Faktaboks

Olav H. Hauge
Olav Håkonson Hauge
Fødd
18. august 1908, Ulvik i Hardanger, Hordaland
Død
23. mai 1994, Ulvik
Verke
Forfattar
Familie
Foreldre: Bonde Håkon Hauge (1877–1954) og Katrina Hakestad (1873–1975). Sambuar frå 1975 og gift 1978 med biletvevar Bodil Cappelen (26.4.1930–), dotter til sorenskrivar Johan Munthe Cappelen (1884–1962) og Edith Marie Heiberg (1902–50).
Olav H Hauge

Foto 1978

Olav H Hauge
Av /NTB Scanpix ※.

Olav H. Hauge var ein særmerkt lyrikar og gjendiktar av utanlandsk lyrikk, på ein gong tradisjonsmedviten og moderne og med ein eineståande formrikdom.

Hauge gjekk på privat mellomskule i Ulvik 1925–26. Seinare gjekk han på Hjeltnes hagebruksskule i Ulvik (1927 og 1933–34). Han gjekk fire år i gartnarlære, 1930 på Norges Landbrukshøgskole på Ås og 1931–33 på Statens forsøksgard på Hermansverk.

Hauge las mykje alt som ung. Han brukte folkebiblioteket flittig og var god ven med bibliotekaren, Magnus Hakestad, heimvend etter 37 år i Amerika. Hauge lånte lesestoff på engelsk og fekk tilsendt amerikansk litteratur frå morbroren Edmund Hakestad i Amerika. Endefram kunnskap om eit liv utanfor heimbygda fekk han òg gjennom anleggsfolk, mellom andre far sin, som hadde vore arbeidsformann på Bergensbana før han gifte seg.

Då foreldra bygde seg kårhus, budde Hauge saman med dei og overtok bruket og huset etter dei. Levebrødet hans var i mange år fruktdyrking på bruket kombinert med gartnararbeid, m.a. ein god del i prestegarden, der han også samtala med presten og lånte bøker.

På mellomskulen hadde Hauge lært tysk. På eiga hand lærde han seg fransk, og dei tre framandspråka utvikla han kunnskap i gjennom lesing og etterkvart omsetjing av dikt, først frå engelsk, seinare også tysk og fransk. Han hadde òg ein viss intellektuell kontakt, både med eldre menneske i bygda og med ein kameratflokk knytt til Hjeltnes hagebruksskule.

Hauge hadde tidvis psykiske problem frå ungdomstida til opp i 50-årsalderen og var fleire gonger innlagd på Valen sjukehus. Som ung var han òg svært smålåten og tilbakehalden. Begge delar kan ha vore medverkande til at han debuterte med bok relativt seint, 38 år gammal, men han fekk òg refusert eit manuskript 1939. Etter debuten kom det nye bøker med eigne dikt kvart femte år til 1971. Samlinga Janglestrå kom som del av Dikt i samling 1980, og 1986 gav han saman med Bodil Cappelen ut biletboka ABC med eit rim til kvar bokstav i alfabetet. Dikt i samling har kome i seks utgåver 1972–95. Det har også kome mindre utval av dikta hans, også på andre språk (engelsk, islandsk, svensk, tysk og ungarsk). I tillegg til eigne diktbøker gav Hauge frå 1967 ut ymse samlingar med omsette dikt, både antologiar og utval av einskildforfattarar.

Sjølv om han offentleggjorde mindre prosaartiklar, har Hauge vore rekna nesten som rein lyrikar. Men det er eit prosaverk som ruver mest i omfang. Då han døydde, viste det seg at han hadde skrive dagbok frå han var 15 år; i bokform utgjer dette fem tjukke band på ca. 4000 sider, Dagbok 1924–1994 (2000). Det er i omfang det største litterære dagboksverk på norsk. Hauge var også ein flittig brevskrivar. Breva hans til Jan Erik Vold og Bodil Cappelen er utgjevne.

Dikta til Hauge viser frå første stund ein dobbel bakgrunn. På den eine sida har stoff og biletspråk heilt klårt utgangspunkt i bygdelivet og naturen. Samstundes kjem det fram ei omfattande interesse for litteratur som alt tidleg viser seg i omsetjingsforsøk av store namn i engelsk tradisjon som William Shakespeare og Robert Browning. Den tidlege kontakten med det engelskspråklege er ikkje minst inspirert av brev og bøker frå morbroren i Amerika. I debutboka Glør i oska (1946) veks desse interessene delvis saman ut frå ei tydeleg interesse for romantisk tradisjon og skrivemåte.

Både ope og meir indirekte finst det mønster av dialog og samvær med eldre og stundom samtidig lyrikk og annan litteratur og kunstkultur gjennom heile forfattarskapen. Dette skjer både i tradisjonell form (t.d. Til Shelley) og i frie vers (Til Li Po, Leiv Eiriksson, Bertolt Brecht, Paul Celan).

Utsegner om poetikk finst, men endrar seg. I Song til stormen (1946) og Til Shelley (1951) er dei klårt merkte av ein religiøs, idealistisk språkbruk. Seinare er språktonen annleis. 1966 handlar det om å knyte diktekunsten til ein meir menneskeleg og arbeidsorientert praksis, av og til morosamt, halvt ironisk formulert: “Kan du gjera eit vers / som ein bonde tykkjer mun i, / skal du vera fornøgd. / Ein smed vert du aldri klok på. / Verst å gjera til lags er ein snikkar.” (Vers, 1966)

I Glør i oska er den ytre diktforma oftast heilt tradisjonell, med strofer og enderim og heller fast metrum. Det frie verset kjem med for alvor frå 1951. I dagboka gir Hauge uttrykk for skepsis mot tradisjonelle former i den forstand at han synest bunden form kan gå på kostnad av det poetiske. Han gjev likevel ikkje opp verken strofa eller rimet som retorisk middel. Men det er karakteristisk at bortsett frå sonetta, som finst i heile produksjonen, vel han enklare og mindre faste strofer. Også dikt med enderim har ofte ei smal ytre form, og det kjem gjerne fram ved at tradisjonelle metriske linjer vert delte i to eller fleire kortlinjer. Det gir ei kjensle av at det vert lenger mellom rima, og rimsetjinga får ein meir irregulær, individuell verknad. I same lei verkar bruken av såkalla aksentvers, der talet på trykktunge stavingar i linja er fast, medan talet på trykklette kan variere. Dette står folkediktinga nær og gjer samstundes vegen kort til det frie verset. Denne skrivemåten utviklar seg særleg i Under bergfallet (1951) og Seint rodnar skog i djuvet. I På Ørnetuva (1961) er det nesten berre frie vers, medan det formelt mest særmerkte med Dropar i Austavind (1966) er at dei fleste dikta er svært korte, og frie vers dominerer. I dei to siste samlingane skjer det ikkje noko påfallande med den ytre forma; ein trygg og handfri variasjon er hovudinntrykket.

Dei unge medvitne forfattarane kring studenttidsskriftet Profil i slutten av 1960-åra kom til å framheve Hauge som ein eldre yrkesbror dei såg opp til. Dei forma resepsjonen delvis i sitt bilete, med stor vekt på at biletspråket var endeframt og sansenært, og at bileta kunne fungere poetisk utan å bli tolka som symbol eller allegori. Den boka av Hauge der slik lesemåte høver aller best, Dropar i austavind, kom nettopp då. Ho hadde også klåre formuleringar om poetikk som peika i same retning, som “etter strevet kan du steikja flesk og lesa kinesiske vers” (Kvardag). Tilvisinga til det kinesiske er ikkje tilfeldig; Hauge var særskilt oppteken av det einfelte i klassisk kinesisk poesi, og det viser seg særleg i fleire dikt mellom 1961 og 1971.

Elles er animistiske drag noko som følgjer Hauge heile vegen, t.d. Elvi burtanum fjorden som “bullar i kvitskjegget”. Dette diktet blir meir modernistisk enn romantisk, og i På Ørnetuva er ei haldning som går mot ein eksistensialistisk modernisme meir gjennomført, sjølv om det òg finst ein dialog med tradisjonen. Dialogen hos Hauge går vidare enn til det romantiske i litteraturhistorisk meining. Når han i dei tre siste diktsamlingane omtalar eller spelar intertekstuelt mot andre diktarar, er det like gjerne innan førromantikk, klassisk europeisk (Vergil) eller kinesisk (T'ao Ch'ien, Lu Chi) som etterromantisk europeisk modernisme (Georg Trakl, Bertolt Brecht, Paul Celan).

Eit liknande dialogisk mangfald finst i omsette dikt, som er eit stort felt i Hauge sin lyriske produksjon. Omsetjingane er frå språk som engelsk, tysk og fransk. Han ville ikkje setje om via mellomspråk og heller ikkje frå dei skandinaviske grannespråka. Det relativt høge talet på omsetjingar frå engelsk heng òg saman med at han fekk først og grundigast kjennskap til det språket. Men gjeve slike rammevilkår og avgrensingar, kan ein sjå korleis ulike retningar og forfattarar har interessert han. Å sjå kva lyrikarar han har sett om, kompletterer stort sett oppfatningar som hans eigne dikt også gir uttrykk for.

Olav H. Hauge fekk Norsk Litteraturkritikerlags pris 1962 og Dobloug-prisen 1969.

Verker

    Eigne verk

  • Glør i oska, 1946
  • Under bergfallet, 1951
  • Seint rodnar skog i djuvet, 1956
  • På Ørnetuva, 1961
  • Dikt i utval. Dogg og dagar, ved R. Skrede, 1964
  • Dropar i austavind, 1966
  • Spør vinden, 1971
  • Dikt i samling, 1972 (6. utg. 1995)
  • Janglestrå, 1980
  • Regnbogane, illustrert av W. Øyen, 1983
  • ABC, illustrert av B. Cappelen, 1986
  • Under Hauges ord, brev til Jan Erik Vold, 1994, ny utg. 1996
  • Brev 1970–1975, brev til Bodil Cappelen, 1996
  • Dagbok 1924–1994, 5 bd., 2000

    Omsetjingar (eit utval)

  • Utanlandske dikt, 1967
  • S. Crane: Svarte ryttarar. Dikt i utval, 1974
  • B. Brecht: Til ettertidi. 21 dikt, 1978
  • Hand grip hand i svevne. Dikt av Robert Bly, Paul Celan, Sylvia Plath og andre moderne lyrikarar, 1978
  • Dikt i umsetjing, 1982 (ny, auka utg., 1992)
  • Frå Rimbaud til Celan. Nye dikt i umsetjing, 1991
  • Medarbeidar i H. Kiran, S. Skard og H. Moren Vesaas (red.): Framande dikt frå fire tusen år, 1968
  • medarbeidar i O. M. Mæland (red.): Odin House, Madison, Minnesota. Utvalde dikt av Robert Bly, 1972

Kilder og litteratur

  • E. Bjorvand og K. Johansen (red.): Olav H. Hauge. Ei bok til 60-årsdagen 18. august 1968,1968
  • I. Stegane: Olav H. Hauges dikting. Frå “Glør i oska” til “Dropar i austavind”,1974
  • d.s. (red.): Dikt og artiklar om dikt. Til Olav H. Hauge på 70-årsdagen,1978
  • K. Johansen (red.): Tankar om dikting. Til Olav H. Hauge,1978
  • K. Hanson: “Nature Imagery in Olav H. Hauge's Poetry”, i PNCFL (Pacific Northwest Council on Foreign Languages),Corvallis, Oregon 1978
  • G. Pollen: “Hauge og dei tydde teikna”, i Vinduet, nr. 2/1986
  • T. Tønnesen (red.): Tunn is. Om Olav H. Hauges forfatterskap,1994
  • A. Bjørgum: Målmeistaren frå Ulvik. Ord og former hjå Olav H. Hauge,1998
  • O. Karlsen: Fansmakt og bergsval dom. En studie i Olav H. Hauges romantiske metapoesi,2000
  • J. E. Vold: Under Hauges ord. Essays, samtaler, brev, dikt, fotos,1994

Portretter m.m.

    Kunstnarlege portrett

  • Byste (hovud, tre) av Gunnar Torvund, u.å.; p.e
  • Ogmund rir heim, bautastein av Ståle Kyllingstad, 1995; Ulvik

    Fotografiske portrett

  • Fotografi i Dagbok 1924–1994, 2000
  • Fotografi i J. E. Vold: Under Hauges ord,1994