Faktaboks

Kristofer Hjeltnes
Kristofer Frimann Kristofersson Hjeltnes
Fødd
28. august 1856, Hjeltnes i Ulvik, Hordaland
Død
17. januar 1930, Ulvik
Verke
Hagebrukslærar og politikar
Familie
Foreldre: Gardbrukar Kristofer Frimann Kristofersson Hjeltnes (1823–1910) og Marita Larsdotter Osa (1835–1911). Gift 3.6.1880 med Anna Nilsdotter Hakestad (26.11.1859–23.3.1935), dotter til gardbrukar Nils Ivarsson Hakestad (1832–97) og Brita Hansdotter (1830–1917). Sonesons soneson til Kristofer Sjursson Hjeltnes (1730–1804).

Kristofer Hjeltnes førde vidare arbeidet til tippoldefaren med å fremja hagebruk, og serleg fruktdyrking, på Vestlandet. Han grunnla Hjeltnes hagebruksskule og var styrar for skulen frå 1901 til 1918. Han var sterkt samfunnsengasjert og var mykje med i nasjonalt reisingsarbeid og i bygdestyringa.

18 år gamal tok Hjeltnes til på Stend landbruksskule og var seinare ein vinter på Sogndal Folkehøgskule. Der fann han seg ikkje heilt til rette og reiste til Askov Højskole i Danmark året etter. Møtet med den danske folkehøgskulen og Grundtvigs idear sette merke på han for heile livet. Hjeltnes stod i brodden då det mot slutten av 1880-åra vart sett i gang ein folkehøgskule i Ulvik med Lasse Trædal som styrar. Skulen gjekk berre to år. Ungdomar i bygda skipa så eit samtalelag, som sidan vart avløyst av Ulvik Ungdomslag, der Hjeltnes var fyrste formannen.

1884 hadde Hjeltnes hospitert ei tid ved Stephan Nyelands Havebrugshøjskole i Danmark, og han såg klårt at fruktdyrkarane trong betre kunnskap om yrket sitt. Tidleg i 1890-åra tok han opp tanken om ein hagebruksskule som skulle gje fagundervisning, allmenn opplysning, driva oppal av plantar og arbeida for betre avtakar- og salsapparat. Med driftstilskot frå staten sette han i gang Ulvik Fruktdyrkningsskole på Hjeltnes 1901.

Skulen fekk fyrste året 9 elevar, men få år seinare hadde ikkje skulen plass til alle som søkte. Hjeltnes kravde at skulen skulle vera open både for jenter og gutar og fekk gjennomslag for det. Frå fyrst av hadde skulen eit kurs på 8 månader som gjekk frå vår til haust, men frå 1909 hadde skulen eit praktisk kurs frå 1. april til 30. september, og eit teoretisk frå 1. oktober til 31. mars. Dei fleste elevane gjekk båe kursa. Skulen hadde internat for elevane, og kona Anna var internathusmor.

Kristofer Hjeltnes åtte også eitt bruk på Viknes og eitt på Hakestad, og desse tre gardane vart då stort sett drivne under eitt. 1908 vart det bygt ny skulebygning og ny driftsbygning. For å greia denne kostnaden utan offentlege tilskot, selde han mykje skog til uthogst. Frå 1909 til 1920 var det også husmorskule på Hjeltnes. 1918 overlet han styringa av skulen til sonen, Kristofer K. Hjeltnes.

Hjeltnes interesserte seg mykje for betre sortering og pakking av handelsfrukta, og han dyrka og prøvde ut ulike sortar til samanlikning. Han gjorde fleire stipendferder til utlandet for å studera fruktdyrking og fruktomsetnad, til Storbritannina 1903 og til USA 1913.

1884 vart Hjeltnes vald inn i Ulvik heradsstyre og sat der til 1925, med nokre få avbrot. Han var varaordførar 1905–13 og ordførar 1914–16 og 1920–22. Den store elektrisitetssaka vart løyst i hans tid. Han var elles forlikskommissær 1905–20 og med i forliksrådet til 1930, formann i branntrygdelaget, i Ulvik Venstrelag og Hardanger Krinsvenstrelag.

Kristofer Hjeltnes var tiltaksam og drivande, ein framstegsmann på alle leier, vart det sagt om han. Han vart heidra med sylvmedalje frå Hordaland Landbruksselskap, og på femtiårshøgtida for skulen 1951 vart det avduka eit relieff av han i hagen på Hjeltnes.

Kilder og litteratur

  • A. B. i Jonsok, Bergen 1918, s. 92–94
  • O. Olafsen: Ulvik i fortid og nutid, bd. 1, Norheimsund 1925, s. 110–117
  • S. Lysbakken: biografi i NBL1, bd. 6, 1934
  • artiklar i Hordaland 22.1 og 25.1.1930 og 18.2.1942
  • Ulvik Brandtrygdelag Gjensidig, 1968
  • H. Bergo: Ættebok Lekve/Hjeltnes, Ulvik. 1600–1982, Voss 1983
  • J. Kvestad (red.): Elvatun 50 år. 1934–1984; Ulvik ungdomslag 90 år. 1893–1983, Ulvik 1984
  • O. Kolltveit, J. Kvestad og T. Dyrvik (red.): Ulvik. Gards- og ættesoga, bd. 1, Ulvik 1987, s. 118–125, s. 145–148 og s. 372

Portretter m.m.

    Kunstnarlege portrett

  • Måleri av Lars Osa, 1930; p.e., Ulvik
  • Relieff (kopar) av Lars Fletre, 1951; Hjeltnes hagebruksskule, Ulvik