Faktaboks

Ole Paus
Ole Christian Paus
Fødd
9. februar 1947, Oslo
Død
12. desember 2023, Drammen
Verke
Sanger, gitarist, komponist og forfatter
Familie

Foreldre: Generalmajor Ole Otto Paus (1910–2003) og Else Corneliussen (1916–53).

Samboer 1973 med skuespiller Henny Moan (22.2.1936–), forholdet oppløst 1976; gift 1) med sanger Anne Karine Strøm (15.10.1951–), ekteskapet oppløst; 2) med Randi Heide (7.7.1950–), ekteskapet oppløst; 3) med Benedicte Paus (29.6.1960–).

Ole Paus
Ole Paus
Av .

Ole Paus var ein norsk songar, gitarist, komponist, forfattar og skodespelar. Han debuterte som visepoet og har sidan 1970-talet vore ein viktig del av det norske visemiljøet. Med ei særeiga røyst, leiken bruk av språket og enkle melodiar vart Paus omfamna av eit breitt publikum.

Bakgrunn

Paus gjekk eitt år på Oslo katedralskole, men fullførte examen artium ved Trondheim katedralskole i 1965. Han tok enkeltemne i filologi ved Universitetet i Oslo. Han er far til komponisten Marcus Paus.

Musikkarrieren

Tidlege utgjevingar

Ole Paus 1971
Ole Paus 1971.
Av .

Ole Paus debuterte med plata Der ute – der inne i 1970 og vart med det del av den nye norske visebølga som sprang ut av viseklubben Dolphins i Oslo. Men der samtidige artistar som Lillebjørn Nilsen, Finn Kalvik og Øystein Sunde konsentrerte seg om gitarspill, visetradisjonar, tilnærma skjønnsang og humoristiske ordspel, gjekk Paus sine eigne vegar. Han var ikkje interessert i norsk folkemusikk eller lett romantiserande radikale miljø.

Debutplata ble følgd av to album som var ein vellykka hybrid av visesong, rock og jazz: Garman (1972), som har fått klassikarstatus, og Blues for Pyttsan Jespersens pårørende (1973), der han vart akkompagnert av mellom anna Popol Ace og gitaristen Stefan Grossman. Begge nådde Topp 20 på VG-lista, til liks med Zarepta (1974). Han hadde òg stor suksess på Norsktoppen med Leieboer (1973), Ingenting å være redd for (1973) og Ganske vanlig sherry, simpelthen (førsteplass i 1975).

Etter Avslutningen

Paus ga i juni 2013 ut trippelalbumet Avslutningen, som vart nominert til Spellemannprisen og gjekk til topps på VG-lista. Trass i Avslutningen i 2013 gav Paus likevel ut nye album. I ettertid har han mellom anna gitt ut albuma Frolandia (2015) og Sanger fra gutterommet (2016), begge saman med Ketil Bjørnstad. Sanger fra gutterommet består av opptak frå 1972. I 2020 var Motorpsycho backingbandet hans på albumet Så nær, så nær, som også toppa VG-lista.

I 2020 vart dei samla songtekstane hans gitt ut i boka Pauspoeten – sangtekster gjennom 50 år. Året før hadde alle plateinnspelingane frå dei to første tiåra av karrieren vorte samla i CD-boksane 1970-talet og 1980-tallet.

Lyden av Paus

Medan melodiane til Paus er enkle, er tekstane avanserte og røysta noko heilt for seg sjølv. Paus er både narr og hoffpoet. Han har skapt alt frå folkekjære og litt såre låtar som «Mitt lille land» til satiriske viser som «Satan lever», der han røskar tak i dobbeltmoralen i den norske bedehusrørsla. Det er desse kontrastane som skaper artisten Paus.

Med dei tre utgivingane Paus-posten, Nye Paus-posten og Siste Paus-posten midt i 1970-åra skapte Paus moderne skillingsviser der han tok opp dagsaktuelle nyhende og skjemta med dei i viseform, slik som visediktarar har gjort før han. Med satiriske og humoristiske viser og dyrking av sin særeigne songstil nådde han eit nytt publikum og skilde seg ut frå dei andre gitarspelande visesongarane.

Tekstane til Paus har heilt sidan byrjinga vore både samfunnsrefs og ordkunst. Med eit stilsikkert språk skildrar han konkrete hendingar, nyttar kjende metaforar og snur dei til noko nytt og uventa.

Musikalske samarbeid

Ole Paus og Jonas Fjeld
Ola Paus og Jonas Fjeld opptrådde saman under namnet To Rustne Herrer.
Ole Paus og Jonas Fjeld
Av /NTB.

Gjennom samarbeid med andre har han fornya sitt eige uttrykk og skapt viktige bruer mellom sjangrar og kunstuttrykk. Allereie på albumet Garman frå 1972 foreinte Paus og rockebandet The Pussycats den fornya norske visetradisjonen med rockebølga.

Heile karrieren samarbeidde han med vennen og forfattaren Ketil Bjørnstad. Dei ga ut plater saman, der Paus gjerne song etablert poesi tonesett av Bjørnstad. I 1998 ga dei ut boka Reisen til Gallia. Eller det er typisk norsk å være god, en ellevilt morosam forteljing frå fotball-VM i Frankrike.

Han har dessutan samarbeidd med Jonas Fjeld under namnet To Rustne Herrer, både på scena og på album. Saman har dei gitt ut albuma To rustne herrer (1996), Damebesøk (1998), Tolv rustne strenger (2003) og Hvis helsa holder – The Album (2016). Paus har òg vore tekstforfattar på Fjeld sine soloplater. To Rustne Herrer har gått til topps på Norsktoppen med Tordensky (1996), Evigheten (1998) og Dansegalla i en andedam (2003).

I 1991 overraska den tidlegare svært kyrkjekritiske Paus mange ved å vere med på albumet Salmer på veien hjem, der han saman med songarane Kari Bremnes og Mari Boine nytolkar kjende salmar. Initiativet til prosjektet kom frå Erik Hillestad og Kirkelig Kulturverksted. Dette samarbeidet heldt fram i tiåra etter utgivinga. Samarbeidet med både Bjørnstad, Fjeld og Kirkelig Kulturverksted har vore med på å gjere satirikaren Paus varare og varmare.

Andre sjangrar

Ole Paus holder en LP-plate, som har en tegning av Jens Bjørneboe på forsiden

Ole Paus var produsent for plata Våpenløs i 1976 der forfattaren Jens Bjørneboe las eigne dikt.

Ole Paus
Av /NTB.

Paus er mest kjend som viseartist, men har ein omfattande produksjon i andre sjangrar. Hangen til kjappe, morsomme og frekke kommentarar brakte Paus over i revybransjen. Han skreiv tekstar og opptrådte sjøl på ærverdige revyscenar landet rundt.

Han revydebuterte med Solstreif på ABC-teateret i 1978, der han både var forfattar, komponist og skodespelar. Revyen blei også skriven om til fjernsynsserie i 1981. Både denne og følgande revyar fikk god kritikk og betydeleg suksess. Den lett keitete sceneopptreden hans og det ubehjelpelige kroppsspråket gjorde han til ein slags musikalsk krysning mellom Dag Frøland og Leif Juster. Paus sine infame, til tider nesten hatske, utfall gjorde han til ein sentral aktør på den offentlege scenen han sjøl var så kritisk mot. Han kjørte i en årrekke ein offentleg propagandaaksjon mot kjendis-ukebladet Se & Hør og måten det behandla norske artistar på, ikkje minst Paus sjøl, som i kraft av karriera si, sambuarskapet med skodespelaren Henny Moan og deretter ekteskapet med popsongaren Anne Karine Strøm hadde ein høy kjendisprofil

Paus har òg skrive ein libretto. Han har også vore filmskodespelar, blant anna i Upperdog (2009), og musikalskodespelar, mellom anna i ei oppsetning av musikalen Grease i 1984.

Både TV2 og TV3 nytta Paus som talkshow-vert for høvesvis Hjemme hos Paus (1994) og På tide med Ole Paus (1992–1994) då desse kanalane skulle etablere seg som konkurrentar til den tidlegare monopolisten NRK. Paus har òg gitt ut visebøker, romanane Det går en narr gjennom byen med ringlende bjeller (1974) og Endelig alene: en skilsmissehistorie (1984), og diktsamlinga Blomstene ved Amras (2004).

Utmerkingar

Allereie i 1976 fekk Paus sin første Spellemannpris for beste viseplate, i 1998 fekk han juryens heiderspris, og i 2013 blei han Årets Spellemann. Han fekk også Riksmålsforbundets lyttarpris i 1999, Alf Prøysens Ærespris i 1991, Diktartavla i 2006 og æresprisen til Frelsesarmeen, Booth-prisen, i 2013. Paus fekk òg Anders Jahrs kulturpris i 2018, saman med Anne Grete Preus og Kari Bremnes.

Andre album i utval

  • I anstendighetens navn (1976, tildelt Spellemannprisen)
  • Noen der oppe (1982, 14. plass)
  • Svarte ringer (1982)
  • Grensevakt (1984)
  • Stjerner i rennesteinen (1989)
  • Biggles' testamente (1992)
  • Det begynner å bli et liv – det begynner å ligne en bønn (1998)
  • Den velsignede (2000, ellevteplass)
  • En bøtte med lys (2004, tittelsongen blei nummer 2 på Norsktoppen)
  • Sanger fra et hvitmalt gjerde i sjelen (2005, 17. plass)
  • Den store norske sangboka (2007, niandeplass)
  • Paus synger Paus (2009)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Bård Ose: «Paus, Ole» i Jan Eggum, Bård Ose og Siren Steen (red.): Norsk pop & rock leksikon. Populærmusikk i hundre år. Oslo 2005
  • Lars Roar Langslet: I kamp for norsk kultur. Riksmålsbevegelsens historie gjennom 100 år. Oslo 1999
  • Terje Nilsen: Beat og piggtråd i Trondheim. En oversikt over grupper og artister fra slutten av 50-tallet til 1970. Trondheim 1991

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg