Faktaboks

Jatgeir Torveson
Norrønt: Játgeirr Torfason
Levetidskommentar
Fødselsår er ikkje kjent; fødestaden truleg Borgarfjordområdet på Island; Død våren 1240 i København
Verke
Islandsk skald
Familie
Foreldre: Faren var truleg Torve prest; mora er ukjend.

I dei skriftlege kjeldene frå 1200-talet møter vi Jatgeir Torveson først og fremst som ein av dei mest tiltrudde mennene til Skule jarl, og sannsynlegvis oppheldt han seg i Noreg i krinsen kring Skule i store delar av sitt vaksne liv.

Jatgeir er nemnd i Skáldatal (ein islandsk katalog frå 1200-talet over skaldar som var knytte til ulike kongar og jarlar) dels som Jatgeir Torveson, dels som Jatgeir skald. I kjeldene elles går han under namnet Jatgeir skald. I Skáldatal er han førd opp som skald både under Inge Bårdsson, Håkon Håkonsson og Skule jarl, men av skaldskapen er berre ei enkel strofe overlevert i Soga om Håkon Håkonsson. Den eine overleverte strofa er ei lausavise, der Jatgeir i stereotype vendingar skryter over si eiga rolle i striden mot ribbungane medan ein av kampfellane hans lata seg hos kvinner.

Av dei skriftlege kjeldene går det ikkje klart fram kvar Jatgeir Torveson kom frå på Island, og kva ættebakgrunn han hadde. Men namnet Jatgeir er uvanleg, og namnet Torve er heller ikkje mellom dei vanlegaste. Ei islandsk slekt frå Borgarfjordområdet, som er omtala i Sturlunga saga, har både namna Torve og Jatgeir i slekta. Denne slekta går under nemninga Lundarmennene. Mange i denne slekta var prestar, fleire av dei i Lundr (no Lundur i Lundarreykjadal), og ein har gissa på at faren Torve er den Torve prest, son til Torvard prest i Lundr og Oddny Torvesdotter, som er nemnd i Sturlunga saga. Jatgeir skald sjølv er også nemnd ein stad i Sturlunga saga. Der er det fortalt at han kom til Island på eit skip som kom til Hvitå i Borgarfjorden. Den opplysninga kan også peike mot at Jatgeir Torveson kom frå dette området på Island.

Vi ser av Soga om Håkon Håkonsson at Jatgeir var hjå Skule jarl og kjempa på hans side mot ribbungane 1222. Sturlunga saga fortel at Jatgeir kom til Island 1224. Når Jatgeir reiste tilbake til Noreg, er uvisst, men Soga om Håkon Håkonsson fortel at i 1236, då forholdet mellom kongen og jarlen var heller grått, vart Jatgeir, saman med jarlens frende Åsulv, send til kongen som gissel. Dette fortel at Jatgeir på dette tidspunktet vart rekna som ein av dei fremste mennene i krinsen rundt Skule.

Hausten 1239, då forholdet mellom kongen og jarlen var svært spent, er Jatgeir nemnd som ein av jarlens utsendingar til eit forliksmøte med kongen. Seinare på hausten, då Skule gav seg sjølv kongsnamn, sende jarlen Jatgeir til Jemtland og Sverige med viktige brev. Kong Håkon sende frenden sin Gunnar etter han, og i Helsingaland klarte han å få tak i breva og dyrverdige ting som Jatgeir hadde med seg til jarlen sine folk, men Jatgeir sjølv kom seg så vidt unna. Våren 1240 vart han drepen i København av nordmannen Bjarne Moisesson, som var send etter han av kong Håkon Håkonsson.

Jatgeir Torveson er den historiske modellen for Jatgejr skald i Kongsemnerne av Ibsen.

Kilder og litteratur

  • Soga om Håkon Håkonsson
  • Sturlunga saga
  • Finnur Jónsson (red.): Den norsk-islandske skjaldedigtning,København 1912–15