Faktaboks

Jarand Åsmundsson Rønjom
Levetidskommentar
Fødd 1750 (nøyaktig fødselsdato er ikkje kjend) i Åmotsdal i Seljord, Telemark; Død 1822 (nøyaktig dødsdato er ikkje kjend) i Seljord
Verke
Byggmeister og kunsthandverkar
Familie
Foreldre: Åsmund Jarandsson Bosbøen og Kristi Knutsdotter (Torvetjønn?). Gift 1779 med Gunhild Jonsdotter Trae (1752–1823).

Jarand Åsmundson Rønjom var ein særprega byggmeister og ein allsidig kunsthandverkar som dreiv som klokkemakar, treskjærar, sølvsmed og rosemålar i Vest-Telemark.

Jarand blei fødd på garden Rue i Åmotsdal og blei først skriven med namnet Rue. 1784 kjøpte han Kultan i Skorigrendi og flytte dit. Han budde på Kultan i om lag 25 år og bygde både stove og stasleg loft på garden. På denne tid hadde han byggjearbeid for andre både i og utanom bygda. Han laga seg eige rom til sølvarbeid, klokkemakeri og rosemåling. Ein kan undrast over at han rakk så mykje og meistra så mange ulike arbeidsteknikkar. Han hadde mange gode hjelparar og var sikkert ein god planleggjar og administrator. Han laga også all reiskapen sin sjølv, og alt var ekstra fint og godt forma. Han var god eggsmed og ein meister til å halde verktyet kvast.

I sin beskrivelse av Seljord skrev teologen og topografen H. J. Wille: “Jarand Osmundson Rui udmerker sig i det Mekaniske, da han uden ringeste Undervisning, kun ved Synet af et andet Stueuhr, har forferdiget 17 paa en Tid af 10 Aar, der alle holde Prøve med de beste Engelske. Han forferdiger desuden smukke Beslag, Skydegeværer og Pistoler, og paserer derfor med rette for den største Kunstner i Øvre Tellemarken.” Dette er mykje sagt av ein som ellers var svært så kritisk til alt handverk i fjellbygda.

Som klokkemakar sto Jarand Rønjom heilt i særklasse. Han laga om lag 30 stoveklokker, og dei fleste går fullgodt den dag i dag. Det heitest at han som unggut fekk lov å sjå nøye på ei stoveklokke som då sto på garden Skeie i Flatdal. Det var eit London-ur med Knipling-stempel. Klokka hadde stasleg kasse, talskive av metall og visa sekundar, minuttar, timar og dato. Jarand såg nøye på klokka og laga seg så former av tre som han støpte metalldelane i. Om han først laga heile urverket i tre og fekk det til å gå, er noko uvisst. Klokka som var modell for Jarand, står no på garden Ytre Nes i Seljord. Den visar rett tid i dag som for 200 år sidan og ber med rette namnet “Mor til alle klokkun”.

Ved sida av dei mange stover og stabbur bygde Jarand tre kyrkjer: Åmotsdal kyrkje, Vinje kyrkje og kyrkja på Rauland. Alle kyrkjebygga har krossform, og sannsoga vil ha det til at han hadde Skien kyrkje som mønster. Den sto ferdig 1783 og er bygd i stein, men det å tømre eit så stort bygg i den stilen var ei dristig oppgåve, som kravde både innsikt og teknisk kunnskap. Jarand var ikkje berre den gode handverkaren, han var arkitekt og planleggjar også.

Til desse storarbeida hadde Jarand med seg m.a. sambygdingen Olav Torjusson, Olav Folkvarson frå Seljordshei og Knut Eilevstjønn frå Øyfjell. Det går mange soger om kor hoggsikre og handstøe desse karane var. Då Jarand skulle setja opp altaret og altartavla i Åmotsdal kyrkje, hadde han små og store delar liggjande utover på kyrkjegolvet. Folkvarson undrast om han ville greie å finne att dei rette delane. “Å, mål og merke skal vel treffast,” svara Jarand.

Jarand var ikkje berre god tømmermann, men han var også framifrå smed. Han laga både beslag og låsar til dei mange stasbygga han sette opp, dertil laga han interiør, var dyktig treskjerar og kunne jamvel rosemåle. Som sølvsmed var han kjent vide om, og arbeida hans står rett høgt i kurs den dag i dag.

1810 kjøpte Jarand garden Søndre Rønjom i Åmotsdal og flytte dit. Då skjøtet blei utferda, skreiv Jarand under med påhalden penn. Det tykkjest rart at han, som forma førebokstavane sine så fint i tre, metall og med pensel, ikkje var fullt skrivekunnig. Frå no av blei han skriven for Jarand Rønjom, og under det namnet er han best kjent. Då han døyde 1822, blei han gravlagd på kyrkjegarden ved Åmotsdal kyrkje, som han sjølv hadde planlagt og bygd.

Verker

  • Loft på Kleivi, Flatdal, 1784
  • Åmotsdal kyrkje, Seljord, 1792
  • Vinje kyrkje, 1798
  • stove og loft på Kultan, Seljord, 1799
  • Rauland kyrkje, 1803

Kilder og litteratur

  • H. J. Wille: Beskrivelse over Sillejords Præstegield i Øvre-Tellemarken i Norge, tilligemed et geographisk Chart over samme, København 1786 (faksimileutg. 1956)
  • S. Aamold og H. O. Waaraas: biografi i NKL, bd. 3, 1986