • Helle, Knut: Under kirke og kongemakt, bind 3 i Aschehougs Norgeshistorie, 1995
  • Johnsen, Oscar Albert: biografi i Norsk biografisk leksikon, første utgave (NBL1), bind 7, 1936
  • Keyser, Rudolf: Den norske Kirkes Historie under Katholicismen, 2 bind, 1856–1858
  • Koht, Halvdan: «Sættargjerda i Tønsberg 1277», i Historisk tidsskrift, rekke 5, bind 3, 1916, s. 261–276
  • Munch, Peter Andreas: Det norske folks historie, del 4, bind 1–2, 1858–59
  • Riisøy, Anne Irene og Spørck, Bjørg Dale: «Dateringen av nyere Borgartings kristenretter», i Collegium Medievale 12, 1999, s. 57–74
  • Seip, Jens Arup: Sættargjerden i Tunsberg og Kirkens jurisdiksjon, 1942

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg