Faktaboks

Neri Valen
Fødd
26. september 1893, Bø, Telemark
Død
4. januar 1954, Oslo, gravlagd i Bø
Verke
Gardbrukar og politikar
Familie
Foreldre: Lensmann Halvor Helleksson Valen (1849–1911) og Anne Næresdotter Ramse (1861–1944). Gift 20.11.1919 med Ingebjørg Torsdotter Vaa (7.5.1893–16.9.1981), dotter til bonde Tor Aanundsson Vaa (1864–1928) og Anne Marie Kristoffersdotter Roholdt (1866–1947). Svoger til Aslaug Vaa (1889–1965) og Dyre Vaa (1903–80).
Neri Valen
Neri Valen
Av /NTB Scanpix ※.
Neri Valen
Av /Stortingsarkivet.

Med allsidige kunnskapar, ein sterk arbeidsinnsats og gode vurderingsevner fekk Neri Valen leiande posisjonar i Bø, i Telemark og på landsplanet. Han hadde mange tillitsverv i bondeorganisasjonar og i landbrukssektoren, og han var parlamentarisk leiar for Venstre på Stortinget.

Valen tok examen artium i Skien 1912, vart landbrukskandidat 1915 og skogbrukskandidat frå Noregs Landbrukshøgskule 1917. I Ås vart han vald til formann tre gonger i Elevforeningen (seinare Studentsamfunnet på Ås). Hausten 1917 studerte han sosialøkonomi ved universitetet i Kristiania, men braut av og var rasjoneringsinspektør i Telemark fram til hausten 1919. Vinteren 1919–20 var han på ei studiereise til USA, der han m.a. studerte sosialøkonomi og landbruksfag ved University of Wisconsin, Madison.

1919 tok han over farsgarden i Bø og kom samstundes med i lokalpolitikken. Han sat i heradstyret frå 1920 til 1931, som ordførar 1923–26 og som varaordførar 1926–31. Han var leiar i Bø Venstre 1919–45 og 1946–50, varaformann i Telemark Venstre frå 1921, seinare formann, og medlem av Venstres landsstyre 1930–45.

Valen hadde ei rekkje tillitsverv i landbrukstilknytta organisasjonar, m.a. formann i Telemark Landbruksselskap 1919–41 og 1945–47, formann i Kornrådet 1929–41 og 1945–54, formann i Landslaget for Telemarksfe 1921–54, ordførar i representantskapet i Telemark Mjølkesentral 1930–54 og formann i Landslaget for Storfeavl 1948–54. Han møtte i representantskapet i Selskapet for Norges Vel frå 1919 og sat i direksjonen 1945–54. Etter krigen vart han vald som første formann i Norges landbruksvitenskapelige forskningsråd.

Valen engasjerte seg sterkt for å gi landsungdom høveleg utdanning i eit lokalmiljø som tok omsyn til nynorsk språk, bygdekultur og næringslivet utanom dei store bysentra. Frå Telemark språk- og realskule i Bø voks Telemark landsgymnas fram 1949, med Valen som styreleiar og seinare formann i forstandarskapet.

Valen var stortingsrepresentant for Venstre frå Telemark 1931–45 og 1950–54, parlamentarisk leiar for Venstre 1935–45 og 1951–54. På Stortinget var det stor strid om krisetiltaka i landbruket tidleg i 1930-åra, og aktivistorganisasjonar som Bygdefolkets Krisehjelp, som hadde uvanleg sterk støtte i Bø, gjekk til direkte aksjonar mot dei mange tvangsauksjonane. Valen hadde sine eigne meiningar om landbrukspolitikken som ikkje alltid fall saman med partilina, men som var meir i tråd med dei som Bondepartiet stod for. Han og det ein har kalla “Valen-fraksjonen” var heller ikkje heilt einig i at Venstre skulle involvere seg i eit einsidig borgarleg samarbeid med brodd mot Arbeidarpartiet.

Valen vart visepresident i Odelstinget 1939 og såleis medlem av det presidentskapet som sommaren 1940 måtte forhandle med okkupasjonsmakta om eit riksråd. Presidentskapet og eit redusert Storting, som òg vart kalla inn, vart sterkt pressa av den tyske overmakta til å gå med på dei tyske krava, m.a. at Elverumsfullmakta skulle trekkast tilbake, slik at Nygaardsvoldregjeringa vart avsett. Presidentskapet gjekk jamvel inn for at kongen burde vurdere å abdisere. Desse forhandlingane vart til slutt brotne, men seinare i krigen og i dei første etterkrigsåra var det ei massiv fordøming av presidentskapet og Stortinget for deira ettergivande rolle under riksrådstingingane. Det viser Valens posisjon og tillit i Venstre at han trass i dette vart vald til parlamentarisk leiar i partiet då det gamle Stortinget kom saman att 1945. Valen vart sjølv arrestert av tyskarane og sat på Grini og seinare i Berg interneringsleir frå 24. november 1943 til 8. mai 1945.

Han sa frå seg attval til Stortinget 1945, men vart nominert og kom inn att 1949. Frå 1951 og til han døydde 1954, var han enno ein gong Venstres parlamentariske leiar.

I parken framfor heradshuset i Bø står ein ruvande statue av Dyre Vaa som syner Valen som tek eit steg framover på sokkelen. Då Venstres Bent Røiseland avduka statuen 1958, sa han at dette måtte vere eit treffande politisk symbol på Valen: “For han var alltid på veg framover!” sa venstreleiaren.

Verker

  • Privatarkivet etter Neri Valen er deponert i Bø lokalhistoriske arkiv, Bø museum

Kilder og litteratur

  • Stud. 1912, 1937, 1962
  • Norske landbrukskandidaters årbok, 1938
  • Innstilling fra Undersøkelseskommisjonen av 1945, Bilag nr. 9: Riksrådsforhandlingene, 1947
  • O. Nerheim: Årbok for Telemark, 1956, s. 72–82
  • J. Nerbøvik: biografi i NBL1, bd. 17, 1975
  • O. Grepstad og d.s. (red.): Venstres hundre år, 1984
  • S. Henneseid: Bøsoga, bd. 4, 1986, s. 111–119

Portretter m.m.

  • Statue av Dyre Vaa, 1958; Bø (parken framfor heradshuset)