Faktaboks

Jan Erik Vold
Fødd
18. oktober 1939, Oslo
Verke
Poet, essayist, omsetjar og redaktør
Familie
Foreldre: Utanriksredaktør Ragnar Vold (1906–67) og sjukepleiar Sigrid Marie Johanna Wilhelmsen (1913–92). Gift 1975 med biletkunstnar og kunsthandverkar Sidsel Paaske (18.7.1937–15.9.1980); frå 1978 sambuar med lingvist og sinolog Christina Hellman (22.8.1944), dotter til David Harry Alexis Hellman (1919–) og Lisa Adina Wallin (1917–). Brordotters soneson til Anders Askevold (1834–1900); firmenning til Helge Hagerup (1933–) og Klaus Hagerup (1946–).
Jan Erik Vold
Jan Erik Vold
Av /NTB Scanpix ※.

Jan Erik Vold har nådd lenger ut til eit breitt publikum enn nokon annan poet i sin generasjon. Han blir gjerne omtalt som ein typisk representant for den såkalla Profil-generasjonen frå siste halvdel av 1960-åra. Men om han lenge har hatt sine kollegers høgaste respekt, har dei likevel aldri rekna han som “typisk” eller som “representant”. Mellom norske skribentar har han vore ei unik røyst i tida, ein stor og vital poet, aktuell og kvardagsnær, men gåtefull og uoversiktleg.

Vold voks opp i ein avisredaktørheim i Oslo, og tok ein framifrå examen artium på reallinja ved Fagerborg gymnas 1958. Sommaren 1956 og hausten 1958 arbeidde han på norske skip i utanriksfart og vitja m.a. Chicago og New York. Han utvikla ei interesse for dagens amerikanske og svenske jazz og poesi. Alt på slutten av 1950-åra skreiv han avisartiklar om desse emna. 1962–63, mellom grunnfag i engelsk og mellomfag i norsk ved Universitetet i Oslo, var han eitt år stipendiat ved Santa Barbara-universitetet i California. Her vart han kjend med diktinga til William Carlos Wiliams og Samuel Beckett. Han var stipendiat ved Uppsala universitet januar–august 1965.

Hans første år som offentleg publisist var prega av trongen til å presentere og formidle kunstnarar han opplevde som eineståande og nyskapande. Då Kulturutvalet i Det Norske Studentersamfund i Oslo feira Johan Borgen (1962) og Tarjei Vesaas (1964) med eigne festkveldar og utgjeving av bøker om dei respektive forfattarskapane, var Vold ein sentral medarrangør, medredaktør og bidragsytar. Sidan har han utvida denne rolla som engasjert redaktør og formidlar i redaksjonen av det unglitterære tidsskriftet Profil (1966–68), i redaksjonen for bokrekkja PaxLyrikk (1968–73), i Gyldendals litterære tidsskrift Vinduet (1970–74) og i Cappelens litteraturtidsskrift BASAR (1975–81). Han har medverka til utgjevning av festskrift for Dag Solstad (1971), Ernst Orvil (1978), Georg Johannesen (1981), Olav Angell (2002) og Kjell Heggelund (2002).

Vold gav ut si første artikkelsamling, Entusiastiske essays, 1976 og har sidan publisert ei rekkje bøker med litterære essays, artiklar o.l. Vidare har han redigert og presentert større bokverk med heile forfattarskapar, helst lyriske: Ernst Orvil (1990–93, 1996–97), Sverre Udnæs (1988–89), Gunvor Hofmo (1996–97, 2000), Sigurd Bodvar (1983 og 1993), Gunnar Larsen (2000), Cornelis Vreeswijk (1988–90, 2000) og Kate Næss (1989, 1998, 2004). Forfattarpresentasjonane hans merkjer seg ut med grundige bio- og bibliografiske oversyn og referansar, av nylesingar som på ein gong er entusiastiske og kritiske, og av ei oppvurdering av den omtalte i litteraturhistorisk eller aktuell brukssamanheng.

1978 busette Vold seg i Stockholm, og han har vore aktiv også der. Han var bokmeldar i Expressen 1983–86, laga ein lang serie radioprogram om lyrikk for Sveriges Radio i 1990-åra og har medverka i fleire svenske bokutgjevingar.

Gjennom mange år har han omsett bøker av utanlandske forfattarar han meiner fortener større merksemd, m.a. Samuel Beckett (1965, 1967, 1981), Peter Bichsel (1968, 1970, 1993–94), William Carlos Williams (1969), Robert Creeley (1972), Bob Dylan (1972 og 1977), Frank O'Hara (1983), Tomas Tranströmer (1996, 2003), Wallace Stevens (2003) og Richard Brautigan (2004).

Vold fortel sjølv at han byrja skrive dikt først ikring 21-årsalderen. Han debuterte som lyrikar 1965 med samlinga mellom speil og speil. Gjennombrotet som folkekjær lyrikar kom 1968 med samlinga Mor Godhjertas glade versjon. Ja. Kvar ny diktbok har signalisert eit skifte i tone, tematikk eller form. Likevel slektar alle på kvarandre og gir samanlagt eit inntrykk av ein eksistensialist som utforskar sin eigen subjektivitet og sin ståstad i det moderne og som har valt å skape meining med ein poetisk praksis der ei buddhistisk aksepterande ro er balansert med sosial indignasjon og ansvarleg handling. Meditative kortdikt og refleksjonar og lange, streifande snakkedikt kan veksle med innlånte replikkar og språk- eller systemstyrte spel eller med politisk bistre og rå spottedikt, utan at noko kjennest som å kome frå fleire personar. Når ein veit at Vold i studietida hadde planar om å skrive ei avhandling om «spiralbevegelsen hos Beckett», ut fra si interesse for matematikk, finn ein det rimeleg at hans overordna samanbindande symbol frå bok til bok er abstrakte figurar og tal, som t.d. sirkelen og kvadratet, firetalet, åttetalet og (meir fordekt) ellevetalet. Hans draging mot samanheng og einskap kjem også fram i den medvitne vekt han legg på bokutstyr o.l. i bøkene sine.

Volds store prosjekt har vore å gripe samtida ut frå eigne kjensler, eigen forstand og eigen eksistens, dinest å restituere respekten for poesien som levande tradisjon, livskjensle og livskunst. Det siste har ført med seg ei orientering ein like gjerne kan kalle klassisistisk som modernistisk: for måtehald, besinning, historisk innsikt og daning, mot sjølvekspansjon, vandalisme, grådighet og ansvarsløyse. Hans store energi og hans uthaldande lojalitet mot emna i sine verk skil han frå andre som har arbeidd med same utgangspunkt. Påfallande er hans mangeårige innsats for å skape blest om andre poetar og deira verk, ofte svært ulike hans eigne. Meir enn mange andre skribentar har han integrert kjensle og forstand, intuisjon og kunnskap, talt og skrive språk – pluss alle sine ulike verksemder – i sitt vesen og sitt uttrykk, slik at omsetjaren, redaktøren, popularisatoren, opplesaren, essayisten og privatmannen til kvar tid er sider ved poeten Jan Erik Vold.

Som samfunnsaktør har han heile sitt vaksne liv vore ein fleirsidig og ekstremt uthaldande og arbeidsglad frilansar som sjølv har valt sine arbeidsoppgåver. Jamvel om han støtt har synt seg som ein uvanleg inspirerande og innsatsvillig samarbeidspartnar i praktisk teamarbeid, har han ikkje markert seg som tillitsvald i skribentorganisasjonar eller politiske parti. Hans plattform har vore det personleg utforma skriftstykke i tidsskrift, aviser og bøker. Dette har han supplert med tallause munnlege framføringar av eigne og andres tekster i etermedia og på bibliotek, skular, klubbar og festivalar kringom i landet, åleine eller saman med jazzmusikarar. Vold har integrert si jazzglede i sitt poetiske univers gjennom mangeårig samarbeid med Jan Garbareks (1969–78) og Egil Kapstads grupper (1983–), noko som forutan konsertar og turnear har resultert i ei lang rekkje plateinnspelingar.

Jamvel om Vold har blitt rekna som ein modernistisk pioner og stundom sær eller vanskeleg – rimelegvis fordi han tidleg absorberte og praktiserte si tids nyaste skrivemåtar – har både hans framføringar og hans eiga interesse for folkelege kunstarter som jazz og blues, viser og populærmusikk gjort hans poesi vidkjend og folkekjær. I si samtid er hans “sound” eit litterært landemerke, endåtil mellom folk som ikkje les lyrikk. Hans rytmiske og transeaktige framføringsstil er så sermerkt at den ofte er blitt karikert og parodiert. Også i sin skriftlege retorikk er Vold ein vokalist. Ein del av hans leikne eller språkleg enkle dikt er stundom blitt kopiert, men utan at han dermed har fått nokon etterliknarar. Kombinasjonen original poetisk vokalist med store kunnskapar og moralsk alvor er han åleine om.

Like entusiastisk og utfordrande som den offentlege publisisten Vold kan vere, like sky og tilbaketrekt har han vore i sitt sivile liv. Han har unngått både offentlege posisjonar og merksemd kring sitt privatliv. Når han har vore framme i media, har det vore for å skape merksemd kring ei bok, ein forfattarskap, ei sak, som t.d. rivinga av Bislett Stadion i Oslo. Sivilt er han ein nøktern familiemann som likar å symje og å gå på ski i lag med venner.

Jan Erik Vold har blitt heidra med mange prisar, m.a. Tarjei Vesaas' debutantpris 1966, Dagbladets lyrikkpris 1970, Aschehougprisen 1981, Norsk kulturråds oversetjarpris 1981, Brageprisen 1993, Brages heiderspris 1997 og Gyldendalprisen 2000. 1991 blei han utnemnd til statsstipendiat, og 2000 kreerte Universitetet i Oslo han til æresdoktor i litteraturformidling.

Verker

    Diktsamlingar

  • mellom speil og speil, 1965
  • blikket, 1966
  • HEKT, 1966
  • fra rom til rom SAD & CRAZY, 1967
  • Mor Godhjertas glade versjon. Ja, 1968
  • kykelipi, 1969
  • spor, snø, 1970
  • Bok 8: LIV, 1973
  • BusteR brenneR, 1976
  • S, 1978
  • sirkel, sirkel, 1979
  • Sorgen. Sangen. Veien, 1987
  • En som het Abel Ek, 1988
  • Elg, 1989
  • IKKE, 1993
  • En sirkel is, 1994
  • Kalenderdikt, 1995
  • Tolv meditasjoner, 2002
  • Diktet minner om verden, 2003
  • Drømmemakeren sa, 2004

    Essays, artiklar, monografiar

  • Entusiastiske essays, 1976
  • Det norske syndromet, 1980
  • Her. Her i denne verden, 1984
  • Poetisk praksis, 1990
  • Under Hauges ord, 1994
  • Etterblikk. Ernst Orvil, poet, 1995
  • STORYTELLERS, 1998
  • Tydelig. 33, 1999
  • Mørkets sangerske. En bok om Gunvor Hofmo, 2000
  • P x 3 Prøysen/Stevens/Tranströmer, 2003

    Gjendiktingar

  • William Carlos Williams: LOVE, 1969
  • Robert Creeley: Alt er vann/om du ser lenge nok, 1972
  • Bob Dylan: Damer i regn, 1977
  • Frank O'Hara: Solen ute på Fire Island & andre dikt, 1983
  • Beckett/Rimbaud/Apollinaire/Éluard: Becketts ring, 1987
  • Tomas Tranströmer: Samlede dikt, 1996
  • Wallace Stevens: Mannen med blå gitar, 2003
  • Richard Brautigan: Å føre krig mot den gjengse maratonprosa, 2004

    Plateinnspelingar

  • Briskeby Blues (med Jan Garbarek), 1969
  • HAV (med Jan Garbarek), 1971
  • ingentings bjeller (med Jan Garbarek), 1977
  • Stein. Regn. Bob Dylan-tekster (med Kåre Virud), 1981
  • Den dagen Lady døde. Frank O'Hara-tekster (med Egil Kapstad og Red Mitchell), 1986
  • Blåmann! Blåmann! (med Chet Baker og Egil Kapstad), 1988
  • Sannheten om trikken er at den brenner (med Egil Kapstad), 1990
  • Pytt Pytt Blues (med Egil Kapstad), 1992
  • Obstfelder LIVE på Rebekka West (med Egil Kapstad), 1994
  • Her er huset som Per bygde (med Egil Kapstad), 1996
  • STORYTELLERS (dikt av div. forf., med Egil Kapstad), 1998

Kilder og litteratur

  • J. F. Grøgaard: Jan Erik Vold 50, 1989
  • O. Karlsen (red): Jan Erik Vold og Jan Erik Vold (med eit systematisk register over alt Vold har publisert om ulike litterære emne), 2000
  • NORskrift nr. 101, 2000
  • J. E. Vold: Uten manus (intervju med forfattaren), 2001