Faktaboks

Lars S. Spildo
Lars Sjurson Spildo
Fødd
26. januar 1899, Granvin, Hordaland
Død
4. januar 1986, Bærum, Akershus
Verke
Landbruksforskar og -administrator
Familie

Foreldre: Bonde Sjur Larsson Spildo (1860–1921) og Ingebjørg Davidsdotter Spildo (1865–1956).

Gift 1927 med Ingegerd Ødegaard (21.3.1902–30.5.1968), dotter til distriktsdyrlege Gustav Ødegaard (1858–1932) og Anna Feragen (f. 1873).

Lars S. Spildo var ein norsk landbruksforskar og -administrator. Spildo var ein av dei mest markante personane innan norsk landbruk i den midtre delen av 1900-talet.

Bakgrunn

Lars Sjurson Spildo vaks opp på ein vanleg vestlandsgard, med fôrdyrking og husdyrhald. Etter eksamen på Stend landbruksskole i 1919 og artiumskurs i Volda i 1921 studerte han ved Norges Landbrukshøgskole (NLH), der han vart uteksaminert i 1924. Den første tida etter eksamen hadde han fleire kortvarige tilsettingar til han i 1926 vart tilsett som landbrukslærar ved Holt landbruksskole i Aust-Agder. Med stipend frå ulike fond studerte han i perioden 1930–1932 kjemi, anatomi og fysiologi ved Den kgl. Veterinær- og Landbohøjskole i København. Studieopphaldet resulterte mellom anna i avhandlinga Kalk- og fosforsyreomsetningen hos unge, voksende svin, eit arbeid som førte til at han i 1934 vart tildelt doktorgraden (dr.agric.) ved NLH.

Landbruksforsking og -administrasjon

Etter studieopphaldet i København vart Spildo tilsett som konsulent og dagleg leiar av A/S Norsk Fôrkonservering (NOFO). Dette selskapet var skipa av norske landbruksorganisasjonar og hadde skaffa seg retten til å utnytta ein finsk metode (AIV-metoden) for konservering av friskt plantemateriale til fôr gjennom ensilering. Som vestlending var Spildo sikkert vel kjend med ensilering, ein teknologi som på denne tida var lite nytta i andre landsdelar. Det nye med den finske metoden var tilsetting av syre for å få sikrare konservering og betre kvalitet av fôret. Gjennom artiklar, kurs og foredrag vart kjennskapen til metoden spreidd, og i løpet av få år kom han i bruk over heile landet.

På føresommaren 1940 vart Spildo oppmoda av Administrasjonsrådet om å ta over leiinga av det nyoppretta Produksjonsdirektoratet. Spildo heldt fram i denne stillinga til direktoratet vart avvikla i 1946.

Same året vart Spildo tilsett som administrerande direktør i Felleskjøpet i Oslo. Dei første tiåra etter andre verdskrigen var ei tid med sterk auke i etterspurnaden etter driftsmidlar i jordbruket. Felleskjøpet stod framfor store utfordringar, mellom anna med utbygging av nye anlegg for pakking og distribusjon. Spildo gjekk inn i den mangslungne verksemda med stor dugleik. Han heldt fram i stillinga til han i 1969 gjekk av med pensjon. Frå 1952 var han også formann i styret for Norske Felleskjøps Landsforbund.

Politiske verv

Spildo tok også del i det politiske livet, både lokalt og nasjonalt. I bustadkommunen Bærum var han medlem av kommunestyre og formannskap i 1951–1963 og varaordførar i 1959 og 1962–1963. I perioden 1954–1968 var han medlem av Høgres landsstyre. Han var også med i ei lang rad råd, utval og komitear, i mange høve som formann.

Anna engasjement og utmerkingar

Lars S. Spildo vart 1946 vald til formann i den norske avdelinga av Nordiske Jordbruksforskeres Forening (NJF), eit verv han hadde heilt til 1960. I to periodar var han også formann i hovedforeninga. Som ei påskjøning for det store arbeidet han la ned i denne samanhengen, vart han i 1963 utnemnd til æresmedlem av NJF. Han var også innvald medlem av Kgl. Vetenskapssocieteten i Uppsala og riddar av 1. klasse av den svenske Vasaorden.

Les meir i Store norske leksikon

Utgjevingar

  • Kalk- og fosforsyreomsetningen hos unge, voksende svin, dr.avh. NLH, København 1933
  • Mulighetene for å tilfredsstille våre husdyrs næringsbehov ved hjemmeavlede fôrmidler, Landbruksdepartementets småskr. nr. 46, 1936
  • Bygging av siloer og nedlegging av surfôr, Landbruksdepartementets småskr. nr. 53, 1940
  • Vår matproduksjon. Oppgaver som venter, i Dyrk Norge, Landbruksdepartementets småskr. nr. 63, 1941, s. 13–44

Litteratur

  • Norske landbrukskandidaters årbok 1942–46, 1946
  • Norske sivilagronomer i jubileumsåret 1959, 1960
  • O. Klokk: biografi i Norsk biografisk leksikon 1, bd. 14, 1962
  • K. Presthegge: NOFO. A/S Norsk Fôrkonservering 50 år. 1932–82, 1982
  • R. Evju: minneord i Samvirke nr. 2/1986
  • Hvem er hvem, 1979 og 1994

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg