Faktaboks

Thormod Hegg
Fødd
6. mai 1912, Lier, Buskerud
Død
4. november 2004, Lier
Verke
Gartnerieigar og blomsterforedlar
Familie
Foreldre: Gartnerieigar Frantz Hegg (1872–1965) og Anna Sofie Iversen (1883–1977). Gift 1934 med Randi Elise Karoline Johannessen (18.3.1912–22.2.1994), dotter til driftsstyrar Arthur Johannesson (1892–1965) og Anna Sofie Jenssen (1885–1982).

Thormod Hegg vil for alltid ha namnet sitt knytt til poinsettia (julestjerne), for di han hadde mykje av æra for at denne blomsterplanta vart så populær. 1967 lanserte han ein sort som sette sideskott utan topping. Denne sorten fekk namnet Annette Hegg etter det første barnebarnet. På få år vart det hovudsorten i poinsettia både i Europa og USA.

Far til Thormod, Frantz Hegg, var oppvaksen på husmannsplassen Nedre Hegg i Lier. Han kjøpte plassen 1889 og dreiv deretter vanleg gardsdrift. 1905 byrja han med grønsaker og omkring 1918 med blomsterproduksjon i veksthus, som kona Anna stod for. Etter kjøp av andre eigedommar hadde han omkring 1920 ca. 400 dekar jord.

Dei tre sønene var med i drifta. Gunnar leia eit omfattande husdyrhald og dreiv som grønsakgrossist på torg i Oslo. Øyvin stod etter kvart for grønsakproduksjonen, medan Thormod var leiar for veksthusgartneriet. 1943–44 var firmaet sameige mellom Frantz, Gunnar og Thormod, 1946 kom også Øyvin inn som eigar. Frantz Hegg hadde også forretning i Drammen, som den eldste dottera Astrid styrte. Frantz Hegg Gartneri dreiv stort. 1950 var det 25 heiltidstilsette og opp til 100 sesongarbeidarar i verksemda. 1946 fekk Frantz Hegg Kongens fortenestemedalje i gull. Han trekte seg tilbake frå firmaet 1958.

Thormod Hegg tok realskuleeksamen 1930. 1933–34 hadde han læretid i eit gartneri nær Berlin og vel eit år i den velkjende lærestaden A. Knudsens gartneri i København. Seinare tileigna han seg mykje kunnskapar ved å lese faglitteratur, ved å vitje kjende gartneri i utlandet og ved å delta aktivt i det vitskaplege miljøet. Han reiste uvanleg mykje.

Frå 1935 stod Thormod for veksthusproduksjonen i firmaet Frantz Hegg Gartneri. 1950 kjøpte han eigedomen Sommerosletta i Lier, og frå 1964 bygde han saman med sonen Frantz Arthur opp eit gartneri med bustadhus på staden. 1967 gjekk Thormod Hegg ut av familieselskapet og vart eineeigar av gartneriet på Sommerosletta. Frå 1968 til 1993 (då han var 81 år) dreiv Thormod Hegg gartneriet under firmanamnet Thormod Hegg & Sønn ANS, det meste av tida saman med sonen Frantz Arthur. Det vart på kort tid eit av dei leiande småplantegartneria i Noreg.

Det var Thormod som bygde opp blomsterproduksjonen i firmaet Frantz Hegg Gartneri. I Danmark hadde han 1934 lært å formeire begonia med bladstiklingar, og det gjekk ikkje lang tid før julebegonia var blitt ein hovudkultur i gartneriet. Andre blomstergartnarar følgde etter, og sal av unge begoniaplanter vart ein spesialitet for norske gartnarar. Mykje vart eksportert til Sverige og Finland.

Thormod utførte dei rette kryssingane og seleksjonane i alpefiol, og på den internasjonale utstillinga IGA i Hamburg 1963 kom han heim til gartneriet med 6 gullmedaljar for blomstrande potteplanter, mest grunna på tre seleksjonar i alpefiol. På ei utstilling i København 1964 fekk Frantz Hegg Gartneri dronning Ingrids ærespris for det som vart vist fram av begonia og alpefiol. På nytt var det kvaliteten av alpefiol som gjorde utslaget. Av dei mange andre påskjønningar som gartneriet fekk, kan nemnast Nordisk Gartnerforenings ærespris på ei utstilling i Helsingfors 1946. Det vart også fleire gullmedaljar på utstillingar i Hamburg 1953 og 1973.

Då Thormod Hegg arbeidde i Danmark, var poinsettia helst snittplante. Hovudproblemet var at blomstrane var lite holdbare. Thormod Hegg byrja å formeire ulike importerte sortar (såkalla kultivarar, dvs. plantevarietetar som berre finst i kultur), og i 1950-åra utførte han kryssingar i poinsettia for å få fram ei betre potteplante. Tidleg i 1960-åra hadde det kome fram nye kultivarar i Noreg og USA. Men på ei utstilling i Sarpsborg 1967 kunne Thormod og Frantz Arthur Hegg, etter mange års arbeid, presentere ein kultivar som gjekk framom dei alle: Annette Hegg. Deretter kom denne kultivaren, og mutantar av han, til å dominere den internasjonale poinsettia-industrien. Sorten vart presentert på utstillingar i Amsterdam, Gent og Göteborg. Sonen Frantz Arthur stod for mykje av lanseringa.

Thormod Hegg støtta opp om forsking på blomsterkulturane. Han var såleis i lang tid formann i ein komité i Norsk gartnerforbund som arbeidde med å skaffe midlar til slik forsking. Han var styremedlem i gartnarforbundet og styremedlem og styreformann i LOG. For Høyre var Thormod med i kommunestyret og formannskapet i Lier i 12 år.

Av personlege påskjønningar kan nemnast Den Gyldne Tulipan og Substralprisen, båe i Danmark. Thormod Hegg var også Roseridder i Oslo gartnerforbund.

Kilder og litteratur

  • P. Grimsrud: Frantz Hegg Gartneri 100 år 1889–1989,særtrykk, 1989
  • E. Strømme: “Thormod Hegg – The man and his work”, i E. Strømme (red.): The scientfic basis of Poinsettia production,Ås 1993, s. 9–13