Faktaboks

Ingeborg Hoff
Fødd
15. november 1911, Brandbu (no Gran), Oppland
Død
8. april 1993, Oslo
Verke
Filolog
Familie
Foreldre: Distriktslækjar Hans Christian Hoff (1876–1951) og Karen Dorothea Larssen (1882–1949). Ugift.

Ingeborg Hoff arbeidde med målvitskap heile livet og gav ut fleire viktige studiar over austnorske målføre. Ho var leiar for Norsk målførearkiv 1972–81.

Hoff voks opp på Hadeland og i Skiptvet i Østfold, dit familien flytte 1925. Oppvoksteren i austnorske bygder og kjennskap til dialektane der må ha vore viktig for yrkesvalet og karrieren hennar. Etter middelskulen gjekk ho på Frogner skule i Oslo, der ho tok examen artium på latinlina 1929. Deretter studerte ho filologi, og med latin og tysk som sidefag og morsmål som hovudfag vart ho cand.philol. 1937. Ho skreiv hovudoppgåve om Vokalismen i Skjetvemålet (Skjetve er bygdemålsforma av Skiptvet). Emnet sokna beint under professor Sigurd Kolsrud, som var spesialist på austlandsmål. Han fekk mykje å seia for fag- og målsynet hennar.

Etter embetseksamen arbeidde Ingeborg Hoff vidare med det same stoffet, frå 1940 som universitetsstipendiat. Den store avhandlinga Skjetvemålet vart lagd fram i januar 1941. Men det var krigstid, og i oktober same året vart ho arrestert for illegal verksemd og sat på Grini i 9 månader. Ho miste universitetsstipendet sitt, men fekk det att etter krigen. 1942 var ho i Numedal for å granske bygdemåla der. Resultatet vart to grundige arbeid; det største var Numedalsmålet (1949).

1948 disputerte Ingeborg Hoff for doktorgraden på avhandlinga om Skjetvemålet. Fyrsteopponenten D. A. Seip roste avhandlinga som vitskapsverk, men gjekk hardt imot synet på det gamle vikværmålet som kom fram der. Seip hadde i lang tid prøvt å syne at søraustnorsk greina seg av frå austnordisk, men her kom ein doktorkandidat og hevda at målet i Vika måtte ha hatt vestnordiske drag der Seip hadde funne austnordisk. Det var språkpolitisk sprengstoff i dette: Om Seip fekk gjennomslag for sine tankar, ville det gje bokmål eit historisk alibi, som kunne brukast mot nynorsk i språkstriden. Seip gjekk til harde åtak, og Ingeborg Hoff beit kvast imot. Det vart ein disputas med høg puls og mykje adrenalin. Ho hadde skrive avhandlinga på radikalt bokmål, men gjekk over til nynorsk og hadde det som norsk vitskapsmål seinare.

Ingeborg Hoff meinte det var rett for nynorsk å halde betre på Aasens norm enn det den offisielle rettskrivinga gjorde ved rettskrivingsvedtaket 1938 og i framhaldet av den same politikken etter krigen. 1949 var ho einaste kvinne i eit offentleg utval på sju som skulle laga framlegg om ei fast språknemnd. Ho leverte ein kvass kritikk av føremålsparagrafen som fleirtalet ville ha. Den same språkpolitiske lina stod ho for sidan, og dei som hevda vestmannasynet på nynorsk, såg henne som ei stor og vis austnorsk målkvinne.

Frå 1948 var Hoff fyrstearkivar ved Norsk målførearkiv, og 1970 fekk ho eit personleg dosentur i dialektologi. Ho styrte arkivet frå 1972, stod for innsamling av tilfang frå målføra og arbeidde med Norsk dialektatlas (som rett nok ikkje vart fullført). Ved sida dreiv ho sjølvstendig vitskapleg produksjon. Ei tjukk og tung bok av avhandlingane hennar kom til 70-årsdagen 1981. Tittelen Opphav og samband syner samanhengen i livsverket, frå målet og kulturen i opphav og fortid til sambandet mellom norske målføre som underlag for nynorsk.

Ingeborg Hoff var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1949. Ho sette granskingstradisjonen høgt, men var open for nye tankar og interessert i språkvitskapleg teori. Fagfellar i Norden og ute i Europa kjende henne godt, og ho ruver i norsk målgransking.

Verker

  • Ein omfattande bibliografi finst i O. Beito m.fl.: Opphav og samband (sjå nedanfor, avsnittet Kjelder), 1981, s. 387–393

    Eit utval

  • Vokalismen i Skjetvemålet, h.oppg. UiO, 1937
  • Skjetvemålet. Utsyn over lydvoksteren i målet i Skiptvet i Østfold i jamføring med andre østfoldske mål, dr.avh., DNVA Skr. II 1946 nr. 1, 1947
  • Numedalsmålet. Stutt umrit av ljod- og formlære, DNVA Skr. II 1949 nr. 3, 1949
  • Norwegische Mundartforschung, i Germanische Dialektologi. Festschrift für Walter Mitzka zum 80. Geburtstag,Wiesbaden 1968, s. 398–458

Kilder og litteratur

  • Stud. 1929, 1954
  • O. T. Beito, A. Dalen og H. Magerøy (red.): Opphav og samband. Utgreiingar om norske målføre. Heidersskrift til Ingeborg Hoff på 70-årsdagen 15. november 1981, Skrifter frå Norsk målførearkiv 36, 1981
  • K. Venås: “Nordist og kvinne. Om tre norske kvinner og nordisk språkvitskap”, i B.-L. Gunnarsson og C. Liberg (utg.): Språk, språkbruk och kön, Uppsala 1992, s. 367–376
  • d.s.: “Ingeborg Hoff. Minnetale i Det Norske Videnskaps-Akademi”, i DNVA Årbok 1993
  • A. Dalen: “Ingeborg Hoff 1911–1993”, i Norsk lingvistisk tidsskrift 1993, s. 185–189