Faktaboks

Johannes Heggland
Johannes Andreas Martin Heggland
Fødd
29. juni 1919, Tysnes, Hordaland
Død
24. januar 2008
Verke
Forfattar
Familie
Foreldre: Bonde Vermund Heggland (1872–1945) og Elisabeth Marie Magdalene Nerhus (1877–1956). Gift 1945 med Hjørdis Henriksen, adoptert Dalland (6.7.1920–), dotter av stuert Emil Henriksen Stueland (1897–1956) og hustru Sofie (1899–1974), adoptivforeldre: bonde Kristoffer Dalland (1872–1961) og hustru Anna (1880–1966).

Johannes Heggland er ein av våre fremste og mest produktive skjønnlitterære forfattarar. Forfattarskapen femner om romanar, noveller, barne- og ungdomsbøker, drama, sogespel og fleire lokalhistoriske arbeid.

Heggland vaks opp på Tysnes i Sunnhordland som yngstemann i ein syskenflokk på 11. Familien hadde til føda, men snudde eittøringen vel. Bøker var luksus. Det blei med folkeskulen, som skikken var. Men Johannes voks opp med ein levande munnleg forteljetradisjon og replikkkunst. Tidleg fann han vegen til boksamlinga, han las alt han kom over og blei tidleg vill etter å skriva. Som 11-åring gav han ut eit handskrive blad, og 14 år gamal visste den stillfarande, tilbaketrekte guten kva han skulle bli: forfattar! Dei neste seks åra blei ei øvings- og læretid. Han skreiv og skreiv, lesarinnlegg, litteraturkritikk og romanmanus. 7–8 manus blei det; alle blei refuserte, men ustoppeleg følgde han ei lukkeleg formulering i det første avslaget: “De hev gneisten, så berre hald fram.” Gneisten resulterte i debutromanen Folk under fjell (1941). Sidan følgde ein straum av bøker.

Hegglands forfattarskap kan delast inn i tre fasar. I perioden 1941–62 skreiv han romanar. I fleirbandsromanane frå 1940-åra er persongalleriet stort og forteljemåten omstendeleg, ein forteljemåte som han frigjorde seg frå i Gard, Kvinnfolkgarden og Dagen før domedag; her er forteljemåten fortetta, dramatisk, stundom filmatisk. Han fekk relativt bra kritikk, men hadde problem med å nå eit større publikum. 1962–80 skreiv han hovudsakleg barne- og ungdomslitteratur. Nå blei forteljemåten enda strammare og kjappare, noko som òg fekk postiv innverknad på vaksenlitteraturen, der Gabriel og Rusdøler utgjorde dei desiderte høgdepunkt i denne perioden. Kritikken blei betre, mediemerksemda og interessa større, omsetjinga til utanlandsk starta, og han hausta ei rekkje litterære prisar.

Så skjedde noko rart i åra 1981–2006: Som eldre mann serverte Heggland toppane i forfattarskapen sin. Atter dreiv han vekselbruk, men nå låg hovudvekta på vaksenlitteraturen. Ei rekkje breie romanverk kom ut. Kvaliteten blei betre, kritikken like så, mediemerksemda meir omfattande, han fekk fleire prisar, vann seg ry som sogespelforfattar (særleg gjennom Mostraspelet), og ei rekkje romanar blei omsette og hausta suksess i Tyskland. Høgdepunkta i denne fasen er firebandsromanen Brødet frå havet, trilogien Seglet og vinden og Karjana-tetralogien. Med serien Tusen vårar, om det ytre og indre liv i Sunnhordland gjennom dei siste tusen år, oppsummerer og vidarefører han forfattarskapen sin.

Heggland er òg ein av våre fremste forfattarar av historiske ungdomsromanar. Dei 23 bøkene hans i denne sjangeren byggjer på omfattande historiske studiar, og han fortel frå bronsealderen og fram til vår tid, med hovudvekt på tida kring Svartedauden. Seks av bøkene er dramatiserte for NRK. Ungdomsromanane hans er prega av eit rikt, malande språk, ei sakleg holdning til stoffet og ein tidshistorisk atmosfære som verkar ekte. Forfattaren legg meir vekt på å formidla historiemedvit enn fragmentariske historiekunnskapar. Tekstane handlar om alminnelege menneske og formidlar tru på fred, framsteg og samforståing.

Hegglands prosa for vaksne står i den breie episke tradisjonen frå mellomkrigstida, med namn som Duun, Falkberget og Undset. Hegglands prosa er etisk orientert, lokalt og historisk forankra. Det lokale smeltar ofte saman med det universelle, bygdelivet blir det same som menneskelivet. Det er livs- og medvitsformene, karakterane og lagnadene, ikkje autentiske lokalitetar frå Vestlandet og Sunnhordland han ønskjer å formidla. På sitt beste er tekstane hans fascinerande og innsiktsgjevande med mykje bunden varme i seg. Han brukar sunnhordlandsdialekt i rik mon, og språket er utsøkt, stilreint og fargerikt. Heggland insisterte heile tida på episk realisme og tradisjonalisme, han stod utanfor modernismen, sosialrealismen og metalitteraturen. Dei siste åra skreiv han meir med dei litterære konjunkturane. I generasjonen etter Vesaas er det knapt nokon som skriv med større innsikt i norske bygdesamfunn enn Heggland.

I motsetnad til Garborg og Duun, men til liks med Vesaas, levde Heggland heile sitt liv i heimbygda, i harmoni med bygda og sitt sosiale utgangspunkt. Bonden Heggland dreiv farsgarden frå 1940 til 1983. Han deltok i lokalpolitikken i nesten 30 år og sat som ordførar i Tysnes 1956–59 og 1968–71. Dessutan skreiv han fleire lokalhistoriske arbeid, med Tysnes – det gamle Njardarlog som det fremste. Samstundes som forfattarskapen hans gjekk inn i sin siste og beste fase, utfalda han eit krevande og allsidig kulturpolitisk arbeid i Oslo. Han sat i styret og i Det litterære råd i Den norske Forfatterforening. 1982–85 var han formann i foreininga og normaliserte tilhøvet til departementet etter ein meir rabulistisk periode. 1990 fekk han Doblougprisen, og 2005 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

Kvifor blei Johannes Heggland forfattar? Sjølv har han svara slik: “Eg ville skriva. Det var noko som krov sin rett, som ikkje var til å stogga.”

Verker

  • Fullstendig bibliografi til 1999 i Johannes Heggland 80 år, sjå nedafor

    Skjønnlitteratur (eit utval)

  • Folk under fjell, 1941
  • Guds åkerland, 1943
  • Menneskebrunnen, 1949
  • Gard, 1951
  • Kvinnfolkgarden, 1955
  • Dagen før domedag, 1961
  • Gabriel, 1969
  • Rusdøler, 1971
  • Brødet frå havet, 1981–84
  • Seglet og vinden, 1985–87
  • Karjana-tetralogien: Guds husfolk, 1989; Karjana, 1990; Lyhamar, 1991; Det stutte livet, 1992
  • Det saltlause saltet, 1999
  • Tusen vårar, romanserie: Sigrid Jonsdotter, 2001, Himmelstigen, 2002, Gud skifter andlet, 2003, Ingibjørg, 2004, Oppkoma, 2006

    Faglitteratur

  • Tysnes – det gamle Njardarlog, 2 bd., 1964–75

    Brev, manus og anna

  • Omfattande arkiv med brev, manus, konsulentfråsegner, kritikkar m.v. hos forfattaren

Kilder og litteratur

  • K. Glette: Tarv og tanke. Økonomisk-sosiale forhold og menneskelege holdningar i fem romanverk av Johannes Heggland, h.oppg. UiO, 1974
  • K. Glette: “To vestnorske bygderomanar av Johannes Heggland (Gabriel og Rusdøler)”, i NLÅ, 1975
  • O. Dysthe: “Barnebokforfattaren Johannes Heggland”, i A. Thorsen (red.): Norsk årbok for barne- og ungdomslitteratur, 1977
  • A.Grimstad: “Den lågmælte diktaren frå Tysnes”, i same
  • J. Heggland: “Om ord”, i same
  • HEH 1979
  • K. Glette: “Det kristne, det sosiale og det konservative. Linjer i Johannes Hegglands forfattarskap”, i R. N. Nettum (red.): I diktningens brennpunkt. Studier i norsk romankunst 1945–1980, 1982
  • Tysnes kulturkontor (red.): Johannes Heggland 80 år, Uggdal 1999 (programhefte med intervju, bibliografi, biografiske opplysningar m.m.)