Faktaboks

Vidkunn Jonsson
Levetidskommentar
Fødselsår er ukjent, fødestad er truleg Bjarkøy, Troms; Død ca. 1140, nøyaktig dødsdato er ikkje kjend, gravstad er truleg Bjarkøy; nemnd 1095–1139
Verke
Lendmann
Familie
Foreldre: Lendmannen Jon Arnesson (død etter 1095) og Rannveig Sigurdsdotter. Gift, namnet til kona er ukjent. Sonedotters son til Tore Hund (død etter 1030); grandnevø (brorsons son) til Finn Arnesson (død ca. 1065), Kalv Arnesson (død 1051) og Torberg Arnesson (død ca. 1050); tremenning til kong Olav 3 Haraldsson Kyrre (ca. 1050–1093).

Vidkunn Jonsson representerte andre lendmannsgenerasjon på Bjarkøy og var ei lojal politisk og militær støtte for kongane Magnus Berrføtt og sonen hans Sigurd Jorsalfare. I innbyrdesstridane etter 1130 støtta han sin eigen fosterson Magnus Blinde.

I tronstridane etter at Magnus Berrføtt vart konge 1093, kom 1095 ein opprørsflokk under leiing av Tore Tordsson (Steigar-Tore) til Bjarkøy. Dei røva alt lausgodset og brende garden og eit godt langskip. Vidkunn Jonsson, som her er nemnd første gong, måtte rømme saman med faren. Da kong Magnus straks etter kom nordover, vart Steigar-Tore og dei fleste mennene hans fanga; nokre vart drepne (blant dei Tore), andre lyste fredlause. Sagaene gir ei dramatisk og levande skildring av denne episoden.

Vidkunn, som høyrde til Bjarkøy-greina av Giskeætta, markerte seg dei følgjande åra med sterk støtte til Magnus Berrføtts kongedøme. Saman med lendmannen og vennen Sigurd Ranesson på Steigen i Nordland utgjorde han det nordlege tyngdepunktet i eit landsomspennande nett av stormenn som var sjølve maktgrunnlaget for kong Magnus. Ein eldre bror til Vidkunn, Sigurd Jonsson Hund, slutta seg derimot til opprørsflokken 1095 og var blant dei kongen lyste fredlaus.

Vidkunn Jonsson var blant lendmennene som deltok på Magnus Berrføtts andre vesterhavstog 1102–03. Under stridane i Ulster august 1103, der kong Magnus fall, var han den siste nordmannen som – med kongsmerket og kongens sverd Leggbit – var att på valplassen. Han var hardt såra, men greidde å drepe kongens banemann. Denne innsatsen gav Vidkunn prestisje i vide krinsar, og sagaskrivaren understrekar særskilt at sønene til kong Magnus i åra etter “synte stor vennskap mot han”. Ein del sagaversjonar namngir Vidkunn også på første vesterhavstoget til kong Magnus 1098–99. Men dette er usikkert og er ikkje nemnt i dei store sagakompilasjonane frå 1200-talet.

Under samkongedømet til Magnussønene etter 1103 var Vidkunn Jonsson kong Sigurd Jorsalfares lendmann. Da kong Sigurd ca. 1115 saman med ei frille fekk sonen Magnus, den seinare kongen Magnus Blinde, vart guten straks send til oppfostring hos Vidkunn på Bjarkøy. Under dei harde innbyrdesstridane sist i 1130-åra gav Vidkunn vinteropphald for fostersonen 1138–39, og det er siste gongen lendmannen på Bjarkøy er nemnd i sagaene. Stutt tid etter må han vere død.

Ein del sagaer (bl.a. Morkinskinna) fortel i den innskotne Þingasaga om Sigurd Ranessons tvist med Sigurd Jorsalfare om finnferda (handel med og skattlegging av samane) ca. 1113–15. Saka utvikla seg til ein prisipiell rettstvist om kongars rett til å gi privilegier ut over eiga regenttid. I denne striden bad Sigurd Ranesson om støtte frå vennen og kampfellen Vidkunn. Det fekk han ikkje, med den grunngiving at Vidkunn var Sigurd Jorsalfares lendmann, og at det ville vere usømmeleg å svikte han. Sigurd Ranesson var nemleg kong Øystein Magnussons lendmann, og dei to kongane var formelle motpartar i saka. Opptrinnet gir eit interessant glimt av den lojalitets- og æreskodeks som var rådande blant tidas stormenn.

Gjennom sonedottera Ragna Erlingsdotter, gift med lagmannen Bjarne Mårdsson, vart Vidkunn Jonsson ættefar til den yngre greina av Bjarkøyætta. Og Vidkunn-namnet kom gjennom generasjonar til å fungere nærast som eit eksklusivt varemerke for slekta.

Kilder og litteratur

  • Ágrip af Nóregs konunga sögum, utg. av G. Indrebø, 1936/73
  • Morkinskinna, utg. av Finnur Jónsson, 1932 (omsett av K. Flokenes, 2001)
  • Fagrskinna, utg. av Finnur Jónsson, 1902–03
  • HKr.
  • Early Sources of Scottish History, bd. 2, utg. av A. Orr Anderson, 1922/90
  • Sigurd Ranessøns Proces, utg. av G. Storm, 1877
  • NFH, del 2, 1855
  • G. Storm: “Om Lendermandsklassens Talrighed i 12. og 13. Aarhundrede”, i HT, rk. 2, bd. 4, 1884
  • H. Eidnes: Hålogalands historie, 1943/54
  • J. Jansen: biografi i NBL1, bd. 16, 1969