Faktaboks

Ole Rømer Sandberg
Ole Rømer Aagaard Sandberg
Fødd
29. september 1831, Stavanger, Rogaland
Død
19. desember 1899, Vang (no Hamar), Hedmark
Verke
Bonde og politikar
Familie
Foreldre: Prest Christian Juell Sandberg (1805–43; sjå NBL1, bd. 12) og Marie Cathrine Rosenkilde (1802–86). Gift 10.5.1857 med si kusine Ingerine Susanne (“Rina”) Peterson (22.11.1835–27.9.1921), dotter til konsul Peter Christian Peterson (1800–43; son til Momme Peterson, 1771–1835) og Hedevig Jacoba Sandberg (1808–93). Dotterson til Peder Valentin Rosenkilde (1772–1836); brorson til Ole Rømer Aagaard Sandberg (1811–83; sjå NBL1, bd. 12); fetter til Georg Sandberg (1842–91, sjå sst.) og Jørgen Christian Aall Sandberg (1850–1942; sjå sst.); far til Ole Rømer Sandberg (1865–1925); farfar til Ole Rømer Sandberg (1900–85); filleonkel (fars fetter) til Einar Sandberg (1876–1947).

Ole Rømer Aagaard Sandberg var utdanna teolog, men praktiserte aldri som prest. I staden slo han seg opp som bonde og vart ein av dei største jordeigarane i Hedmark. Samstundes var han ein av dei mest profilerte deltakarane i den jordbruksfaglege og jordbrukspolitiske debatten i Noreg.

Sandberg voks opp i Stavanger og gjekk på latinskulen der. Etter examen artium 1848 byrja han å studere ved universitetet i Christiania og tok teologisk embetseksamen 1854. På grunn av ein brystsjukdom tok han aldri praktikum. Han vart i staden tilrådd å reise til Sør-Frankrike, der han i lang tid budde i Nice. Etter språkstudiar i Paris og London vende han tilbake til Noreg og praktiserte eit par år som lærar, slik han også hadde gjort i studietida. Men helseproblema hans gjorde at lækjaren hans rådde han til å forlate læraryrket og flytte på landet. Der vart han bonde.

Mellom anna ved hjelp av pengar kona hadde arva, kjøpte Sandberg garden Freberg i Furnes 1857 og dreiv den til 1862. 1862–66 styrte han den store eigedomen Elingård i Onsøy, som var eigd av firmaet til svigerforeldra hans, M. Peterson & Søn i Moss. 1866 kjøpte han Hol i Furnes og budde der til 1876. Det året tok han over Storhamar i Vang, der han budde til han døde. Med Freberg, Hol og Storhamar eigde han tre av dei største gardane i Hedmark. Hol vart seld 1882. Sonen, kaptein Ole R. Aa. Sandberg, kjøpte den tilbake 1898.

Det er ikkje utan vidare lett å skjøne at helseproblema Sandberg hadde, gjorde det lettare å fylle eit krevjande praktisk yrke enn å arbeide som lærar. Drivkrafta var den sterke interessa han hadde for jordbruksdrift. Åsmund O. Vinje, som vitja han på Freberg 1860, skreiv at Sandberg var “netup denne sjølvstendige Mannen, som ingen ytre Grunn kan hava til at tenkja og gjera annat, en det han finn er det Rette”. Gardsdrifta synte at han var komen på rett hylle. Han vart ein av dei driftigaste bøndene på flatbygdene på denne tid. Alle tre gardane han kjøpte, bygde han vesentleg ut.

Sandberg vart bonde i ei tid med store omleggingar i jordbruket. Det skapte vanskar for mange, men kunne gje fordelar til dei som hadde høve til og våga å satse på marknaden som opna seg ved veksten i den ikkje-matproduserande befolkninga og utbygginga av kommunikasjonane. Sandberg tilhøyrde siste gruppe. Han mangla landbruksfagleg utdanning, men skaffa seg kunnskapar på eiga hand. Kornproduksjon var ein sjølvsagd del av drifta, men størst innsats gjorde Sandberg som husdyrbrukar. Han satsa mellom anna på avl av hestar, men det var særleg februk som opptok han. Han gjekk sterkt inn for norske feraser i staden for utanlandske, og han meinte telemarksrasen var den beste. Han bygde opp ei stamme som fekk fleire utmerkingar og stor innverknad på festamma i Hamar-distriktet.

Sandberg deltok aktivt i den offentlege landbruksfaglege debatten. Han var ein av dei som åtvara mot å innføre toll på landbruksvarer. Problema i jordbruket måtte løysast “ved privat Foretagsomhed” og ved å spreie opplysning blant bøndene. Han arbeidde for å byggje ut landbruksundervisninga, og han sat mellom anna i styret for skulen på Jønsberg i Stange og i tilsynskommisjonen for den høgre landbruksskulen på Ås. Han var òg ei drivande kraft bak opprettinga av felles innkjøpsforeining på Austlandet 1896.

Ein periode var Sandberg medlem av kommunestyret i Vang, nokre år også ordførar. I fleire periodar var han også Høgres varamann til Stortinget for Hedemarkens amt, men han møtte aldri som representant, og han deltok lite i det politiske liv. Ein grunn var at mange opplevde han som ein temperamentsfull debattant, “bardus til å si sin mening”, som det heitte i nekrologen over han i Morgenbladet. Vinje, som var oppglødd over talegavene hans, skriv at han i talane sine hadde det engelskmennene kallar iron grasp, “jernkloa” – og legg til: “inke vilde eg kome in i den klo”.

Ole Rømer Sandberg vart utnemnd til riddar av St. Olavs Orden 1890.

Verker

  • Om Fattigdommen. Foredrag holdt på Sagatun Folkehøiskole, 1869

Kilder og litteratur

  • Aa. O. Vinje i Dølen 5.4.1868
  • nekrolog i Mgbl. nr. 908/1899
  • J. Smitt: nekrolog i Tidsskrift for det norske Landbrug 1900
  • O. Klokk: biografi i NBL1, bd. 12, 1954
  • S. Sandberg og J. Sandberg: Slekten Sandberg, 1960
  • P. Borgedal: Norges jordbruk i nyere tid, bd. 2: Husdyrholdet, 1967
  • H. Riddervold: Familiebilder med mannens signatur, Ringvold 1998