Faktaboks

I.P. Huse
Elias Ingebrigt Paulsson Huse
Fødd
3. august 1880, Sandøy, Møre og Romsdal
Død
12. august 1947, Sandøy
Verke
Industrigründer og oppfinnar
Familie
Foreldre: Fiskar og gardbrukar Paul I. Huse (1854–1939) og Ingeborg Anna Tangen (1860–88). Gift med Jenny Vestre (13.6.1885–13.9.1949), dotter til bonde og fiskar Hans Olaus Vestre (1837–1924) og Ingeborg Helland (1844–1921).

Ingebrigt P. Huse var ein typisk gründer frå kystbygdene på Sunnmøre. Han starta ei mengde foretak, mellom anna tønnefabrikk, sildoljefabrikk og mekanisk verkstad, og han konstruerte praktiske og effektive innretningar til ymse føremål. Lengst dreiv han det likevel med bedrifta Hydraulik.

Huse tok til som fiskar i ungdomen, men hadde uroa i seg i retning av å utvikle og forbetre. Han skaffa seg ein motor frå Danmark like etter 1900 og fekk den mekaniske tusenkunstnaren Nils K. Finnøy frå Finnøya til å montere motoren i båten sin. Saman med far sin, Paul I. Huse, som var ordførar i Sandøy, kjøpte han handelsstaden til Rønneberg-firmaet på Steinshamn. Der vart det etablert fiskemottak og fiskehandel, som utvikla seg til å bli blant dei største i distriktet. Han starta tønnefabrikk og dreiv med sildesalting.

Men utover i 1920-åra vart det dårlege tider, og fiskehandelen var på grensa til konkurs. Då hadde Huse nye prosjekt på gang. Han grunnla torvfabrikk med basis i torv frå myrane på Harøya. Det spennande for Huse var nok ikkje kva han kunne tene på å utvinne torva, men korleis han kunne gjere det mest effektivt.

1927 starta I. P. Huse sildoljefabrikk i nokre gamle sjøbuer på Steinshamn. Også i denne verksemda var det maskinene i fabrikken som interesserte han. Korleis kunne dei bli betre? 1930 grunnla han også ein mekanisk verkstad, og der utvikla og produserte han maskinutstyr til sildeoljefabrikkar.

Snart gav han seg i kast med å konstruere heile fabrikkar. Han hadde den fordelen at han kunne teste ut løysingane i eigen fabrikk, og bedrifta I. P. Huse vart etter kvart leverandør av komplette maskineri for sildolje- og sildemjølfabrikkar. Han greidde alltid å ligge i forkant teknologisk, slik at han hadde fordelar konkurrentane ikkje kunne by på. I. P. Huse på Steinshamn vart etter kvart leverandør til dei fleste av dei 20 fabrikkane som laga sildemjøl, fiskemjøl eller sildolje i Trøndelag og i Møre og Romsdal, og snart fekk bedrifta også mange kundar i resten av landet.

Sjølv om han tente pengar på konstruksjon av maskineri til sildoljefabrikkar, var ikkje pengar drivkrafta i han. Det var trongen til å utvikle og forbetre, dei praktiske løysingane, som dreiv han framover. Han tykte sildelossinga var for lite rasjonell og konstruerte Huse lossegrabb, ein skiljegrabb som revolusjonerte sildelossinga. Framfor teiknebrettet, der Huse likte seg aller best, konstruerte han også ei sildepresse, ei patentert sildemjøltørke og mykje anna.

Den seinare fiskeriministeren i Lyng-regjeringa og direktøren ved Stord verft, Onar Onarheim, vart tilsett hos I. P. Huse på Steinshamn like etter at han var ferdig utdanna ingeniør 1936, og i memoarboka Min tørn har han fortalt om opphaldet der. Han kallar Huse for eit teknisk geni, og eldste sonen, Paul, meinte Onarheim var eit minst like stort teknisk geni.

Onarheim fortel at han og Huse reiste til Brattvåg like før jul 1937 for å sjå på ein hydraulisk vinsj som Einar Røsok hadde konstruert. Røsok dreiv ein liten verkstad i Brattvåg, Årsund Slip. Både Onarheim og Huse vart svært imponerte over denne vinsjen. Røsok hadde prøvd å reise kapital til å starte produksjon, men hadde ikkje greidd det. Men han hadde tillit til at Huse kunne greie det, og det gjorde han. Huse hadde pengar, og han hadde teknisk innsikt til å sjå at det her var eit gullegg dei hadde mellom hendene. Overskotet frå sal av maskiner til sildoljefabrikkane vart 1941 sett inn i eit nytt selskap, A/S Hydraulik i Brattvåg, og gradvis vart eit industrieventyr skapt.

I. P. Huse var største aksjonær og vart den første styreformannen, men han var då over 60 år og merkt av hardkøyret. Han var med og fekk Hydraulik skikkeleg i gang, men etter krigen var det sønene Paul Huse og Hans Vestre Huse som dreiv verket vidare saman med Einar Røsok.

Kombinasjonen av Einar Røsok si geniale oppfinning og Huse sin vilje til å satse på nye produkt vart eit lukketreff for Brattvåg, og i stor grad også for Steinshamn. Det var heile tida tett samarbeid mellom Hydraulik i Brattvåg og bedrifta I. P. Huse på Steinshamn. Dei produserte vinsjar begge stader, men I. P. Huse konsentrerte seg om dei største vinsjtypane. Dei hydrauliske vinsjane frå Hydraulik vart raskt verdsleiande. 1969 vart Hydraulik A/S kåra til årets bedrift i Norge. 1992 vart bedrifta oppkjøpt av Ulstein-gruppa og er i dag ein del av Rolls-Royce-konsernet.

Kilder og litteratur

  • O. Onarheim: Min tørn, 1984
  • L. Hatlehol: Vinsjemakerne. AS Hydraulik Brattvaag 1941–1991, Haram 1991