Faktaboks

Thorvald Aadahl
Fødd
23. juli 1882, Rødenes i Marker, Østfold
Død
26. mars 1962, Oslo
Verke
Forfattar og pressemann
Familie
Foreldre: Gardbrukar August Aadahl (1860–1940) og gardbrukar Augusta Heen (1860–1949). Gift 1918 med Aagot Kristine Evenvold (3.7.1884–14.6.1957), dotter til gardbrukar Per Evenvold (1840–1912) og Rønnaug Engeland (1844–1922).

Thorvald Aadahl var forfattar og pressemann og er først og fremst kjent som profilert redaktør av Nationen.

Han voks opp i Rødenes i Østfold, der foreldra var gardbukarar, og etter folkeskolen tok han landbruksskolen på Kalnes. Men det var som skrivandes mann han markerte seg, og alt som ung gut publiserte han humoristiske forteljingar og viser. Det var starten på ei litterær verksemd som munna ut i ei rekkje bøker, mellom dei eit par romanar, fleire teaterstykke og mange samfunnssatiriske småstykke. Fire av teaterstykka vart oppførte på Nationalteatret i perioden 1913–35 og eitt på Centralteatret. Fleire av bøkene hans vart omsette til utanlandske språk – dansk, nederlandsk og fransk.

1906 vart Aadahl redaktør i det vesle venstrebladet Østlandet på Mysen. Herifrå vart han 1908 henta av Kleist Gedde, som dreiv Landmandsposten, og gjort til redaksjonssekretær, seinare medredaktør. 1913, då Gedde drog seg ut, vart Aadahl eineredaktør. Frå no av vart avisa hovudorgan for Norsk Landmandsforbund. 1918, då forbundet stod fram som ein landsomfattande organisasjon, tok avisa namnet Nationen og gjekk over til å bli dagsavis.

Aadahl var ein av dei som ivra mest for å gjere Landmandsforbundet til parti, og han brukte avisa for å agitere for dette. Han fekk likevel eit tvitydig forhold til Bondepartiet. Han var motstandar av målsak og brennevinsforbod og kom tidleg i konflikt med vestlandsfløyen i partiet. I 1930-åra tok han skarpt avstand frå den kursen partiet då slo inn på. Aadahl var sterkt antisosialistisk, og han såg det som eit overordna mål å verne om bondesamfunnet, som han meinte var truga av eit degenerert by- og industrisamfunn. Samfunnssynet hans førte han over i antidemokratiske høgreorienterte krinsar. 1931 overtala han Peder Kolstad til å ta Quisling inn som forsvarsminister i bondepartiregjeringa, og i den striden som utvikla seg seinare mellom Jens Hundseid, som tok over etter Kolstad, og Quisling, gav han støtte til den siste. Han var også mellom dei som ynskte at bonderørsla skulle samarbeide med høgreradikale organisasjonar for å demme opp overfor sosialismen. I den redaksjonelle linja til Nationen vart også nazismen og utviklinga i Tyskland sett på med positive auge.

I 1930-åra utvikla det seg eit stadig dårlegare forhold mellom avisredaktøren og partiet. Aadahl motarbeidde den utviklinga som førte til at partiet vart frigjort frå den makta Bondelaget hadde hatt over det, og han likte dårleg den pragmatiske politikken som agronomane i partiet slo inn på. 1931 byrja avisa å kalle seg “organ for Norges Bondelag”. Ho var passiv i valkampen 1933 og sterkt negativ til kriseforliket med Arbeidarpartiet 1935. Bondepartiet arbeidde for å få reorganisert avisa og få inn ei anna leiing. Det var også planar om å slå saman Nationen og Tidens Tegn. Men avisstyret, der bondelagsformannen Johan E. Mellbye sat som leiar, heldt ei vernande hand over redaktøren. I bondelagsleiinga kunne Aadahl i det heile finne menn som stod langt nærare samfunnssynet hans enn hos dei som sat i partileiinga. Striden førte mellom anna til at Nationen nesten heilt boikotta Bondepartiet i valkampen 1936.

Nationen var ei av dei avisene som fekk halde fram under okkupasjonen. Aadahl sat som redaktør fram til 1942, då han drog seg ut på grunn av problema han hadde med å innordne seg pressesensuren. Han hadde seinare eit engasjement for Norges Industriforbund. Etter krigen vart det reist sak mot han for avisarbeidet under okkupasjonen. Tiltalepunkta galdt m.a. redaksjonelle leiarar som gjekk mot aktivt motstandsarbeid, og stoff som inneheldt propaganda for Tyskland. Aadahl vart frikjent av Høgsterett 1948. Etter ei samla vurdering fann retten at det Aadahl hadde gjort, ikkje kunne stemplast som rettsstridig ut frå dei forholda som eksisterte under okkupasjonsstyret.

Aadahl var formann i P.E.N.-klubben 1928–31 og i Norsk Presseforbund 1931–34.

Verker

  • Frieri aa saant'no. Træk fraa ongdomstiæ aa den gamle striæ, Mysen 1904
  • Det store fund. Skuespill, 1913
  • Kristine fra landet. Skuespill, 1913
  • Kjære Bolette. Av stortingsmand Alexander's efterlatte papirer fra siste session, 1919
  • Anklagede. Skuespill i tre akter, 1920
  • Millionen. Skuespill, 1928
  • Den store skilsmissen. Lystspill, 1935
  • Gårdsklokken, 1941
  • Efterklangen, 1945
  • P. M. Røwde. En mann og hans verk, 1951
  • Skumring over Makrellbekken, 1953

Kilder og litteratur

  • E. Skavlan: biografi i NBL1, bd. 1, 1923
  • HEH 1959
  • H. Holten: minneartikkel i Nationen 27.3.1962
  • B. V. Gabrielsen: Menn og politikk. Senterpartiet 1920–1970, 1970
  • G. Hjeltnes: Avisoppgjøret etter 1945, 1990
  • H. F. Dahl: Vidkun Quisling. En fører blir til, 1991
  • O. Rovde: “I kamp for jamstelling 1896–1945”, i Hundre år for bygd og bonde 1896–1996, bd. 1, 1995
  • M.-B. Ohman Nielsen: Jord og ord. En studie av forholdet mellom ideologi, politikk, strategi og mobilisering hos den tredje pol i det norske partisystemet. Bondepartiet 1915–1940, dr.avh. UiB, Bergen 1997
  • d.s.: Bondekamp om markedsmakt. Senterpartiets historie 1920–2000, bd. 1, 2002