Ironisk melankolikar, åttitalssentimentalist og vestlandssurrealist er overflatiske karakteristikkar brukt om Ragnar Hovlands mangslungne, sjangeranarkistiske og kresent stilreine forfattarskap.
Prestesonen Hovland er fødd i Bergen, voks opp i Strandvik i Midthordland og Luster i Sogn og tilbrakte gymnastida i Stavanger. Etter studieår i Bergen (1972–80) med fransk og litteraturvitskap, og arbeid som medredaktør i tidsskriftet TUN, var han lektor i Husnes i Sunnhordland (1980–84), sidan lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland (1987–92), før han fekk base i Oslo.
Etter debutromanen, Alltid fleire dagar (1979), har Hovland hittil gitt ut 39 titlar innanfor dei fleste sjangrar: romanar, noveller, kortprosa, dramatikk, essay, dikt, artiklar, gjendiktingar, reiseskildringar, kriminalromanar, fagbøker, dikt og romanar for barn og ungdom, og har omsett ei lang rekkje romanar, teikneseriar, teaterstykke og barnebøker frå fransk, engelsk og tysk. Han har skrive for film, kabaretar og fjernsynsseriar, er ein habil musikar på fleire instrument og har medverka på LP-plater og CDar, bl.a. i bandet Dei nye kapellanane.
Fram til 1988 var fleire Hovland-romanar hovudbøker i bokklubbane, medan han – fleirfaldige prisbelønte og kritikarroste titlar seinare – er “redusert” til ein ironiserande og tørrvittig kultforfattar. Til gjengjeld har stadig fleire autoritetar peikt på Hovland som ein av dei profilerte nyskaparane innanfor barne- og ungdomslitteraturen, der han korkje misjonerer eller skriv didaktisk og han har stått i fremste rekkje for å bryte ned skiljet mellom vaksen- og barnelitteratur. Fleire gjendiktingar frå spansk, tysk, engelsk og framfor alt fransk har demonstrert at denne særeigne prosakunstnaren er ein stor og formsikker poet. Med sin slentrande, lakoniske stil prøver han å unngå metaforar og er sterk tilhengar av det overflatiske for ikkje å hamne i psykologisering. Hans eigne teikneseriar og illustrasjonar, som i Katten til Ivar Aasen møter hunden frå Baskerville (dikt for barn, 1996), er prega av same kunstsynet.
Hovland deler forfattarskapen sin i to: “Rock'n roll”-delen er befolka av styrlause vestlendingar som sjølve bestemmer korleis verda skal sjå ut, mens personane i “nouvelle vague”-delen er meir lågmælte og styrte av mystiske og utanforliggjande krefter. Denne todelinga følgjer korkje kronologi eller sjangergrenser i forfattarskapen, og hovudpersonane i begge leirar er ofte sårbare, smålåtne og usikre typar, som på si ferd gjennom livet – oftast på bilturar med eller utan ferjer – kjem i lag med bisarre og burleskt fargerike typar som tek episke og uetiske omvegar til dei mest vanvittige episodar. Samtidig kan harry einstøingar brått og naturleg slå om seg med djuptpløyande filosofiske refleksjonar, som dei på kreativt vis koplar til filmscener, popsongar, klisjear og sjablongar frå det internasjonale kulturfellesgodset som frå 1950- og 1960-åra viska ut skiljet mellom oppvekst i by og land. Innverknad frå beatnikdikting er tydeleg, og utanom Richard Brautigan høyrer Groucho Marx, Mark Twain, Carl Barks, Boris Vian, Georges Perec, Raymond Queneau, Zinken Hopp, Hardy-guttene og talrike teikneserieheltar like naturleg til inspirasjonskjeldene som Matias Orheim, Elvis eller Bibelen.
Med debutromanen og oppfølgjarhistoriene i Vegen smal og porten trang, romanane Sveve over vatna, Paradis og Dr. Munks testamente, etablerte Hovland ein tørrvittig og lett gjenkjenneleg skrivemåte, der fleire enn den mytomane Dr. Munk harselerer over politikk, erotikk og musikk. I kortprosaboka Sjølvmord i skilpaddekaféen, i delar av Åleine i Alpane. 20 bøker og i kritikerprisvinnaren Ei vinterreise frå 2001 leverer forfattaren kanskje sine mest sjølvbiografiske tekster. Krimparodiar eller -pastisjar finn ein i Bussen til Peking, Utanfor sesongen og Eline og Julie tar ferja (1994), dels også i Halve sanninga. Tre versjonar, mens han i Professor Moreaus løyndom framfor alt geipar til metaromanen.
Også i den barne- og ungdomslitterære produksjonen yndar Hovland å gi lesarane fleire kodar, allusjonar og metalitterære signal, som i Jakta på Salamanderen, Emil og Kaffikokaren, Mercedes, brageprisvinnaren Ein motorsykkel i natta, eller i Bjørnen Alfred og hunden Samuel forlét pappkartongen, ei tøydyrsoge i spennet mellom Alfred Jarry, Samuel Beckett og A. A. Milne. Fleire av Hovlands vaksenromanar er omsette til andre språk, og dei burleske barnebøkene har fått ein grenseprengjande kritikarsuksess og hausta fleire prisar i inn- og utland.