Faktaboks

Tor Jonsson
Fødd
14. mai 1916, Lom, Oppland
Død
14. januar 1951, Oslo
Verke
Forfattar
Familie
Foreldre: Husmann Johannes Johnsen (1869–1929) og Torø Thorsen (1878–1950). Ugift.
Tor Jonsson

Tegning 1950

Tor Jonsson
Av /NTB Scanpix ※.

Tor Jonsson var forfattar og journalist. Han er i dag mest kjend som lyrikar og var då han døydde, rekna som ein av dei mest lovande. Dikta hans er komne ut i fleire utgåver, han er representert i antologiar og skulebøker, og mange av dikta er tonesette.

Jonsson voks opp i fattige kår på husmannsplassen Kroken i Lom i Gudbrandsdalen. Faren døydde då sonen var 13 år, og etter det budde den smålåtne ungguten mesteparten av livet heime saman med mora og ei ugift syster – på eitt rom og kjøkken med sovealkove. Han heldt seg mykje for seg sjølv, likte å gå lange turar i fjellet og blei av mange sett på som einstøing. Tor Jonsson følte seg sterkt knytt til begge kvinnene i heimen, særleg til mora. Først etter at ho døydde i juni 1950, flytta sonen inn til Oslo. Han fann seg ikkje til rette der, og rett over nyttår 1951 tok han livet av seg, berre 34 år gammal.

Etter folkeskule og toårig framhaldsskule ville Johan Bojer i 1932 koste på han meir utdanning, men Tor Jonsson sa nei. Han ville ikkje leve på rikmanns gunst. Same hausten debuterte 16-åringen med forteljinga Eit Illmenne i Arbeidermagasinet. Han var bygdekorrespondent for avisa Gudbrandsdølen, og etter nokre år i gartnarlære rundt om i distriktet gjekk han på Oppland småbruks- og hagebruksskule på Lena (1939–40). I denne perioden blei hans diktmanus refusert hjå tre forlag. Men 1943 debuterte gardsarbeidaren med diktsamlinga Mogning i mørkret, nesten ikkje omtalt i pressa, men samlinga selde likevel over 1300 eksemplar.

I perioden 1945–47 arbeidde han som journalist i Dølenes Blad, seinare Dølabladet (Otta) og som redaktør i Hallingdølen (Ål), men stort sett budde han heime og livnærte seg som diktar og frilansskribent. 1946 gav han ut diktsamlinga Berg ved blått vatn, som blei godt motteke av kritikarane. Etablert som diktar blei han medlem av Den norske Forfatterforening. Samlinga Jarnnetter (1948) hausta òg store lovord. Rett før han døydde leverte han manuset til Ei dagbok for mitt hjarte, og dette blei gjeve ut hausten 1951 saman med 28 lause dikt.

Hausten 1950 hadde han stor suksess på andre område. Som dramatikar vann han Kyrkjedepartementets pris for beste amatørskodespel med einaktaren Siste stikk, og han kom ut med artikkelsamlinga Nesler, artiklar og innlegg han hadde skrive som spaltist i bladet Bygdeungdommen eller hatt på trykk i Dagbladet og Arbeiderbladet. Her står Jonsson fram som ein sosialt engasjert journalist i sin kritikk av kulturelle og sosiale tilhøve på landsbygda, særleg vil han til livs den rådande tendensen til idyllisering av bygdesamfunnet. Og han kan vere svært skarp, både ironisk og satirisk, og direkte vondskapsfull, i sine bitande åtak mot urett og undertrykking. Eit oppfølgjingsbind av Nesler kom 1952.

Dikt i samling blei første gong utgjeve til Tor Jonssons 40-årsdag 1956 med etterord av Tore Ørjasæter og eit gripande minnedikt som Jan-Magnus Bruheim skreiv ved vennens død. For denne boka fekk Jonsson tildelt Litteraturkritikarprisen post mortem. 1960 kom Prosa i samling, og 1973 og 1975 Tekster i samling i to band, inkludert fleire dikt som stadig ikkje er med i Dikt i samling.

Diktarens sjølvvalde død kom overraskande på mange sidan Jonsson no hadde både pengar og kunstnarleg suksess, medan andre visste at han ikkje likte seg i hovudstaden, at han var einsam og sakna nærheit og varme, samtidig som han hadde angst for intim omgang. Han hadde eit svært problematisk tilhøve til kvinner og kjende seg mislukka som mann fordi han var impotent. Det har blitt hevda at det tette samlivet med mor og søster hadde gjeve han seksualangst og øydelagt kjærleiksevna hans. Han søkte trøyst i alkohol og nervetablettar og til slutt i døden.

Lengten etter kjærleik og død var eit gjennomgåande motiv i diktinga, heilt frå debutsamlinga, jf. “Ja, lengsla har lyst i bann / eit liv, og sett sjela i brann.” (Drøymaren), og til hans kjende etterlatte dikt Når du er borte: “Nærast er du når du er borte. / Noko blir borte når du er nær. / Dette kallar eg kjærleik – / Eg veit ikkje kva det er.” Så sterkt seier han det at viss han var Gud, ville han skape kjærleik og død, “berre kjærleik og død”, og meinte at det var no eit Fattig ynskje, som han kalla diktet.

Jamsides lengten går angsten, angsten for skuggane i sitt eige sinn som han ikkje vann med. Sine inste kjensler greier han ikkje setje ord på, og hevdar derfor at “Eg er ein mann ingen kjenner.” Grunnen er at “Det bur ein annan i meg, han åtte aldri ord” (Den ukjende). Tore Ørjasæter understrekar Jonssons sanne eg som ingen kjende (“Han bar si maske som riddaren sitt visir”) og ein tvibotna humor som skulle verne det han bar inni seg (“sjeleleg kamuflasje”). Tor Jonsson synest like splitta og tvetydig når det gjeld kva som kan gjere eit menneske lykkeleg, jf. diktet: “Du eig ikkje lykka einsleg. / Lykka er ikkje for to.” (Du eig ikkje lykka)

Eitt av Tor Jonssons sterkaste dikt med den talande tittelen Eg åtte ikkje kjærleik blei funne ved sengekanten hjå den døde. Diktar-eg vedgår at han heile livet har “tala pent med englemunn”, men at det berre var tomme ord. Han har svike seg sjølv og alle andre, også sine eigne “brødre”, fordi han mangla evna til å elske. Draumen om kjærleik i eit idyllisk framtidssamfunn er der enno, sjølv om han – den fragile diktarsjela – skal døy med eit einsamt og sundslege hjarte. Dette utdraget er òg typisk for Tor Jonssons lyrikk: korte verseliner, fast rytme, ofte regelbundne vers og få og klare bilete:

Eg åtte ikkje kjærleik

Og difor er eg jord.

Men kanskje finst eit rike

Der einast kjærleik gror.

/.../

Ein gong skal eg døy i einsemd,

Lik ein fugl med broten veng.

Det var ikkje så lett å bli klok på den fintfølande og kjenslevare Tor Jonsson – eit skjert og sårnæmt menneske med vakne og vare sansar, ifølgje Reidar Djupedal. Han hadde fleire venner, men heldt dei alltid litt på avstand.

Fleire har sett musikk til Tor Jonssons dikt, m.a. den polsk-norske musikkunstnaren Andrej Nebb, som med CDen Kvite fuglar baserer seg på dikt av Tor Jonsson.

Tor Jonsson er gravlagd på kyrkjegarden i Lom. 1961 overtok kommunen diktarens barndomsheim, som no er ein del av Lom Bygdamuseum. Tor Jonsson-selskapet blei stifta 2000.

Verker

    Diktsamlingar

  • Mogning i mørkret, 1943
  • Berg ved blått vatn, 1946
  • Jarnnetter, 1948
  • Ei dagbok for mitt hjarte, 1951 (posthumt)
  • Dikt i samling, 1956 (fleire seinare utg.)

    Andre utgjevingar

  • Siste stikk (skodespel i ei akt), 1951
  • Nesler, 2 bd. (band 2 redigert av R. Thesen), 1950–52
  • Prosa i samling (redigert av H. Skaranger), 1960
  • Tekster i samling, 2 bd. (redigert av I. Heiberg), 1973–75
  • Blant bygdedyr og vestkantkrokodiller (prosa, redigert av I. S. Kolloen), 2000

    Utrykt materiale

  • Etterlatne papir, brev, notar i Handskriftsamlinga, NBO

Kilder og litteratur

  • T. Ørjasæter: “Kring diktaren og mennesket Tor Jonsson”, i SogS 1951, seinare trykt som etterord i Dikt i samling, 1956 og seinare utg.
  • H. Skaranger: Grunnmotiver i Tor Jonssons diktning som uttrykk for dikterens sentrale livsproblemer, h.oppg. UiO, 1954
  • O. Hageberg: Å vera eit eg – ein studie i Tor Jonssons lyrikk, h.oppg. UiO, 1965
  • H. M. Vesaas: “Song om død og liv” i d.s.: Sett og levd, 1967
  • S. Olsen: Tor Jonsson-minne, 1968
  • J.-M. Bruheim: “Tor Jonsson – minneblenk frå eit samvære”, i SogS 1976
  • I. Heiberg: Drøm mot virkelighet. En bok om Tor Jonsson, Voss 1984
  • R. Djupedal: “Tor Jonsson. Mannen som ingen kjende”, i Årbok for Gudbrandsdalen 1986, s. 121–140
  • M. B. Sundli: Fåkjeldland – minne frå Tor Jonssons heimegrend, Lom 1991
  • I. S. Kolloen: Berre kjærleik og død. Ein biografi om Tor Jonsson, 1999
  • d.s.: Berre kjærleik og død – 13 scener (teatermanus med innslag av Tor Jonsson-tekstar; urpremiere Trøndelag Teater 11.10.2000), 2000
  • J. O. Gatland: “Tor Jonsson – 'ein fugl med broten veng'”, i SogS nr. 4/2001, s. 34–45