Faktaboks

Ole Haagenstad
Ole Paulssøn Haagenstad
Fødd
17. oktober 1775, Fron (nå Nord-Fron), Oppland
Død
18. april 1866, Vågå, Oppland
Verke
Bonde og politikar
Familie
Foreldre: Bonde Paul Tjøstelson Harildstad og Guri Thordsdotter Bjølstad. Gift 1804 med Kari Thordsdotter Bjølstad (15.1.1785–6.11.1868), dotter til bonde Thord Thordson Bjølstad og Ragnhild Paulsdotter Tofte.

Ole Haagenstad var bonde, stortingsmann og ein av dei fremste bondeleiarane på Stortinget etter 1814.

Haagenstad voks opp på garden Harildstad i Kvikne i Nord-Fron. I tjueårsalderen kom han til den barnlause morbroren Ivar Thordsen på Håkenstad i Vågå, og frå 1804 var han gardbrukar på denne garden.

Ole Haagenstad høyrde til dei gamle storættene i Gudbrandsdalen. På farssida stamma han frå Gjæsling-ætta på Sandbu i Vågå. På morssida kom han frå Bratt-slekta på Bjølstad i Heidal, og gjennom mormora stamma han frå List-slekta på Kleppe i Vågå. Han slekta også til fleire av dei andre storgardane i dalen. Heile denne avstamminga fekk mykje å seie for karakteren og tenkemåten hans. Han interesserte seg for slekta, som han samla opplysningar om, og han interesserte seg også for anna norsk historie. Han las Snorre, og han fekk reist ei ny støtte i Kringen til minne om slaget der 1612. Han var den rikaste mannen i Gudbrandsdalen og åtte fleire gardar i Vågå utanom Håkenstad. Han var også kjent som ein klok og gåverik mann, så det er ikkje å undrast at han vart ein høvding i bygda og i vidare omkrets. Han var forlikskommissær i Vågå i mange år og konstituert lensmann 1820–22. I denne tida fekk han bygd veg over Vågårusta til Sel og over Slådalen til Lesja.

Haagenstad møtte som bondevalmann for Vågå ved valet av utsendingar for Kristians amt til Riksforsamlinga 1814, men vart ikkje sjølv utsending. Men ved valet til det første Stortinget hausten 1814 vart han vald til representant ved sida av eidsvollsmannen Anders Lysgaard. Seinare vart han vald til alle stortingssamlingane til og med 1842, med unnatak av 1821 og 1830, da han sa frå seg attval.

Det var karakteristisk for sjølvkjensla til Haagenstad at han alltid brukte dialekta si, og på Stortinget gjekk han alltid i bygdebunad. Som stortingsmann var han først og fremst bonde. Han rekna alle andre syslar enn jordbruket som unyttige, og omsynet til velferden til bondeklassa var det fremste i alt det politiske arbeidet hans.

På Stortinget 1814 engasjerte han seg spesielt i spørsmålet om verneplikt, som han ville avgrense til dei under 25 år. Og han fylgde opp dette også på det neste Stortinget og kjempa for allmenn verneplikt. Han var ein av dei fremste talsmennene for bøndene i den saka som vart det største stridsspørsmålet på dette Stortinget, nyordninga av bank- og pengevesenet i landet, og han hevda til og med at dersom det nye styret skulle vise seg for dyrt, ville bøndene heller vende attende til det gamle eineveldet. Også på dei seinare Stortinga var det dei økonomiske spørsmåla han engasjerte seg spesielt i, og han førte ein sparepolitikk for å halde skattane nede. Han var også sterkt konservativ i alle grunnlovsspørsmål.

Haagenstads leiarposisjon blant bøndene viste seg ved at han vart medlem av Stortingets valkomité og sat i den på alle Stortinga der han seinare møtte, unntatt 1833. I åra 1818–27 var han til og med den einaste bonden i valkomiteen. Han var også den første bonden som vart oppnemnd til ein kongeleg kommisjon, den som skulle undersøke og døme i saka til lesjingen Ingebrigt Belle, som var tiltala for opprør.

Sjølv om han stod i spissen for bøndene på Stortinget etter 1814, vart det etter kvart andre bondeførarar med eit vidare politisk program som tok over leiinga utover i 1830-åra, og etter 1842 drog Haagenstad seg ut av politikken.

Kilder og litteratur

  • H. Wergeland: Storthingsmanden, Gudbrandsdølen Ole Haagenstad, 1842
  • A. O. Vinje: Ferdaminni fraa Sumaren 1860, 1871
  • I. Kleiven: I gamle Daagaa, 1908, s. 411–414
  • biografi i Lindstøl, bd. 1, 1914
  • H. Koht: biografi i NBL1,bd. 5, 1931