Faktaboks

Ivar Gunnarsson Øvstrud
Fødd
1711, Rollag, Buskerud
Død
1. desember 1775, Rollag
Verke
Treskjerar, snikkar og dekorasjonsmålar
Familie
Foreldre: Bonde Gunnar Ivarsson Øvstrud (1652–1752) og Anne Jonsdotter. Gift 1750 med Anne Johannesdotter.

Ivar (el. Iver) Øvstrud er ein av dei fremste og mest allsidige bygdekunstnarar vårt land har fostra.

Dei tidlegaste verka frå Øvstrud si hand er daterte seint i 1730-åra, men frå 1740 og utover finn ein mykje som han har laga. Det særmerkte ved han var at han gjorde alt sjølv, frå snekring og montering til dekorering. Han var nemleg ein eminent snikkar som beherska snikkarfaget på ein studert og sterkt personleg måte. Han kunne sinke saman delane i eit skåp så godt som nokon bysnikkar, han dreia og lagga så godt som nokon profesjonell handverkar i tida. Det spesielle ved handverket hans var likevel det personlege preget han sette på detaljane. Han var so fri at han kunne bryte med hevdvunne prinsipp for å få fram spesielle effektar i form eller dekor. På den måten smeltar konstruksjon, form og dekor saman i eit heile som er lett kjenneleg, og som skil denne kunstnaren frå alle andre i samtida.

I dag kjenner vi 150 gjenstandar som er gjort av Ivar Øvstrud, det meste til profant bruk. Men han fekk ganske tidleg oppdrag i dei to stavkyrkjene i heimbygda, ja han vart til og med henta til Svene for å pynte på altertavla i den nye kyrkja der. Øvstrud er barokkunstnar, men det er mogleg å finne spor i hans tidlege gjenstandar som peikar bakover mot seinrenessansen. Kjem vi utover mot 1760-åra, ser ein at han gir gjenstandane sine meir rokokkopreg.

Rokokkoen fekk forbausande raskt rotfeste i Numedal; det ser vi både i kyrkjekunsten og i rosemålinga. Dei fleste ser på Ivar Øvstrud som treskjerar, men han nytta òg andre uttrykk på ein meisterleg måte. Sviteknikken hans vart klassisk og truleg eit føredøme for seinare numedalskunstnarar. Men han var rosemålar òg, sjølv om det ikkje er mykje å finne av denslags etter han. Av sikre rosemåla arbeid etter han finst to tutekanner med tulipanar og roser påmåla, ved sida av bladornament i barokkstil. Dessutan ser vi at han bruka eit enkelt fuglemotiv som dekor.

I tillegg til rein måla dekor fargela Øvstrud treskurden sin òg. Det forsterka uttrykket, i det han bruka sterke fargar. I dei større arbeida sine bruka han akantusranker, men også på mindre ting som mangletre, bogtre o.l. Dei kan ha litt ulik utforming på den måten at rankene får både høgt og lågt relieff. Ender og gong forgylte han rankene også.

Figurframstillingane til Øvstrud er karakteristiske og har frodige uttrykk. Han henta motiver frå Det gamle testamentet og Johannes' openberring. Dyret med dei 7 hovud er vanleg, men òg dei fire evangelistane. I det heile er dei bibelske motiva framtredande i kunsten hans. Av dei sentrale bibelske motiva er det nokre som går att, som Dyret, nattverdsscener, Abraham sitt brennoffer og Elias sin himmelfart. Ved sida av desse motiva brukar Øvstrud løvemotivet, det mest populære motivet i numedalskunsten på 1700-talet ved sida av tulipanen. Karakteristisk for Øvstrud sine løver er at dei som regel har ei kongekrone på hovudet og at dei oftast har ein hellebard ved seg. Det er uråd å seia om alle desse figurane og motiva skal formidle noko kvar gong, eller om han ynda å bruke dei for dekorasjonens skuld.

Kvar Ivar Øvstrud fekk kunnskapen om barokkens stilideal, er sjølvsagt uråd å vita, men dei bygde Kongsberg kyrkje på denne tida; der var samla mange kunstnarar med laugsbakgrunn, og ein kan ikkje utelukke at Øvstrud under byferder var innom for å sjå og lære. Om han ikkje fekk noko gravmonument ved Veggli kyrkje da han døydde 1775, så har han to arbeider etter seg i kyrkjehuset som minner om han. Brudebenken og kollekttavla følgde med over i det nye kyrkjehuset da den gamle stavkyrkja vart teke ned, og dei er enno å sjå der. Kollekttavla laga Øvstrud 1744; blant dei utskorne motiva står denne helsinga: “Dene tavle haver Jeg Iver Guner søn giort og givet til Veglige kirke.”

Kilder og litteratur

  • T. Gjerdi: “Iver Gundersen Øvstrud”, i Kunsthåndverk nr. 7–8/1982, s. 41–43
  • N. Ellingsgard og S. Aamold: biografi i NKL, bd. 4, 1986
  • K. Hoff: Rollag bygdebok, bd. 1–2, 1988
  • G. C. Ljøterud Andersen: Folkekunsten i Numedal, 1995
  • E. Tråen: Rollag bygdebok, bd. 5, Rollag 1997