Faktaboks

Kristofer Hjeltnes
Kristofer Sjursson Hjeltnes
Død
4. april 1804, Ulvik
Levetidskommentar
Fødd 1730 (fødselsdatoen er ikkje kjend) i Ulvik, Hordaland
Verke
Gardbrukar
Familie
Foreldre: Gardbrukar Sjur Gunnarsson Ringøy (1689–1754) og Anna Kristoffersdotter Øydvin (1697–1761). Gift 1751 med Marita Sjursdotter Vestrheim (1728–12.9.1805), dotter til gardbrukar Sjur Jonsson Vestrheim (1685–1743) og Gyrid Knutsdotter Trones (f. 1699). Farfars farfar til Kristofer Frimann Kristofersson Hjeltnes (1856–1930).

Kristofer Hjeltnes var ein av dei mest tiltaksame bøndene i landet i si tid. Historikaren Oscar Albert Johnsen skriv at han høyrde “til vort lands ypperste foregangsmænd” innan jordbruket. Men han merkte seg også ut som ein mann med sterkt sosialt ansvar.

Dei tre syskena Hjeltnes hadde, døydde før han vart vaksen, og Kristofer arva såleis heile det rike buet etter foreldra, med Hjeltnes og fleire gode skoggardar i tillegg, og dei tre kyrkjene i prestegjeldet med jordegods. Han hadde fått så god opplæring som det var mogeleg i ei avstengd bygd på den tid, og utvida kunnskapane sine ved lesing, samtalar og brevskifte. I boksamlinga hans fanst det mellom anna lærebøker i tysk, latin og aritmetikk. Han fekk også ein vidare åndeleg horisont gjennom venskap og samarbeid med soknepresten Paul Schnabel og sonen Marcus, målføregranskaren, og med klokkaren i bygda, Peder Olsen. Peder Olsen, som var eit uvanleg menneske, var gripen av pietismen, og det vart også Kristofer Hjeltnes.

Hjeltnes var berre 24 år då han overtok eigedomane etter foreldra, og synte seg straks som ein driftig kar som gjekk i brodden med nye tiltak. Attåt gardsbruket dreiv han som sagbrukseigar og trelasthandlar.

Alt 1759 tok Kristofer Hjeltnes til med å dyrka poteter, og han agiterte sterkt for den nye, årssikre veksten. Han prøvde også med andre planteslag, dyrka tobakk, karve, kløver på gjødsla eng, og tok i bruk nye reidskapar og driftsmåtar. Han sette i gang ein av dei fyrste planteskulane for frukttre og fekk spreidt frukttre over heile prestegjeldet, samstundes som han sjølv planta ein stor frukthage på Hjeltnes. Han skipa det fyrste tamreinlaget på Hardangervidda og likeeins eit tamreinlag i Slondalen.

Ordet om innsatsen hans nådde også København, og då Det kongelige danske Landhuusholdningsselskab vart grunnlagt 1769, var Kristofer Hjeltnes den einaste norske bonden som vart innbeden til å verta medlem.

Hjeltnes gjekk sterkt imot at ekstraskatten vart utlikna per hovud slik at fattig og rik måtte betala like mykje. Han demonstrerte mot dette ved å betala skatten for dei mange leiglendingane sine, og baud seg sjølv til å betala det han syntest var rimeleg for seg, 150 riksdalar. Tilbodet vart avslege, men det vart mykje oppstuss kring dette og det at Kristoffer like etter vart tildelt Kong Christians Naadetegn med kjede. Medalja synte han aldri fram anna enn til dei som bad om å få sjå henne, og han skreiv til stiftamtmannen at han var berre ein einfaldig bonde, han var nøgd med sin stand og trådde ikkje høgare.

I mange bygder var det underskot på korn, og uår og dyrtid førde til naud og svolt. Det var lagt planar om å byggja bygdemagasin for korn, men ingen ting var gjort. Etter ei ny krise skipa Kristofer Hjeltnes det fyrste kornmagasinet i ei norsk bygd, i Eidfjord, deretter i seks andre bygder i Indre Hardanger, og han gav kvar av dei 70 riksdalar i startkapital. Han bygde hus til Hjeltnes Børnestiftelse, som han hadde skipa til hjelp for foreldrelause born. Han gav også ei stor pengegåve, 500 riksdalar, til Grønlandsmisjonen.

På Hjeltnes er reist ei minnestøtte over Kristofer Hjeltnes, med denne innskrifta:

FRAMSYNT I YRKE

RETTVIS I GJERD

KRISTEN TRU DIN STYRKE

VENLEG I DI FERD

Kilder og litteratur

  • O. Olafsen: Ulvik i fortid og nutid, bd. 1, Norheimsund 1925, s. 401–407
  • S. Steen: biografi i NBL1, bd. 6, 1934
  • O. Kolltveit: Granvin, Ulvik og Eidfjord i gamal og ny tid, bd. 1, Bergen 1977, s. 389–390, 469–476
  • O. Kolltveit, J. Kvestad og T. Dyrvik (red.): Ulvik. Gards- og ættesoga, bd. 1, Ulvik 1987, s. 370